Saken er produsert og finansiert av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse - les mer.
Nesten 5.500 studentar møtte opp på sjukepleiestudiet hausten 2024. Det er det høgaste talet sidan vi starta med nasjonale tal for studentoppmøte i 2008. (Illustrasjonsfoto: Maskot/Shutterstock/NTB)
Rundt 980 av haustens 5.493 nye sjukepleiestudentar er tekne opp utan karakterkrav. Utan desse ville talet på møtte studentar haustsemesteret 2024 ha vore det lågaste sidan 2010.
Nesten 5.500 studentar møtte opp på sjukepleiestudiet hausten 2024. Det er det høgaste talet sidan vi starta med nasjonale tal for studentoppmøte i 2008.
Også på lærarutdanningane er trenden med fallande oppmøtetal broten.
Det viser heilt ferske tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH), som Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) administrerer.
Fleire sjukepleiestudentar når karakterkrava er fjerna
På sjukepleie trong ein tidlegare minimum karakteren 3 i norsk og matematikk for å komme inn.
Men i 2024 blei det på åtte institusjonar opna for lokale opptak utan desse karakterkrava. Det var for studieplassar som stod ledige etter det ordinære opptaket.
– Rundt 980 av haustens 5.493 nye sjukepleiestudentar er tekne opp utan karakterkrav. Dersom desse ikkje hadde blitt tekne opp, ville talet på møtte studentar haustsemesteret 2024 ha vore det lågaste sidan 2010.
Det seier direktør Sveinung Skule i HK-dir.
– Det er stor mangel på sjukepleiarar i Noreg som i mange andre land. Mangelen vil auke i åra framover. Når fleire enn nokon gong har møtt opp til sjukepleiestudiet vil det, alt anna likt, bidra til å redusere framtidig mangel på sjukepleiarar, seier han.
Skule fortel at det gjeld òg sjølv om fråfallet skulle vise seg å bli noko høgare blant dei studentane som ikkje tilfredsstiller karakterkrava.
Over 100.000 nye studentar i haust
Totalt møtte 102.330 studentar opp til ulike gradsstudium og årsstudium hausten 2024.
– Talet på studentar som møter til studiestart, har lege stabilt dei siste ti åra. Det til tross for at stadig fleire har fått eit tilbod om studieplass. Unntaket var under pandemien. Saman med stabile og etter kvart fallande ungdomskull kan det tyde på at vi truleg ikkje kan vente ytterlegare vekst i talet på studentar ved ordinære grunnutdanningar framover, seier Skule.
Auke også på lærarutdanningane
På femårig lærarutdanning er minstekravet enten 35 skulepoeng og 3 i norsk og 4 i matematikk eller minst 40 skulepoeng og 3 i norsk og matematikk.
12 institusjonar fekk i år dispensasjon frå heile eller delar av karakter- og poengkrava. Flest var det på utdanningane som grunnskulelærar.
Totalt 716 av dei møtte studentane på lærarutdanningane blei tatt opp utan karakterkrav.
– Også på lærarutdanningane har altså fjerning av karakterkrava ført til at trenden med fallande oppmøtetal er broten. Men effekten av å fjerne karakterkrava i lærarutdanningane er ikkje sterk nok til å få dei samla søkartala tilbake til nivåa frå før pandemien, seier Sveinung Skule.
Les kortnotatet om møtte studentar på sjukepleie- og lærarutdanningane hausten 2024.
Sjå alle tala i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH).
GLU 1-7 (master i grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn):
- Total møtte 1.199 studentar på GLU 1–7.
- Av desse blei 363 tatt opp utan karakterkrav. Det utgjer 30 prosent.
- Det samla antalet møtte er totalt sett høgare enn i 2023. Då var det litt over 1.000 møtte og omtrent likt med 2022.
- Antalet møtte studentar som er tatt opp gjennom det ordinære opptaket med karakterkrav, er 836. Dersom dette hadde vore det endelege talet, ville det ha innebore ein kraftig nedgang frå i fjor. Det ville ha vore det klårt lågaste talet sidan den femårige grunnskulelærarutdanninga blei innført i 2017.
GLU 5-10 (master i grunnskulelærarutdanning 5.–10. trinn):
- Totalt 951 studentar møtte i 2024.
- Av desse blei 306 tatt opp utan karakterkrav. Det utgjer 32 prosent.
- Det samla antalet møtte er totalt sett høgare enn i 2023, då 895 møtte. Likevel er det lågare enn alle andre år sidan 2017 då femårig GLU blei innført.
- Antalet møtte studentar som er tatt opp gjennom det ordinære opptaket med karakterkrav, er 645. Dersom dette hadde vore det endelege talet, ville det ha innebore ein kraftig nedgang frå i fjor. Det ville ha vore det klårt lågaste så lenge den femårige grunnskulelærarutdanninga har eksistert.
Femårig lektorutdanning:
- På lektorutdanningane var det færre institusjonar som hadde opptak utan karakterkrav: fem universitet/høgskular.
- 858 studentar møtte på lektorutdanningane. Av desse var det berre 23 som blei tekne opp utan karakterkrav. Talet på møtte er det lågaste sidan 2012.