Irans viseutanriksminister: Vi fortset med å opprike uran

6 hours ago 2


– Herr Trump, gambleren: du kan vere den som starta denne krigen, men vi vil vere dei som gjer slutt på den.

Det seier Ebrahim Zolfaqari, talsperson for det iranske militæret sine hovudkvarter i Khatam al-Anbiya, i ein video måndag.

Beskjeden til USA blei formidla på engelsk.

Måndag truar landet med «alvorlege konsekvensar» etter det amerikanske angrepet mot fleire iranske atomanlegg.

et satellittbilde av en landmasse

Slik ser Fordow-anlegget i Iran ut etter det amerikanske angrepet natt til søndag.

Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / REUTERS / NTB

Søndag kveld sa ein av rådgivarane til Irans øvste leiar at landet framleis har lagar med opprika uran, trass i det amerikanske angrepet.

– Sjølv om atomanlegg er øydelagde er det ikkje game over, seier rådgivaren Ali Shamkhani i eit innlegg på X.

– Opprika materiale, kjennskap og politisk vilje kjem vi framleis til å ha.

Trur Iran er usikker på vegen vidare

Det at Iran ikkje har teke eit stort grep i løpet av det siste døgnet, kan tyde på at dei slit med å utvikle planen sin vidare.

Det seier Kristian Berg Harpviken er direktør for Noregs Nobelinstitutt.

– Dersom vi skal ta det litt grovt, har Iran tre moglegheiter. Den eine vil vere, avhengig av kva kapasitet dei har, eit kraftfullt angrep på amerikanske mål i Midtausten, seier han.

Kristian Berg Harpviken, direktør Det Norske Nobelinstitutt

Kristian Berg Harpviken er direktør for Noregs Nobelinstitutt.

Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRK

USAs territorium er for langt vekke til at eit direkte angrep er aktuelt, men landet har mange mål og militært personell i Midtausten som no er utsette, meiner Harpviken.

Ei anna moglegheit er å ikkje gjere noko, legger han til.

– For Iran er det framleis eit viktig utgangspunkt for at regimet skal overleve, at Iran ikkje endar opp i ei direkte konflikt med USA, seier han.

– Kostnaden her er at det vil få regimet, som allereie no truleg vaklar, til å sjå veldig svakt ut opp mot sitt eige folk.

Den tredje moglegheita er at Iran prøvar å ramme USA indirekte, seier han.

– Det kan vere ved å bruke det som er igjen av Irans gamle proxy-styrkar, altså dei forskjellige styrkane i Midtausten.

– Houthiane er i stand til å råke internasjonale mål, for eksempel ved å stenge Hormuz-sundet for skipstrafikk. Då vil andre land kunne legge press på USA.

Nye israelske angrep måndag

Måndag morgon seier det israelske militæret (IDF) at det har gått til angrep på seks iranske flyplassar.

Dei seier også at dei har angripe militær infrastruktur i Kermanshah vest i landet.

Opplysingane er ikkje kommenterte av Iran, eller bekrefta av uavhengige kjelder.

Publisert 23.06.2025, kl. 08.23 Oppdatert 23.06.2025, kl. 08.29

Read Entire Article