Sidan 1. januar 2023 har lakseoppdrettarar vore nøydde til å betale den svært omdiskuterte og populært kalla lakseskatten, på 25 prosent.
Skatten skal betalast på verdien fisken har når som blir dradd opp over merdkanten.
Så kor mykje enda dei ulike oppdrettsselskapa opp med å betale i grunnrenteskatt i 2023?
Det lurer stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) på. Og no har han fått svar frå finansminister Jens Stoltenberg:
Svaret er 0 for fleire av dei aller største oppdrettsselskapa. Medan fleire av dei små- og mellomstore derimot har betalt ulike summar i skatt.
Det viser skattelistene, som både inneheld kva dei har betalt i lakseskatt og selskapsskatt.
Verdas største oppdrettsselskap, Mowi, og gigantane Salmar, Lerøy og Grieg Seafood betalte altså ikkje ei einaste krone i lakseskatt dette året.
For fleire veker sidan stilte NRK nokre av selskapa spørsmål om kva dei betalte i lakseskatt i 2023, men får svar først no.
Meiner dei ikkje skal betale
Mowi stadfestar til NRK i dag at dei ikkje har betalt ei krone i lakseskatt i 2023.
Selskapet tolkar skatten slik at dei ikkje skal måtte betale skatt på fisk som stod i sjøen før lakseskatten vart innført i 2023.
Altså at dei ikkje skal betale lakseskatt på fisken dei drog over merdkanten og slakta det året.
Mowi-sjef Ivan Vindheim.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK– Difor vil Mowi, og mange andre, vere oppførte med låg eller ingen grunnrenteskatt i 2023. Dette er ein eingongseffekt for 2023, medan ein delvis i 2024, og i 2025 vil kome i ein «steady state» kor symmetrien igjen er på plass, seier kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi.
Altså meiner han at det først er frå 2025 at ein får eit realistisk bilde på kva selskapa vil betale i lakseskatt.
Mowi er i dialog med Skatteetaten, og ventar på svar om dei har rett i si tolking av skatten.
– Ikkje i tråd med intensjonen
Tidlegare i år vart nokre overraska, og andre ikkje, då inntektene frå lakseskatten enda opp å bli langt mindre enn det regjeringa hadde sett føre seg.
Regjeringa anslo at skatten skulle gi fleire milliardar kroner til statskassa. Men endeleg fasit landa i staden på 868 millionar kroner for 2023.
– Dette stadfestar det eg trudde, og er ikkje i tråd med intensjonen bak skatten. Tanken har vore at dei største selskapa skal bidra mest, seier stortingsrepresentant Pollestad til NRK.
Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp). I bakgrunnen stortingsrepresentantane Sandra Borch (Sp) og Helge André Njåstad (Frp).
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBHan hadde ei hypotese om at fleire av dei store oppdrettsselskapa i stor grad har organisert seg vekk frå skatten, medan fleire av dei små og mellomstore har betalt skatten.
Pollestad meiner det er viktig at skattestyresmaktene no kjem med ei avklaring.
Gjekk til søksmål
Mowi har kjempa mot lakseskatten sidan dag ein. Men i fjor prøvde selskapet og største eigar i selskapet, milliardæren John Fredriksen, å gå til sak mot staten.
Milliardær John Fredriksen er største aksjonær i Mowi.
Foto: Ole Berg RustenMen Hordaland tingrett avviste søksmålet, og sa at selskapet måtte ha eit konkret skattevedtak å klage på. Det er nettopp dette skattevedtaket som no er oppe til diskusjon.
Grieg Seafood har same tolking som Mowi. Men dei forklarer at årsaka til at dei ikkje betalte lakseskatt, også var fordi 2023 var eit svakt år og at dei har valt å korte ned tida fisken er i merdane – og dermed ikkje er skattepliktig.
NRK har også bedt Salmar og Lerøy om kommentarar til saka, men har så langt ikkje fått svar.
Publisert 14.05.2025, kl. 15.49 Oppdatert 14.05.2025, kl. 15.52