Etter femti år er Lucy framleis eit ikon

1 day ago 6


50-årsjubileet for funnet av Lucy er ikkje berre ei markering av eit viktig vitskapleg funn, men også ei påminning om betydninga av å forstå evolusjonen vår. (Foto: Moesgaard Museum)

POPULÆRVITENSKAP: For femti år sidan revolusjonerte eit funn i Etiopia forståinga vår av menneskets evolusjon.

I 1974 gjorde paleoantropologen Donald Johanson og teamet hans eit oppsiktsvekkande funn i Afar – ein del av den store Riftdalen i Aust-Afrika. Dei grov fram 47 fragment frå eit skjelett som seinare vart kjent som Australopithecus afarensis etter funnstaden. 

Forskarane slo raskt fast at fossilet sannsynlegvis tilhøyrde ei vaksen kvinne, og ho vart kjent som Lucy etter ein låt av The Beatles.

Lucy er sensasjonell fordi ho er eitt av dei mest komplette skjeletta vi har av ein tidleg hominin. Enkelt forklart er både vi og dei direkte forgjengarane våre homininar. Om lag 40 prosent av skjelett til Lucy er bevart, og det gir oss eit unikt innblikk i korleis våre formødrer og -fedrar såg ut og bevega seg. 

Charles Darwin – far til evolusjonsteorien – hevda i 1871 at å gå oppreist på to bein er eit særtrekk for menneske. Lucy gjekk oppreist for om lag 3,2 millionar år sidan, og dei berømte fotspora frå Laetoli i Tanzania, som vart avdekt i 1978, stadfesta at tidlege homininar gjekk som oss for minst 3,7 millionar år sidan.

Lucy og andre viktige fossilfunn, særleg frå Riftdalen, har gitt oss uvurderleg innsikt i evolusjonen av mennesket.

Lucy hadde likevel ein liten hjerne samanlikna med moderne menneske, og funnet av Lucy konkluderte difor debatten om kva som kom først – oppreist ganglag eller stor hjerne. Dette var viktig innsikt i evolusjonen av slektslinja som fører til oss.

Lucy og arten hennar levde i Aust-Afrika frå om lag 3,9 til 2,9 millionar år sidan. I 2010 fann forskarar fossile bein med kuttmerke som er cirka 3,4 millionar år gamle, og dei indikerer at tidlege homininar brukte steinreiskap til å skjere av kjøt frå dyrekadaver. 

Lucy ser ut til å ha hatt fleire trekk som forskarar tidlegare antok berre kjenneteikna menneskeslekta, nemleg bruk av reiskap og konsum av kjøt. Kuttmerka utfordra dette synspunktet.

I 2015 vart dei hittil eldste kjente tilverka steinverktøya avdekt nær Turkanasjøen i Kenya, og dei er rundt 3,3 millionar år gamle. Desse reiskapane stadfestar at tidlege homininar brukte kreativitet til å transformere verda rundt seg for å skaffe seg det dei trong.

Afrikansk opphav

Gruvearbeidarar i Sør-Afrika fann den 2,8 millionar år gamle hovudskallen til det såkalla Taungbarnet allereie for 100 år sidan, i 1924. Dette fossilet viste at tidlege homininar levde i Afrika – i tråd med ein hypotese av Darwin. 

Funnet av Lucy kom på eit tidspunkt då det vart stadig meir akseptert at menneskeslekta har opphavet sitt i Afrika. Lucy vart eit symbol på denne erkjenninga og bidrog til interesse for vidare forsking. Afrika er no allment anerkjent som kontinentet der våre tidlegaste formødrer og -fedrar utvikla seg.

Lucy og andre viktige fossilfunn, særleg frå Riftdalen, har gitt oss uvurderleg innsikt i evolusjonen av mennesket. Funna viser at tidlege homininar utvikla seg i Afrika. Homo erectus var den første homininen som spreidde seg til andre delar av verda for 1,8 millionar år sidan. 

Afrika er no allment anerkjent som kontinentet der våre tidlegaste formødrer og -fedrar utvikla seg

Også det moderne mennesket, Homo sapiens sapiens, utvikla seg i Afrika for knappe 200 000 år sidan. Det var i Afrika at vi temte elden, starta å kommunisere gjennom språk og fann opp komplekse reiskapar som pil og boge.

Kreativt samarbeid er særeige for menneske, og desse evnene har forma kroppane, medvitet og kulturane våre – på godt og vondt. Sjølv om vi har spreidd oss over nesten heile kloden og har stort mangfald i utsjånad, språk og kultur, så har mennesket som art usedvanleg stor genetisk likskap oss imellom.

Betydninga av Lucy i dag

Etter femti år er Lucy framleis eit ikon i paleoantropologien – studiet av evolusjonen av mennesket. Funnet har inspirert forskarar til å drive feltarbeid i avsides område under vanskelege forhold for å utvide kunnskapen vår. 

Denne forskinga har vist at det fanst fleire ulike og samtidige homininar og menneskeartar i mesteparten av vår lange slektshistorie – til neandertalarane forsvann for knappe 40 000 år sidan.

50-årsjubileet for funnet av Lucy er ikkje berre ei markering av eit viktig vitskapleg funn, men også ei påminning om betydninga av å forstå evolusjonen vår. Gjennom å studere fortida kan vi navigere betre dei komplekse utfordringane vi står overfor framover.

Med klimaendringar, naturkriser og teknologisk utvikling er det viktigare enn nokon gong å forstå vår evolusjonære fortid. Kunnskapen om korleis vi har tilpassa oss tidlegare miljøendringar gjennom kreativitet og samarbeid, kan gi oss innsikt i korleis vi kan møte utfordringane som ligg framfor oss.

Lucy minner oss om at vi menneske har ei eksepsjonell evne til tilpassing og innovasjon

Evolusjonen av mennesket er kjenneteikna av at vi har møtt truslar og vanskar med nyskapande løysingar som dei andre artane ikkje kom opp med. Vi har funne opp jordbruk, skriftspråk, kompass, elektrisitet og kunstig intelligens. Løysingane våre på utfordringane i notida må også vere kreative og tufta på samarbeid.

Lucy minner oss om at vi menneske har ei eksepsjonell evne til tilpassing og innovasjon, og desse eigenskapane vil også vere avgjerande for å sikre ei berekraftig framtid.

Om forfattaren: Henriette Hafsaas er arkeolog med det nordaustlege Afrika som spesialfelt og ein av undervisarane på det nye emnet «Human Evolution and a Sustainable Future» ved Høgskulen i Volda.

Kjelder:

  • Johanson, D. og Y. Haile-Selassie 2024: 50 years of Lucy. Scientific American, 331/4.
  • Fuentes, A. 2017. The creative spark: How imagination made humans exceptional. Penguin.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne artikkelen. Eller spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om et viktig tema vi bør dekke?

Read Entire Article