Fekk over 6000 kroner i feilaktige parkeringsrekningar: – Absurd

2 days ago 2


– Det er surrealistisk at eg skulle ha parkert der, fortel Lindgaard.

Det siste året har han fått rekningar på over 6000 kroner frå selskapet Apcoa.

Dei har registrert at Lindgaard sin traktor har stått i parkeringshuset deira ved Værnes flyplass fleire gongar.

Det ligg over 75 kilometer unna garden i Indre Fosen der Lindgaard brukar traktoren.

Inngangen til parkeringshuset er heller ikkje høg nok til at traktoren har moglegheit til å køyre inne.

– Det er absurd at det skulle ha vore aktuelt å ha brukt nokre av parkeringshusa deira.

Motor.no skreiv om saka først.

Parkeringshuset på Trondheim lufthavn Værnes

Parkeringshuset på Trondheim lufthavn Værnes er ikkje høgt nok til at traktoren kan køyre inn.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Lei av å «bevise sin uskuld»

Lindgaard fortel at han fekk den første rekninga for omkring eit år sidan.

– Eg tok kontakt med dei og fekk etter kvart svar om at dette var ei feilregistrering.

Kamera i parkeringshuset hadde ved ein feil registrert traktoren sitt registreringsnummer.

Vegvesenet - kart som viser kjøretur fra Rissa til Værnes

Køyreturen frå Rissa i Indre Fosen til Værnes vil ta over ein og ein halv time med vanleg personbil, anslår Statens vegvesen.

Foto: Skjermdump / Statens Vegvesen

Kravet blei sletta, men sidan den gong har det kome fleire rekningar frå parkeringsselskapet.

– Eg har fått totalt seks rekningar, og den siste gjekk til inkasso.

Fem av rekningane er for parkering i parkeringshuset ved Værnes, mens ei av dei er frå eit parkeringshus på Bakklandet i Trondheim.

Parkeringshuset på Trondheim lufthavn Værnes

Lindgaard har fått fem rekningar for å ha parkert i dette parkeringshuset. Den siste rekninga er frå eit parkeringshus i Trondheim.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Den første rekninga har ikkje Lindgaard lenger, men NRK har sett dei fem andre.

På disse rekningane krev Apcoa over 6000 kronar til saman.

– Eg synest det er problematisk at eg må bruke tid på dette og på ein måte bevise min uskuld.

– Ein skulle jo tru at det var dei som måtte ha bevist at traktoren min var i parkeringshuset deira før dei sender ut ei rekning.

Faktura for parkering på Værnes - Apcoa

Ifølge fakturaen frå Apcoa skal traktoren til Lindgaard ha stått to og eit halvt døgn i parkeringshuset ved flyplassen. Det kravde selskapet 1389 kronar for.

Foto: Privat

– Ikkje gjort meir enn absolutt nødvendig

Lindgaard fortel at han oppfattar Apcoa som vanskelege å kontakte. Sjølv etter gjentatte e-postar fekk han ikkje noko svar.

– Dei har sjølvsagt telefontid mens eg er på jobb, så eg får jo aldri ringt dei, fortel Lindgaard.

Da kona forsøkte å ta kontakt på telefon så fekk ho til svar at det var for lite bemanning på kundeservicen.

– Så vi fekk vel eigentleg til svar at det ikkje var noko poeng i å kontakte dei på e-post.

Apcoa sitt parkeringshus på Værnes

Inngangen til parkeringshuset er to meter og ti centimeter høg. Lindgaard sin traktor er langt høgare enn det.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Til Motor.no fortalde parkeringsselskapet at dei har vore i kontakt med Lindgaard.

– Vi har vore i kontakt med Lindgaard, beklaga og krediterer alle tilfelle av denne feilen, fortalde driftsdirektør Carl-Erik Martinsen til bladet.

Dette fortel Lindgaard at ikkje stemmer.

– Eg har ikkje høyrd noko frå dei eg. Så vi får berre håpe at det dei sa til Motor er riktig.

Så langt har ikkje Lindgaard fått nokre ny rekningar sidan inkassovarselet han fekk i mars.

– Eg føler at dei ikkje har gjort meir enn absolutt nødvendig for å bli kvitt problemet kvar gong det dukkar opp.

– Dei har ikkje sette seg inn i årsaka til problemet eller gjort noko for å fikse det.

Parkeringshuset på Trondheim lufthavn Trondheim

Parkeringshuset på Værnes er ein av mange stadar Apcoa tilbyr parkering.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Blir forveksla med eit anna køyretøy

Driftsdirektør i Apcoa, Carl-Erik Martinsen, skriv i ein e-post til NRK at årsaka til rekningane er eit problem med fotograferinga av skilta.

– Saka gjeld at eit køyretøy som har parkert ved Trondheim lufthavn har blitt feiltolka til å vere Lindgaard sin traktor, skriv Martinsen.

– Dette førte til at han utilsikta mottok parkeringsavgift på seks parkeringar frå oss.

Dei seks krava har blitt trekt, fortel Martinsen.

– Lindgaard har vore i kontakt med oss via telefon og vi har beklaga feilen og kreditert dei seks tilfella.

– Vidare har Apcoa gjort tiltak for at feilen ikkje skal bli gjentatt.

Parkeringshuset på Trondheim lufthavn Værnes

Parkeringsselskapet fortel at dei har gjort tiltak for at feilen ikkje skal skje igjen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Urimeleg at forbrukaren skal bruke mykje tid

– Utgangspunktet er klart: Når parkeringsselskapet krev betalt, må selskapet kunne dokumentere at dei har grunnlag for dette.

Det seier forbrukarjurist i Forbrukarrådet, Nora Wennberg Gløersen.

– Det er ikkje forbrukaren som skal måtte bevise at han eller ho ikkje har nytta parkeringsplassen.

Gløersen seier det er parkeringsselskapet som må ta ansvar for å løyse problemet raskt og effektivt ved feilregistreringar.

– Det er urimeleg at forbrukaren skal bruke mykje tid på å protestere, følgje opp og dokumentere noko som i utgangspunktet openbert er feil.

– Når den same feilen skjer fleire gongar, tyder det på at systema ikkje er gode nok.

Nora Wennberg Gløersen fra Forbrukerrådet

– Blir det meldt inn ei feilregistrering, må parkeringsselskapet ta ansvar for at problemet blir løyst raskt og effektivt, seier Nora Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukerrådet

Forbrukarjuristen fortel at dersom ein opplever å få betalingskrav ein er ueinig i, så bør ein protestere skriftleg og gjere det klart at kravet blir motsagt.

– Da skal kravet i utgangspunktet bli sett på vent, og det skal ikkje gå til inkasso før saka er avklart.

– Forbrukarrådet forventar at seriøse aktørar har ein velfungerande kundeservice, slik at forbrukarane enkelt kan få kontakt med selskapet via telefon eller e-post. Det er selskapet sitt ansvar å ha tilstrekkeleg bemanning.

Hei!

Takk for at du las heilt hit!

Har du innspel eller kommentarar til denne saka?

Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?

Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 27.04.2026, kl. 09.21

Read Entire Article