FHI: Eitt påvist tilfelle av m-koppar i Noreg

1 month ago 12


Folkehelseinstituttet (FHI) stadfestar at det er oppdaga eitt nytt tilfelle av m-koppar i Oslo.

– Oslo kommune har varsla oss etter vanlege rutinar om eitt tilfelle av mpox, seier Preben Aavitsland ved FHI til NRK.

FHI støttar no kommunen i handteringa av utbrotet som er av typen «Clade llb».
Det var den typen av viruset som forårsaka eit stort utbrot i særleg Europa og Nord-Amerika i 2022.

M-koppar, tidlegare kjend som apekoppar, er ein smittsam virussjukdom som høyrer til same familie som koppar.

WHO: Ein «internasjonal folkehelsekrise»

I summar uttala leiaren i Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, at sjukdommen har vore dokumentert i ti år i Den demokratiske republikken Kongo.

Den siste tida har den verte påvist i land som Sverige, India og Pakistan.

Typiske symptom inkluderer feber, utslett, hovudverk, muskelsmerter og hovne lymfeknutar.

WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebryesus

WHO-leiar Tedros Adhanom Ghebreyesus.

Foto: Christopher Black / Reuters

Smitte mellom menneske skjer ved nærkontakt, anten gjennom hud mot hudkontakt eller ved deling av forureina gjenstandar.

Same månad uttala helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) at Noreg har god beredskap mot m-koppar.

– Noreg har ein svært god helseberedskap og ei helseteneste som er godt førebudd på behandling av mpox-smitte. Vi har òg god tilgang på vaksinar, sa Vestre i ei pressemelding.

Jan Christian Vestre

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Eit par dagar før Vestre si utsegn hadde Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) heva risikonivået for m-koppar frå låg til moderat, som ein del av deira førebuingar mot vidare spreiing i Europa.

Anna type virus enn i Sentral-Afrika

Ifølgje Oslo kommune er ikkje tilfellet i Oslo same virustype som har vore i i Den demokratiske republikken Kongo i 2023.

– Stadfesta tilfelle er av subtype II, som er same type som har sirkulert etter eit verdsomspennande utbrot i 2022 og som det har vore over hundre smittetilfelle av i Noreg tidlegare.

Publisert 22.10.2024, kl. 13.55

Read Entire Article