– Eg er kjempefornøgd og tilfreds med det nye vedtaket som no er gjort.
Lasse Silden slutta i fast jobb som matros og flytta til Kvamsøya for å jobbe med torskeoppdrett. Så kom sjokkbeskjeden: Fiskeridirektoratet ville stenge anlegget etter ein klage frå Naturvernforbundet.
Det var omsynet til villtorsken og raudlista sjøfuglar og rovfuglar som var bakgrunnen for klagen. Men no har Klagesakseininga i Fiskeridirektoratet snudd og har oppheva sitt eige vedtak.
– Det betyr veldig mykje for med fordi eg får behalde jobben, seier Lasse Silden.
Det var Sunnmørsposten som omtalte saka først.
Også driftsleiar Aleksander Ristesund er fornøgd med at Fiskeridirektoratet har snudd.
– Det er heilt fantastisk!
Driftsleiar ved Ode sitt anlegg på Kvamsøya, Aleksander Ristesund, er godt fornøgd med at Fiskeridirektoratet har snudd.
Foto: Remi Sagen / NRKSamfunns- og myndigheitskontakt Falk Øveraas seier til NRK at dette er ein gledens dag, ikkje minst for dei som har arbeidet sitt på Kvamsøya.
Naturvernforbundet skuffa
Klagesakseininga tok først utgangspunkt i ei fråsegn frå Statsforvaltaren om at etablering av oppdrettsanlegg kan føre til vesentleg skade på raudlista artar, først og fremst hubro. Men denne tilrådinga blei trekt tilbake.
Difor har dei valt å oppheve sitt eige vedtak.
– Eg er skuffa og litt overraska over dette, seier Torgeir Parr Dimmen i Ørsta/Volda Naturvernforbund som har fremma klagen.
Dimmen seier han vil avvente kva som skjer vidare. Saka ligg no til behandling hos Naturvernforbundet sentralt.
– Siste ord er ikkje sagt
Fylkessekretæren i Møre og Romsdal Naturvernforbundet, Øystein Folden er også skuffa over den nye vendinga som saka har fått. Han trur ikkje at siste ord er sagt.
– I det første vedtaket som blei gjort sto det at dette var endeleg. Det varte i 14 dagar. No har det kome eit nytt vedtak som dei seier også er endeleg. Vi kjem til å jobbe for at dette ikkje blir ståande.
Fylkessekretær i Møre og Romsdal Naturvernforbund, Øystein Folden, vil jobbe for å få snudd vedtaket på nytt
Foto: Øyvind Sandnes/NRK– Det er dette vi forheld oss til
For dei som jobbar på anlegget er det viktig med avgjerd som gjer at framtida er føreseieleg. Dei håpar at det som no er bestemt, blir ståande.
– Det er vi nøydde til å stole på. Det er dette vi forheld oss til, seier driftsleiar Aleksander Ristesund.
Publisert 18.02.2026, kl. 13.44 Oppdatert 18.02.2026, kl. 14.08













English (US)