Kanskje du er ein av dei som ventar på at nissen skal kome ned skorsteinspipa med julegåver.
På Ramberg i Flakstad kommune, vest i Lofoten, var det ikkje ein glad, rund og raud julenisse som kom ramlande ned pipa, men eit fjørkledd vesen.
Tidleg i desember fekk familien Eggen/Dømbe ein uventa og fjørkledd gjest på besøk, etter at naboen hadde høyrd noko bevege seg i peisen.
Då dei opna døra fann dei ein rådvill fugl.
– Eg trudde fyrst det var ei kråke, ho var heilt dekt av sot og oske, seier Astrid Dømbe.
Skjæra er enno litt grå i fjøra etter den strabasiøse turen ned pipa.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKRedd, svolten og full av sot
Naboane med fuglen i peisen tok kontakt med nabo Martin Eggen, som er fugleentusiast og tilsett som naturvernrådgjevar i den frivillige naturvernorganisasjon Birdlife.
Ifølgje han kan fuglar søke ly i skorsteinspiper om folk ikkje passar på pipehatten. Om den ikkje sit som den skal, kan mellom andre fuglar hamne oppi pipa.
– Skjæra var truleg var på jakt etter ein lun plass å søkje ly i den vindfulle vinterstormen, seier Eggen
Han fortel vidare at skjæra var redd, svolten og full av sot då nabofamilien tok ho imot.
Dei kvite fjøra langs magen var dekt i eit tjukt lag av sot og oske.
Fugleentusiast Martin Eggen har tatt godt vare på skjæra frå peisen.
Foto: Martin Eggen / Privat– Ho hadde truleg vore i peisen og kava nokre timar då ho vart funnen av naboen, seier Eggen, som valgta å ta med seg fuglen heim.
Etter å ha konferert med både ein fugleekspert i Bergen og Mattilsynet, fann han ut at det beste var å gje fuglen litt spabehandling i nokre dagar.
Fuglespa
Den bortkomne fuglen har fått tilhald på badet til familien Eggen/Dømbe.
Astrid og Martin har bada og pussa fjørdrakta skånsamt med ei tannbørste og mild såpe for å få vekk sot og skit.
Skjæra har også fått eit namn: Pica
Astrid Dømbe vaskar skjæra skånsamt i mildt såpevatn for å få vekk sort og skit frå pipa.
Foto: Martin Eggen / Privat– Det vitskaplege namnet på fuglearten er Pica pica, og då passa det bra med namnet Pica, fortel matmor, Astrid.
Pica har fått bevege seg fritt på badet dei siste dagane.
På baderomsbordet står det ein buffé av ferske eple, kokt egg, rått reinsdyrkjøt og kattemat ved sida av vasken.
– Ho har ikkje hatt så mykje matlyst enno, men eg ser ho har vore og ete litt av kjøtet, seier Martin.
Reine råvarer på baderomsbenken: – Det er ikkje noko ultraprosessert mat her, seier Eggen.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKSmarte fuglar
Etter eit par dagars kvile fikk Pica sleppe ut i det fri. Ho har fått eit ringmerke på foten før avreise, slik at familien kan kjenne ho att.
– Eg håpar at skjæra har hatt det fint her, badet må ha vore som eit luksushotell med spabehandling, samanlikna med korleis det er ute, seier Astrid.
Matfar Martin Egge både håpar og trur at fuglen hugsar spaopphaldet.
Skjæra er nemleg ein av dei meste intelligente fugleartane me har i Noreg.
Dei kan mellom anna identifisere seg sjølv i ein spegel.
– Når ho har kome seg på vengene att og kan fly rundt, håper eg at ho hugsar besøket hjå oss som hyggelege, seier han.






Her får skjora Pica fly fritt etter opphaldet hos familien Eggen
Martin Eggen/PrivatPublisert 17.12.2025, kl. 05.27
















English (US)