Folkehelseinstituttet (FHI) stadfestar at det er oppdaga eitt nytt tilfelle av m-koppar i Oslo.
– Oslo kommune har varsla oss etter vanlege rutinar om eitt tilfelle av mpox, seier Preben Aavitsland ved FHI til NRK.
FHI støttar no kommunen i handteringa av utbrotet som er av typen «Type ll».
Det var den typen av viruset som forårsaka eit stort utbrot i særleg Europa og Nord-Amerika i 2022.
M-koppar, tidlegare kjend som apekoppar, er ein smittsam virussjukdom som høyrer til same familie som koppar.
WHO: Ein «internasjonal folkehelsekrise»
I summar uttala leiaren i Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, at sjukdommen har vore dokumentert i ti år i Den demokratiske republikken Kongo.
Den siste tida har den verte påvist i land som Sverige, India og Pakistan.
Typiske symptom inkluderer feber, utslett, hovudverk, muskelsmerter og hovne lymfeknutar.
Smitte mellom menneske skjer ved nærkontakt, anten gjennom hud mot hudkontakt eller ved deling av forureina gjenstandar.
Same månad uttala helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) at Noreg har god beredskap mot m-koppar.
– Noreg har ein svært god helseberedskap og ei helseteneste som er godt førebudd på behandling av mpox-smitte. Vi har òg god tilgang på vaksinar, sa Vestre i ei pressemelding.
Eit par dagar før Vestre si utsegn hadde Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) heva risikonivået for m-koppar frå låg til moderat, som ein del av deira førebuingar mot vidare spreiing i Europa.
Anna type virus enn i Sentral-Afrika
Ifølgje Oslo kommune er ikkje tilfellet i Oslo same virustype som har vore i Den demokratiske republikken Kongo i 2023.
– Stadfesta tilfelle er av Type II, som er same type som har sirkulert etter eit verdsomspennande utbrot i 2022 og som det har vore over hundre smittetilfelle av i Noreg tidlegare.
Publisert 22.10.2024, kl. 13.55 Oppdatert 22.10.2024, kl. 14.00