Får 5.000 kroner i veka for å flytte ferien

3 hours ago 2


Intensivsjukepleiar Ingunn Anita Rørvik er ein av rundt 3.000 tilsette ved helseføretaket. Ho er vant til hektiske dagar på akuttmottaket, ikkje minst på sommaren.

Ho takka ja til å flytte ein av dei etterlengta ferievekene frå sommaren til hausten.

Den erfarne sjukepleiaren har opplevd ulike variantar av låg sommarbemanning.

en dame på et sykehusrom

Ingunn Anita Rørvik meiner det er betre å flytte delar av ferien enn at kollegaer skal ha det tøffare på jobb.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Tilbodet om å flytte ferien meiner ho er det minst verste av fleire alternativ. Sjukepleiarar som takkar ja får 5.000 kroner for kvar ferieveke dei flyttar.

– Eg sa ja for å hjelpe kollegaer, rett og slett. Eg gjer det ikkje for pengane, då måtte dei gått opp i pris.

Firda omtalte saka først.

For lite folk på sommaren

Også denne sommaren er det bekymring over heile landet rundt bemanninga, ikkje minst på ulike fødeavdelingar.

I Nord-Noreg held fleire fødeavdelingar stengde, som skapar bekymring for fødande.

HR-direktøren i Helse Førde, Arne Skjelten, seier dei er avhengige av at tilsette stiller opp for at sommarbemanninga skal gå rundt.

Han erkjenner at 5.000 kroner «kanskje ikkje er den enorme summen», men rosar måten dei tilsette tek imot tilbodet på og dermed viser lojalitet til jobben.

– Det at vi har lagt ut tilbodet gjer at folk tenker at dette skal vi vere med og bidra på. Det blir nesten som ein liten dugnad.

Helseføretaket opplyser at dei har hatt denne ordninga i rundt seks år.

Arne Skjelten, HR-direktør i Helse Førde.

HR-direktør i Helse Førde, Arne Skjelten, rosar dei tilsette for å stille opp på sommaren. Det gjer at det blir mindre vikarbruk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han viser til at alternativet er å hente inn fleire vikarar eksternt, som «vi måtte betalt tre gongar så mykje i løpet av perioden for.»

– For oss er det ei økonomisk innsparing. Men det viktigaste er at vi får tilsette som kjenner til organisasjonen, og som kan gå på jobb og gjere jobben fullt ut.

Sjølv om helseføretaket har gjort dette fleire somrar på rad no, er det ein terskel for å spørje dei tilsette, ifølge HR-direktøren.

– Det sit langt inne. Vi har ikkje lyst til å øydelegge for familiar. Men så lenge dei stiller opp og takkar imot dette på ein positiv måte, så er vi kjempeglade for at dei gjer dette.

Sjukepleiarforbundet kritisk

Leiar i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, likar ikkje måten Helse Førde har løyst sommarkabalen på. Ho meiner det er viktig at også tilsette har moglegheit til å lade opp «ikkje berre til 40 prosent eller til 80 prosent».

– Sjukepleiarar treng også ferie på sommaren. Det vitnar om svak planlegging.

Ho er bekymra for at spørsmålet om nok bemanning blir eit «individualisert ansvar», som kvar sjukepleiar må ta stilling til.

Lill Sverresdatter Larsen, Sykepleierforbundet

Forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund meiner det er dårleg planlegging når tilsette får pengar for å flytte sommarferie.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Forbundsleiaren kjøper ikkje forklaringa om at alternativet til at tilsette jobbar meir, er fleire vikarar som må lærast opp.

– Det seier noko om at verksemdstyringa gjennom heile året ikkje er på plass. Det kan ikkje vere sånn at sommaren kjem overraskande kvart einaste år.

Tidlegare har det kome fram at bruken av sjukepleiarvikarar har eksplodert på landsbasis. 4 milliardar kroner i 2023, det er fire gongar meir enn i 2012.

I ein slik situasjon har Larsen forståing for at tilsette seier ja til å jobbe meir, for å betre på situasjonen.

– Det er klart at dei kjenner på press. Dei veit at det er for få personell på jobb og at dei står aleine med eit stort ansvar.

