– Det er utruleg trist, seier Tor Harald Nævdal.
Oldefaren hans grunnla byggefirmaet JH Nævdal Bygg AS i Bergen i 1884.
140 år og tre generasjonar seinare måtte oldebarn og styreleiar førre veke slå selskapet konkurs.
– Det er blitt vanskelegare å drive denne typen firma, seier Nævdal.
Den store bedrifta har omsett for totalt 2-300 millionar kroner årleg dei siste åra. No må rundt 84 tilsette finne seg noko nytt å gjere. Bygg.no omtala sak først.
- Det er krise i byggebransjen i heile landet, bortsett frå i Finnmark, kor det blir investert millionvis av kroner.
No slit større bedrifter
Stor gjeld og nesten like store uteståande summar hjå andre er ei av årsakene til konkursen.
– Banken sa nei til lån, og ulike løysingar gjekk heller ikkje. Då er du nøydd til å legge ned, elles kan du få andre problem, forklarar Nævdal.
Uro i verda, kraftig renteauke og prisstigning på byggevarer dei siste åra har ikkje bidrege i rett retning.
– Det er mange faktorar og kompliserte årsakssamanhengar. Eg ønsker ikkje gå inn på alt, seier Nævdal til NRK.
Store delar av byggebransjen har slite lenge. No er trenden at stadig større bedrifter må legge ned drifta.
– Det gjer konkursane meir alvorlege, seier sjeføkonom Øystein Dørum i NHO.
Han meiner vi må 35 år tilbake i tid for å sjå liknande.
– No er det ei alvorleg krise for store delar av byggenæringa, særleg dei som er retta mot bustadar og hytter.
Fleire sysselsette per konkurs
Lat oss dykke ørlite ned i statistikken.
Grafen under viser at talet på konkursar i bygg- og anleggsbransjen er nokolunde stabilt. Samstundes aukar talet på sysselsette som blir ramma av konkursar.
I tillegg viser grafen under at storleiken på omsetnaden i konkursbedriftene har auka dei siste åra.
– Tala på sysselsette som blir ramma og nivået på omsetnaden er høgare enn tidlegare. Gjennomsnittsbedrifta som no går over ende er større enn vanleg. Det betyr at konkursane er meir alvorlege, fordi det er større bedrifter og fleire tilsette som blir råka seier Dørum.
Stor pessimisme i bransjen
Pessimismen er stor i byggebransjen no, viser den siste medlemsundersøkinga til NHO.
– Det samsvarar godt med at nybyggingsaktiviteten er meir enn halvert, og har blitt verande svak eit drygt års tid, seier Dørum.
Han trekker fram tre punkt som årsaker til pessimismen:
- Prisar på naudsynt materiell som blir kjøpt frå utlandet, er mykje dyrare, grunna kostnadsauke og svak krone.
- Lønnsveksten er den høgste på cirka 15 år.
- Etterspurnaden etter bygningar har gått ned.
Åtvarar om korthuseffekt
Bustyrar for Nævdal-konkursen, Egil Horstad, stadfestar trenden.
– Eg kjenner godt att det bildet. Før var det små firma, no har vi sett ein del større konkursar, seier Horstad.
Han held no i sin tredje konkurs i eit større byggefirma på to år. I fjor haust gjekk Vestafjell konkurs, og i 2022 la Vest Norsk Bygg ned drifta.
– Det er dramatisk og skjedde ganske fort, seier bustyraren om Nævdal-konkursen.
Han peikar på at store konkursar fort kan føre til ein korthuseffekt, der underleverandørar som ikkje får pengane sine også må slå seg konkurs.
– Når litt større aktørar veltar, får det fort ringverknadar. Det er litt skummelt, seier Horstad.
På den positive sida meiner han å sjå at mengda oppdrag går litt opp for tida, sjølv om han har gitt opp håpet om å overføre verksemda til Nævdal vidare.
– Inntrykket er at det kanskje har losna litt, seier bustyrar.
Lenge sida liknande krise
Tor Harald Nævdal må tilbake til ungdomstida si for å komme på ei liknande krise i bransjen.
På 80-90-talet måtte far hans styre byggeselskapet gjennom den økonomiske krisa.
No jobbar Nævdal med å redusere negative konsekvensar av konkursen til arven etter oldefaren.
– Eg prøver å hjelpe bustyrar, kundar, tilsette og bustadprosjekt som har stoppa opp.
Han fortel at fleire firma er interesserte i å overta byggeprosjekta til konkursbuet og å tilsette fleire av dei som har mista jobben.
– På 80-90-talet var det ein heilt annan situasjon, det fanst ikkje arbeid. Vi har aldri mangla arbeid dei siste åra, det har heller vore i overkant mykje, seier Nævdal.
Kan ramme 100 leilegheiter
Ifølgje BT kan konkursen få konsekvensar for nær 100 leilegheiter, men bustyrar og Nævdal sjølv meiner talet er lågare.
Mest kritisk på kort sikt skal det vere for rundt 50 leilegheiter på Siljustøl i Bergen. Folk skulle gjerne ha flytta inn i rundt halvparten av dei før jul.
– Det er usikkert kor mykje forseinkingar det blir. Vi håper at det skal ordne seg, seier Nævdal.
Det er heilt tomt på byggeplassen når NRK oppsøker staden. To som mista jobben i konkursen er på staden for å inspisere forholda.
No er dei i prosess med å få nye jobbar. Aller helst vil dei jobbe vidare på Siljustøl-prosjektet under ein ny arbeidsgjevar.
– Det er ikkje berre berre å overta det der. Det er mange detaljar på fasaden, til dømes, seier Åge Skaflestad.
Likevel optimist
Den tidlegare formannen i JH Nævdal har vore i bedrifta i 42 år, og skulle gjerne vore der til han blei pensjonist.
Det har ikkje heilt sokke inn for han og ekskollega og tømrar Bjarne Hove at jobben er borte.
– Det er mange moglegheiter som har opna seg. Inntrykket er at det er mykje jobb å få og rom for mange faste tilsettingar, seier Hove.
Han er også optimist for framtida i byggenæringa.
– Eit år og to fram trur eg det er veldig mykje meir aktivitet i bransjen, seier Hove.
Publisert 13.11.2024, kl. 13.04