Fiskegarn frå Noreg skal berge liv ved frontlinja i Ukraina

1 day ago 4


15 tonn med utgåtte fiskegarn blir lasta opp på ein sliten lastebil i Nordland.

Bilen har køyrt langt, og legg snart ut på den lange ferda tilbake nedover Europa.

Det som kunne blitt søppel, blir i dag brukt til å hjelpe eit land i krig. Lasta med gamle fiskegarn som skal redde liv i Ukraina.

Dette er ein av tre lastebillass som blir sende ut av landet i denne omgangen.

– Du treng ikkje å filme når garnet ligg der.

Ein tilsett frå oppdrettsselskapet følger nøye med. Han veit at donasjonen er litt i gråsona for det norske lovverket.

en kran som løfter et stort fiskegarn.

45 TONN MED GARN: I tre rundar blir 45 tonn sende med oppbrukt fiskegarn til Ukraina. Her lastar ein 15 tonn på lastebilen.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

NRK har difor valt å anonymisere det aktuelle oppdrettsselskapet som donerer fiskegarna.

Likevel vel oppdrettsselskapet å sende slitne og utgåtte fiskegarn til Ukraina.

Der kan dei nemleg skjerme mot russiske dronar og berge liv i frontlinja.

Fiskegarn blir vern mot dronar

– Det var bilda, rett og slett, frå den første dagen med russiske angrep, forklarer Elisabeth Kolflaath Semprini, før ho legg til:

– Helikoptera som flaug over Kyiv, og dei store flyktningstraumane som kom inn i Polen. Det gjorde så sterkt inntrykk, at eg fann ut at eg ikkje berre kunne sitt å sjå på.

Det blei starten på den frivillige organisasjonen Norwegian Volunteer Aid, som ved fleire høve har hjelpt med å evakuere flyktningar ut frå Ukraina. Elisabeth Kolflaath Semprini er leiar.

Dei står også bak fleire innsamlingar av både medisinsk utstyr, pengar, og no fiskegarn til det krigsherja landet.

https://potion.felles.ds.nrk.no/program/e2c9ed8a-d418-430a-89ed-8ad418630a46

Fiskegarn blir kamuflasjenett som kan skjerme infrastruktur og soldatar mot dronar. Dette bildet er tatt 19. mai i år.

Foto: EBU

Når fiskegarna kjem til Ukraina blir dei kappa opp i handterlege størrelsar. Så blir dei gjort om til kamuflasjedrakter og kamuflasjenett som blir lagde over stridsvogner, skyttargraver eller annan viktig infrastruktur.

På den måten vernar garnet mot droneangrep, forklarar Kolflaath Semprini.

– Ukraina opplever konstante angrep med dronar. Norske fiskegarn er av veldig god kvalitet, tettleik og har rett farge, og fungerer godt som ei fysisk sperre, forklarer Roman Zherebko.

Han er leiar for Ukrainsk foreining i Bodø, og jobbar tett saman med Semprini i jobben med å få sendt brukte fiskegarn til heimlandet hans.

– Garna er så kraftige at dei i somme tilfelle er det einaste som verkar. Då når ikkje dronen fram til målet, og eksploderer heller i garnet, legg Semprini til.

NRK har tidlegare fortalt om Zherebko som har budd i Noreg sidan 2014, og som framleis har familie i Ukraina.

Må godkjennast

Mens dei to forklarer viktigheita av fiskegarna og dei frivillige eldsjelene, er lastebilen snart fullpakka.

Dette er det tredje trailerlasset, kvart på 15 tonn fiskegarn som blir sendt frå Nordland til Ukraina.

Og det er ikkje heilt ukomplisert. Norsk lovverk krev som hovudregel at garn og nøter som har vore brukte i oppdrettssnøringa skal resirkulerast heime i Noreg.

Elisabeth Kolflaath Semprini, en dame med grå hettegenser og svart hår står fremfor en lastebil.

VERNAR MOT DRONEANGREP: Elisabeth Kolflaath Semprini stifta Norwegian Volunteer Aid. – Dronane eksploderer i garnet, så dei ikkje treffer dei som er under, forklarer ho.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Dersom det blir avdekt brot på regelverket, må eksportøren normalt sende avfallet tilbake til Noreg.

Miljødirektoratet kan også gi straffegebyr, og ved særleg alvorlege brot kan saka bli politimeld.

NRK har spurt Miljødirektoratet kva reglar som gjeld. Dei svarer at ein må skilje mellom:

  • Brukte garn: Det må bevisast at garna som blir ikkje sende er søppel og skal brukast igjen. Om ikkje blir dei rekna som søppel.
  • «Søppelgarn»: Garn som er øydelagde blir rekna som søppel. Skal dei sendast til andre land må det godkjennast av alle involverte land.

Med andre ord: både brukte garn og søppelgarn må gjennom ein byråkratisk prosess før dei kan sendast lovleg til Ukraina.

– Vi kan ikkje vente på byråkrati

Elisabeth Kolflaath Semprini seier at byråkratisk regelverk er noko dei er vande til.

– Dette er jo den erfaringa vi frivillige dessverre har, og ikkje berre med garn, seier ho og forklarer at ho tidlegare har hatt lange prosessar rundt å få sendt medisinsk utstyr.

– Det må gå an å vere litt meir pragmatisk. Det er snakk om å hjelpe eit land i krig.

en mann og kvinne som står utenfor. De snakker sammen. Mannen har svart jakke og hendene i kors. Damen har grå hettejakke.

VIKTIG MED FRIVILLIGHEIT: Elisabeth Kolflaath Semprini frå Norwegian Volunteer Aid og Roman Zherebko frå Ukrainsk foreining i Bodø er einige om at den jobben frivillige gjer er veldig viktig.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Men kvifor går de ikkje gjennom prosessen Miljødirektoratet peikar på?

– Vi kan ikkje vente på byråkratiske prosessar. Då går menneskeliva. Det er heile poenget. Så lenge vi ikkje gjer noko som er direkte farleg for dei som får det, så er det betre å få det sendt på denne måten.

Semprini understrekar at lover og reglar som dette er bra i eit land i fred, som Noreg. Men at ting stiller seg annleis når det er snakk om eit land i krig der liv går tapt kvar dag.

Gammelt fiskegarn doneres til frontlinjene i Ukraina. Nå skal det lastes på lastebil.

Det er slike fiskegarn som blir donerte til frontlinja i Ukraina.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Dei to frivillige har ikkje tenkt å gi seg.

– Dette er ikkje ukomplisert, men med hjelp frå frivillige og næringslivet er det faktisk mogleg å få det til, seier Roman Zherebko

Elisabeth Kolflaath Semprini er glad for det har late seg gjere å hjelpe Ukraina, også på denne måten.

– Det er noko med å vere pragmatisk når desse garna blir sende til eit land som er i krig, og som ofrar befolkninga si kvar dag.

Publisert 28.05.2025, kl. 05.16

Read Entire Article