Ville du flytta delar av sommarferien for 5.000 kroner ekstra?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Seier nei til flytting av ferie

NRK har spurt helseføretak i ulike delar av landet om dei spør tilsette om å flytte ferien. Ingen andre gjer det på denne måten.

Hos oss er det nok ingen som får 5000 kroner for å flytte ferien, seier kommunikasjonsrådgjevar Pernille M. Amdahl ved Akershus universitetssjukehus.

Sjå alle svara:

  • En by med mange bygninger

    Ingrid Aukland, kommunikasjonsrådgjevar, Stavanger universitetssykehus

    Det pågår omfattande arbeid med planlegging av sommerferien i klinikkane og personalavdelinga lang tid i forkant. I tillegg blir det gitt kompensasjon til vikarar som vil jobbe utover fire veker. Det er også ønskeleg at ferien til tilsette blir avvikla i ferieperioden slik at det er tilgjengelege ressursar for drift resten av året.

  • Akershus universitetssykehus

    Simon Skjelvik Brandseth

    Pernille M. Amdahl, kommunikasjonsrådgjevar, Akershus universitetssykehus

    Hos oss er det nok ingen som får 5.000 kroner for å flytte ferien.

    Vi følger vår eigen rettleiar for ferie og fastsette prinsipp for feriefordeling. Ut over dette har vi ordningar som gir ekstra godtgjerdsle for å flytte arbeidstid fra veke til helg for å sikre rett bemanning i helgane. Før sommarsesongen har vi hatt fleire systematiske tiltak for å sikre rekruttering av folk.

  • en bygning med et skilt på

    Ukjent

    Christina Yvonne O. Kalland, kommunikasjonssjef, St. Olavs hospital

    St. Olavs hospital praktiserar ikkje godtgjedsle for flytting av ferie.

    Vi har eigne satsar for ekstraarbeid i hovudferieperioden, i form av avtalar om utvida arbeidstid med nokre organisasjonar og administrativt fastsette takstar for ekstraarbeid i samband med akutt fråver - og dersom det er naudsynt for å sikre fagleg og økonomisk forsvarlig/driftskritisk kompetanse.

  • Haugesund sjukehus

    Eirik Dankel

    Anne Grethe Nilsen, kommunikasjonsrådgjevar, Helse Fonna

    Dei einingane som treng det får oppfølging undervegs, men ikkje konkrete tiltak slik som i Helse Førde

Intensivsjukepleiaren i Førde har tidlegare opplevd somrar der det heller har blitt satsa på å rekruttere vikarar og nytilsette. Det har i praksis ført til at arbeidsbelastninga er enda meir krevjande, ifølge Rørvik.

– Det er vi som må lære dei opp, det er vi som tek støyten.

Ho meiner noko av det mest krevjande er å gå på ei kveldsvakt der det er to kjente på jobb, og resten er uerfarne. Då er det lettare å seie ja til pengar og ferieflytting, for å betre situasjonen på avdelinga.

Takka nei til tilbodet

Der Rørvik sa ja til tilbodet om å flytte ferie, takka kollega Morten Vedvik nei. Med tre ungar i skulealder, fekk han ikkje kabalen til å gå opp, trass i tilbodet om ekstra pengar.

– Det er ei lita gulrot. Men ein føler jo at det ikkje svarar til det offeret det er å jobbe når alle andre har fri. Spesielt med tre ungar, så er det kjekt å ha ferie når dei har ferie.

tilsette på akuttrom

Med tre barn i skulealder hadde ikkje Morten Vedvik høve til å flytte sommarferien.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Han har samstundes ei viss forståing for at leiinga stiller tilsette spørsmålet.

– Sjukehuset er pressa på sommaren. Det er lite søkarar på sommarjobbar og mangel på kvalifisert personell.

Han føler ikkje på press om å bytte ferie, men kjenner iblant på samvitet.

– Ja, for det fører kanskje til at ein av mine faste kollegaer må stå mykje aleine. Ein likar ikkje å stå i dei situasjonane sjølv.

Publisert 23.06.2025, kl. 05.23

Read Entire Article