– For meg verkar luktesans som ei sånn superkraft som folk har, som ikkje eg har.
Kolstad-spelaren er nemleg ein av svært få nordmenn som er født utan luktesans.
– Folk kan gå inn i eit rom å sei; jøss, her luktar det pizza, og eg skjønnar ingenting. Det har eg aldri skjønt.
Landslagskollega og mangeårig handballprofil Tobias Grøndahl finn stor glede i å harselere med bestekompisen sin manglande sans.
Mitt under intervjuet med NRK tar Grøndahl kaffikoppen sin opp framfor nasen på Hovde og ber han lukte.
– Det er gøy. Dette er humor. Det er syltynt altså. Er det derfor du står der med kaffikoppen?, smell det tilbake frå Hovde med eit smil.
TYN: Martin Hovde må tole tyn av landslagskollega og kompis Tobias Grøndahl for sin manglande luktesans.
Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRKTil NRK utdjupar Hovde:
– Det er ikkje så bra med den då (luktesansen). Det har det aldri vore og det synst han er veldig morosamt. Eg kan ikkje lukte og det kan eg ikkje noko for, forklarar Hovde og ser lurt bort på Grøndahl.
– Har du prøvd nasespray, spør Grøndahl og ler høgt.
Sjeldan tilstand
– Det er veldig sjeldan at folk er født utan luktesans, seier Preet Bano Singh til NRK.
Ho jobbar ved Odontologisk fakultet på Universitetet i Oslo og er utdanna tannlege og har spesialekspertise på lukt og smak.
Ifølgje Singh syner internasjonale studiar at så få som ein av 10.000 menneske blir født utan luktesans.
KOMPISAR: Landslagsprofil Tobias Grøndahl og debutant Martin Hovde er også kompisar utanfor handballbana. Men Hovde veit fint lite om korleis lukta av pizza er.
Foto: Privat– Lukt er ein veldig viktig sans for oss menneske. Det seier nokon om farar rundt oss. Om det brenner eller er gass i eit rom så brukar vi luktesansen.
I tillegg peikar Singh på at luktesansen er viktig for å unngå og få i oss dårleg mat.
– Forderva mat luktar ikkje godt og det aukar risikoen for å ete mat som har gått ut på dato.
Her kjenner Hovde seg igjen.
– Eg har jo ein sambuar som må lukte på mykje tacosausar og anna i kjøleskapet. For eg litt redd for å ete gamal mat. Der er vel den einaste staden eg kjenner at eg skulle hatt min eigen luktesans inne.
Men også på det menneskelege plan spelar luktesansen inn, fortel Singh.
– Det er ein viktig sans for intimiteten mellom to menneske og kjærastar.
– Eg har jo aldri hatt den, så eg veit jo ikkje kva eg går glipp av i så tilfelle. Då skulle eg gjerne visst om på kva området det gjeld, for det veit eg ingenting om, svarar Hovde og ler.
Aldri spelt på same lag før
Dei to 24-åringane frå Bærum møttest då dei begge gjekk på toppidrettsgymnaset i heimkommunen.
Men det skulle ta fem år før Hovde blei tatt opp i det gode selskapet på Jonas Wille sitt landslag – ein plass Tobias Grøndahl har hatt fast sidan 2021.
DEBUTANT: 24 år gamle Martin Hovde spelar sitt første meisterskap for Noreg under EM.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB– Det er kjekt. Vi har jo snakka om det, at det hadde vore kult å spele på lag saman. Så eg synst det er gøy, seier Hovde.
Men dei to kompisane likar å fyre mot kvarandre, sjølv om dei no er på same lag.
Og det ikkje berre ein hjarteleg velkomst å hente for debutanten.
– Nei, det vil eg ikkje sei. Han er snill, men han liker å gi beskjed så raskt som det er noko han ikkje synst noko om. Då seier han det høgt og til alle. Han likar å melde litt for å sei det sånn, fortel Hovde.
Rivaliseringa skriv seg tilbake til vidaregåande, då dei stod på kvar sin banehalvdel i oppgjera mellom erkerivalane Haslum og Vestre Bærum.
MÅLTJUV: Tobias Grøndahl fekk sin debut på herrelandslaget i 2001 og har bøtta inn mål for Noreg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB– Det var ekstra godt når vi kom på skulen dagen etter og vi hadde slått dei, minnast Grøndahl, som spelte for Vestre Bærum.
– Han er jo ingen hyggeleg vinnar, svarar Hovde.
Saman med resten av kompisgjengen frå vidaregåande har dei framleis ei gruppe på sosiale medium som er flittig i bruk.
– Vi har gitt han både ris og ros opp gjennom åra hans på landslaget. Vi skjønte jo tidleg at han kom til å bli god.
– Og kor god er Grøndahl på å ta i mot ris?
– Då skal eg love deg at han fyrer tilbake. Han tar ikkje det med eit smil, for å sei det sånn.
Publisert 22.01.2026, kl. 06.51














English (US)