Det som offisielt har vorte kåra til «verdas finaste do» – turisttoalettet på utkikkspunktet Stegastein i Aurland – er framleis ikkje opna.
Dette sjølv om turistsesongen for lengst er i gang, og reiselivet melder om stor pågang.
I mellomtida må alle besøkjande gjere sitt fornaudne i naturen, med alt det medfører av lukt, tilgrising og sanitære problem.
– Du kan trygt seie at det er til sjenanse, seier ein av grunneigarane i området til NRK.
Han ønskjer å vere anonym.
Det stengde toalettet fører til akutt forsøpling i eit område som grensar direkte til UNESCO-verdsarven i Aurlandsfjorden.
Foto: Hege Lysholm / TuristvegFylte opp med tankbil – døra like låst
I byrjinga av mai vart det opplyst at det prisvinnande toalettet var stengt som følgje av vassmangel og lite snøsmelting på fjellet.
Men etter at det kommunale brannvesenet førre veke fylte opp vasstankane på eige initiativ, er dørene framleis like låste.
No reagerer fleire på tidsbruken.
– Vi har levert vatn og hjelpt til etter beste evne, seier Aurland-ordførar Kjell Bøe Bjørgum.
– No forventar vi at fylkeskommunen set alle klutar til og får toalettet opna. Dette er ikkje ein haldbar situasjon midt i turistsesongen. Toalettet burde vore opna for ein månad sidan!
– Dette er ikkje ein haldbar situasjon, seier Aurland-ordførar Kjell Bøe Bjørgum.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK– Driftsmessige utfordringar
Nasjonale turistvegar, som i si tid bygde anlegget, omtalar situasjonen som prekær.
Dei viser til at turistsesongen starta rekordtidleg i år på grunn av den milde vinteren, og at pågangen av besøkjande er stor.
På toppen av doproblema i Aurland har dei fått rapportar om at nokon har vandalisert og «misbrukt» toalettanlegget på Gaularfjellet.
Statens vegvesen, som i si tid reiste signalbygget som ein del av designsatsinga på Nasjonale turistvegar, skyv ansvaret over på fylket:
– Vår forståing av situasjonen er at toaletta er stengd på grunn av driftsmessige utfordringar. Ta kontakt med Vestland fylkeskommune, lyder den korte beskjeden frå Statens vegvesen.
Avhengig av spesialist
Etter at NRK har navigert seg gjennom organisasjonskartet til Vestland fylkeskommune, som har det formelle ansvaret for å drifte fasilitetane langs fylkesvegen, finn vi endeleg mannen med nøklane – og forklaringa.
Even Kvam, byggjeleiar i avdeling for infrastruktur og veg i fylkeskommunen, innrømmer at det ikkje lenger er vatnet som er til hinder.
– Vi har utfordringar med ei vakuumpumpe på sjølve toalettanlegget, forklarar han.
Dermed hjelper det lite at brannvesenet har fylt opp tankane, så lenge det tekniske anlegget nektar å svelgje unna.
Kvam har ikkje desto mindre eit håp for trengjande turistar i næraste framtid.
– Driftsentreprenøren som kan reparere pumpa er ikkje tilgjengeleg før på torsdag, men vi satsar på at toaletta er opne til helga.
Dette er dei finaste toaletta i verda, ifølge DesignCurial. Sjå under:
Turistsesongen er i full gang, og pågangen av besøkjande er enorm. Sidan «Noregs fineste do» er låst, gjer turistar no sitt fornødne i naturen rundt utkikksplattforma.
Foto: Aurland kommuneToalettet, designa av Olivier Rambert, ligg i Lausanne i Sveits. Det er gjennomsiktig fram til nokon går inn og låser døra, då mørknar glaset.
Foto: Daniela TonatiuhToalettet forsvinn ned i bakken på dagtid, og kjem opp på kvelden. Dei står på ulike travle stader i fleire europeiske storbyar.
Foto: UriLift International BVGramazio & Kohler har designa den knallfarga kuben som står i Uster i Sveits.
Foto: Gramazio & KohlerKumutoto-toalettet, designa av Studio Pacific Architecture, ligg i Wellington på New Zealand. Det er skildra som både eit insekt og ein dinosaur.
Foto: Studio Pacific Architecture
Publisert 27.05.2026, kl. 06.36














English (US)