Fleire «kontrollerte nedbrenningar» – politiet slit med å finne brannårsaka

13 hours ago 8


– Det gjer det mykje vanskelegare for oss som skal etterforske saka når huset er brunne totalt ned. Da har vi ikkje dei fysiske spora som kan forklare hendingane, seier Håvard Haftor Arntzen. Han er leiar ved seksjonen for brann, kjemi og dokument i Kripos.

I eit brev frå Politidirektoratet til politidistrikta deler spesialeininga si bekymring:

Dette blir omtalt som «kontrollert nedbrenning» i media, står det i brevet.

Håvard Haftor Arntzen

Håvard Haftor Arntzen leier seksjon for brann, kjemi og dokument ved Avdeling for kriminalteknikk og ID i Kripos.

Foto: KRIPOS / NRK

Ønsker at brannvesenet sløkker brannar tidlegare

Så langt i år har 15 personar omkome i brann.

Dei fleste som omkjem i bustadbrannar i Noreg er risikoutsette personar. Dette gjeld særleg eldre som bur aleine, men også personar med rusutfordringar eller psykiske lidingar.

– For at vi skal ha moglegheit å finne ut kor brannen har starta og kva som er årsaka, er vi avhengige av at brannen blir sløkt så tidleg som mogleg, og så skånsamt som mogleg, seier Arntzen.

– Gjer ikkje brannvesenet ein god nok jobb?

– Eg skal ikkje kritisere brannvesenet, fordi vi har eit godt samarbeid, men vi har mange ulike brannvesen og dei har ulik kompetanse. Formålet med brevet er å bevisstgjere innsatsleiarar og brannvesen om det som skjer på brannstaden etter at brannen er sløkt.

Kripos vil ikkje oppgi kva brannar dei viser til i brevet.

– Eg kan ikkje gå inn på brannane, for det har vore over tid, men vi ser at det er kontrollert nedbrenning i alvorlege saker. Kva som er grunnen veit vi ikkje, om det er på grunn av risiko for mannskap eller andre ting, seier Arntzen. Han presiserer at ingen har omkomme på grunn av manglande sløkking.

– Kva burde brannvesenet ha gjort i dødsbrannane?

– Dei må ta omsyn til sikkerheita til folka sine, men vi ønsker at dei skal sløkke brannen tidlegast mogleg slik at vi kan finne brannårsaka.

– Ikkje større problem

Ifølge Norsk brann- og redningsforum er det ikkje slik at brannvesenet nyttar «kontrollert nedbrenning» for ofte.

Eg har ikkje oppfatta at det er eit større problem. Vi gjer vårt beste for å sløkke alle brannar, og tar omsyn til etterforskinga til politiet så godt det lèt seg gjere, seier leiar Ketil Sivertsen.

Pressebilde, portrett av Ketil Sivertsen, leder i Norsk Brann- og Redningsforum (NBRF). halvfigur i venstre billedkant, iført brannvernedrakt og holdene en hjelm under høyre arm. I bakgrunnen en diffus, grå vegg.

Ketil Sivertsen er leiar for brannpersonell tilslutta Fagforbundet.

Foto: nbrf.no

Norsk brannfaglig landsforbund meiner brevet kan oppfattast som kritikk og etterlyser informasjon om kva brannar det blir vist til.

– Det hadde vore klokt av Kripos å invitere til dialog og sørge for at vi kan lære av dette, seier leiar Anders Løberg. Men det som gjeld sporsikring er han einig i.

– Er ikkje slik at vi berre legger ned brannslangen og går

I Hustadvika kommune har det vore fleire store brannar i år. Både på Myrbostad,Eide og ein dødsbrann i mars. Brann- og redningssjef, Finn Kjetil Viken, meiner bekymringa frå Kripos ikkje er heilt rett.

En brannmann står inne på en brannstasjon. Nærbilde

Brannsjef Finn Kjetil Viken i Hustadvika fortel at flammane ofte har tatt over når dei kjem fram. – Vi har ikkje nok vatn til å slå ned brannen. Utan kommunal vassforsyning i distrikta er vi avhengige av tankbilar og avgrensa mengder vatn, seier han.

Foto: Hustadvika brann og redning

– Det er ikkje slik at vi berre legger ned brannslangen og går. Eg trur alle brannmannskap gjer sitt beste. Grunnen til kontrollerte nedbrenningar er ofte risiko for personell eller for lite ressursar.

I Hustadvika jobbar mesteparten av brannvesenet deltid, og slik er det mange stader i landet. To av tre i norsk brannvesen er deltidstilsette.

– Vi er prisgitt dei som er tilgjengelege, elles må vi få hjelp frå andre brannvesen, seier Viken.

Brannsjefen i Hustadvika meiner det er fleire grunnar til at det er vanskeleg å få kontroll på ein brann.

– Mi bekymring er at branntilløpa i det siste har skjedd så fort og vore så eksplosive. Det kan vere sein varsling til naudetatane, men det kan også vere at mykje av materiala vi har i huset i dag er meir eksplosive.

DSB: – Meiner ikkje å kritisere

Før brevet blei sendt til politidistrikta, møttest Kripos, Riksadvokatembetet, Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) for å diskutere problemstillinga.

DSB meiner ikkje å kritisere brannvesenet når dei deler bekymringa til Kripos.

Samtidig er det viktig for oss å påpeike at brann- og redningsvesenet må ta omsyn til å legge forholda til rette for etterforsking av brannårsak, så sant det er mogleg med tanke på sikkerheita, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly.

Men er det slik at de tenker at brannvesenet ikkje gjer gode vurderingar i dag?

Nei, vi har full tillit til vurderingane dei gjer. Dei rykker ut over heile landet og gjer ein formidabel sløkkeinnsats, seier Ly.

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly opplever at brannvesenet gjer så godt dei kan med dei ressursane dei har.

Foto: Pressefoto

Etterlyser meir ressursar

Norsk brann- og redningsforum oppfattar ikkje brevet frå Kripos som kritikk.

Vi ønsker jo det same og har felles mål, seier Sivertsen og peikar på regjeringas nullvisjon for drepne i brann.

– Men da treng kommunane nok midlar til å både kjøpe utstyr, tilsette og heve kompetansen på brannmannskapa. Alt kostar pengar.

Brannmann Vegard Romuld slukker en brann

Brannvernforeningen støttar Kripos sine bekymringar siden det blir vanskeleg å drive med brannførebygging om ein ikkje kjenner brannårsaka. 

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Nokre stader i landet er det svært godt samarbeid mellom politiet, El-tilsynet og brannvesenet om etterforsking, seier Løberg i Norsk brannfaglig landsforbund:

– Dette arbeidet burde vore styrkt i heile landet, også på Brann- og redningsskolen, sidan det vil auke forståinga til brann- og redningsvesenet for kva politiet treng i ei etterforsking.

Publisert 20.04.2025, kl. 08.40

Read Entire Article