Grafisk designar Ida Bjerkeskaug (40) frå Horten har fått mykje merksemd for akrylbilda sine av maktmenneske dei siste veka.
– Eg får kommentarar som «Ho skal takast», «Denne jævla «kunstnaren»» og «Håpar ho brenn i helvete», fortel Bjerkeskaug til NRK.
SATIRE: Ida Bjerkeskaug viser fram bildet «Bend over» som har skapt sterke reaksjonar.
Foto: Gro Slettemark / Privat
SATIRE: Ida Bjerkeskaug viser fram bildet «Bend over» som har skapt sterke reaksjonar.
Foto: Gro Slettemark / Privat
Bildet «Bend over» viser Donald Trump som ser ut til å ha seksuell omgang med Elon Musk bakfrå. Eit regnbogeflagg brenn på sida. Begge mennene er påkledd.
Hegnar: Pinleg og skamlaust
Administrerande redaktør i Finansavisen Trygve Hegnar skreiv ein leiar der han kalla måleriet «så smaklaust og vulgært som det kan bli» og dessutan «pinleg og skamlaust».
På nettsamfunnet Reddit er det same bildet delt i eit stort forum der det har fått litt over 150.000 «likerstemmer» og nær 5000 kommentarar.
Kva synest du om «Bend over»?
Sjølv har Bjerkeskaug fått i overkant av hundre reaksjonar på SMS og e-post.
I tillegg har ho lese fleire hundre i kommentarfelta på sosiale medium der nyheitssakene om bilda er delte.
– Eg er heilt sjokkert over at folk synest det eg har måla på eit lite lerret er verre enn det dei to gutane spyr ut av seg og den politikken og ideologien dei fører, seier ho om dei negative reaksjonane.
– Dei er meir sinna på meg enn på nokon som vil forby menneskerett. Eg fattar ikkje at dei er meir krenkte av det eg har måla, legg ho til.
– Synest du sjølv du spreier hat med den typen bilde?
– Nei, eg ville i alle fall aldri gjort det mot ei minoritetsgruppe eller mot privatpersonar. Eg ville aldri sparka nedover, seier Bjerkeskaug.
Kritikk som tar på
Ho understrekar at ho også har fått mykje støtte, og har eit godt apparat rundt seg.
– Men ingen av oss er jo vande til dette. Vi er litt sjokkerte. Når veldig store namn begynner å bruke sin posisjon til å kritisere meg, så kjente eg at det går jo inn på meg, medgir ho.
Dette bildet har Bjerkeskaug kalla «David vs Goliath». Det er referert med løyve.
Foto: Ida Bjerkeskaug / PrivatKommentaren frå Hegnar, og alle kommentarane der han blei delt i sosiale medium, opplevde ho som mykje. Det førte også til eit nytt bilde – der Bjerkeskaug bruker ein målarpensel som eit skjold mot Hegnar.
– Det er så absurd. Men det første eg tenker på, er å få teikna det ned. Det er sånn eg får ut frustrasjon, fortel grafikaren.
NRK har spurt Trygve Hegnar om han har nokon kommentar til Bjerkeskaugs oppleving av kommentaren hans, eller til bildet ho har måla av han.
– Eg er glad for at vi har ei presse der redaktøren kan ha ei meining om politisk kunst, skriv Hegnar i ein e-post.
Kan tolkast som hyllest
I tillegg til dei dryge kommentarane Bjerkeskaug har lese, seier ho fleire i kommentarfelta har hevda dei har politimeldt henne for bildet «Bend over».
NRK har vore i kontakt med Sør-Aust politidistrikt, som per 31. januar avkreftar at det har komme inn nokre meldingar i samband med måleriet.
Anine Kierulf er forskar innan konstitusjonell rett, menneskerettar og ytringsfridom i Norden.
Foto: Mirwais Moquim / NRKJurist og ytringsfridomsekspert Anine Kierulf opplyser at måleri, til liks med karikaturar, har eit sterkt ytringsfridomsvern.
– Det er enda sterkare når dei framstiller politiske forhold – politisk kritikk er i kjernen av det ytringsfridommen er der for å verne, seier ho.
Kierulf påpeikar at kunst kan tolkast på fleire måtar, same kva kunstnaren har meint. Dei fleste tolkingar vil ikkje vere ærekrenkande, truande eller grovt hatefulle.
Kierulf påpeikar at måleriet kan tolkast på fleire måtar.
Foto: Gro Slettemark– Dette måleriet framstiller to personar som seier at dei er for heilt usensurert ytringsfridom. Tolka i lys av dette kan måleriet forståast som ei hyllest, snarare enn som ein kritikk, påpeikar juristen om «Bend over».
Ho legg til at måleri ikkje er påstandar om faktiske forhold, men kunstnariske meiningsytringar.
Malar for å få ut frustrasjon
Bjerkeskaug sjølv seier måleria ikkje handlar om politiske frontar, raudt mot blått.
– Eg har måla to personar eg synest har skremmande haldningar og spreier hat. Det er rett og slett satire med ein annan type pensel. Eg er jo ikkje kjent, men det er sånn eg alltid har teikna og måla, seier ho.
Dette bildet heter «Donald's Playground» Det er laget med tusj og penn på akrylpapir.
Illustrasjon: PrivatDette bildet heter «Make Kanye Great Again» og ble laget etter at Ye og Bianca Censori gjorde «nakenstunt» på grammy-utdelingen. Her er Kanye malt med akryl, resten er akvarellfarger
Illustrasjon: PrivatBjerkeskaugs tegnede reaksjon etter Trygve Hegnars lederartikkel der hennes Trump-bilde ble nevnt. Hegnar og bakgrunnen malt med akryl, resten er tegnet.
Foto: Ida Bjerkeskaug
Vanlegvis målar ho ut frustrasjon, og så målar ho noko anna over det same lerretet neste gong ho blir inspirert.
– Når det blir for mykje for meg, må eg berre få det ut. Og eg er verken skribent eller flink til å prate for meg, så da blir det på lerret. Ni av ti måleri viser eg ikkje fram, seier Bjerkeskaug.
Kunstnar: Ingen politisk dagsorden
Ho hevdar sjølv ho ikkje har nokon politisk dagsorden. Mange skal ha skulda henne for å vere venstreradikale, blant anna fordi ho har raudt hår.
Målaren ler av dette og er open om at ho stemmer borgarleg.
Bjerkeskaug meiner den politiske ståstaden hennar er uvesentleg. Og sjølv om ho gjerne tar kritikk for målarteknikk, forstår ho ikkje dei som bruker mykje tid på å irritere seg veldig – og gi uttrykk for det.
Ida Bjerkeskaug viser fram akrylmåleriet «Schooled».
Foto: Gro Slettemark / Privat– Eg ville aldri gått inn på den lokale biljardklubben og skjelt ut leiaren der fordi eg vil spele sjakk. Eg skjønner berre ikkje kvifor dei ikkje berre kan skrolle forbi, viss bildet irriterer så veldig, seier Ida.
– Det verkar nå som at 90 prosent av kommentarfeltet får eit betre liv om eg sluttar å måle, legg ho til.
Bjerkeskaug har også nyleg måla «Schooled» der biskop Mariann Edgar Budde står som ein lærar framfor ei tavle, med Donald Trump og ein Hitler-liknande Elon Musk sit i forgrunnen.
Budde var biskopen som under innsettingsgudstenesta bad Trump vise nåde med fleire minoritetar.
Publisert 07.02.2025, kl. 11.14