Eit planlagt skolebesøk i Førde enda måndag med at Høgre-leiar Erna Solberg (64) fint måtte finne seg ein annan stad å møte veljarane.
Forklaring: Ho var for gammal til å komme inn.
Nytt av året er nemleg ein regel i Vestland fylke om at berre politikarar som enno ikkje har fylt 30 år slepp inn på valarrangement i regi av dei vidaregåande skolane.
Grunngjevinga er todelt:
- Å gjere politikken meir tilgjengeleg og relevant for unge veljarar, og tilby rollemodellar («helst under 25») som elevane lettare kan identifisere seg med.
- Å hindre at manesjen blir dominert av «sluggerar» og veteranar som stel glansen frå dei som er up-and-coming.
Solberg seier til NRK at ho ikkje hadde til hensikt å delta i nokon debatt, men at ho «sikkert kunne vore innom og helsa på».
Ho legg til at ho forventar at reglane blir likt praktisert og treffer alle parti like hardt.
– Eg har besøkt denne skolen tidlegare, og tenker at eg overlever å ikkje vere der. Uansett ... eg trur aldri eg ville våga meg inn i ein skoledebatt i min alder.
– Det passar faktisk betre for dei som er rundt 20, enn for dei som er langt over 30.
Nye aldersgrenser gjer at Høgre-leiar Erna Solberg ikkje fekk tilgjenge til Førde vidaregåande skule måndag formiddag.
Foto: Daniel Hundven-Clements / Hundven-Clements Photography– Ei skam for demokratiet
Dei nye retningslinjene hadde støtte frå alle ungdomsparti da dei blei vedtekne, men har terga på seg kritikarar som meiner dei er for rigide.
Blant desse INP, som ganske enkelt ikkje har nokon talspersonar under 30 år, og difor meiner seg ekskluderte frå det politiske dansegolvet.
«Ei skam for demokratiet», skriv partiet i eit lesarinnlegg.
– Eg oppfordrar dei (INP, jou.anm.) til å etablera eit ungdomsparti, seier Jon Askeland (Sp), som er fylkesordførar i Vestland, og i denne samanhengen for ein olding å rekne (61).
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK– Bør vere litt slack for ein tidlegare statsminister
Silja Ekeland Bjørkly, som er gruppeleiar i Vestland Høgre, seier at intensjonen bak regelen er god, men at den «har ein del uheldige konsekvensar som bør opp til evaluering».
Slik sabbaten blei til for mennesket si skuld – og ikkje omvend – så bør aldersgrenser praktiserast med ein viss fleksibilitet, meiner ho.
– Det bør for eksempel vere litt slack når ein statsminister eller tidlegare statsminister ønsker å besøke ein skole.
– Er du sikker på at ungdommen klør etter å møte desse, eh, «seniorane»?
– Altså, Erna Solberg har vore på skular før, og når ho kjem så er ho veldig populær. Inntrykket mitt er at dei fleste unge synest det er stas når det kjem rikspolitikarar på besøk.
Ho legg til:
– Det er også uheldig at det no er leiarar for ungdomsparti som ikkje får møte på skolane.
AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø fylte 30 år i juli, og sånn sett for ein senior å rekne.
Foto: NTB– Jonas, Sylvi eller Erna har ingenting å gjere på eit skolevaltorg
Ein annan som akkurat passerte «haldbardatoen» er fylkesvaraordførar i Vestland fylke, Stian Davies (Ap). Til liks med AUF-leiaren feira han 30 rundar rundt sola tidlegare i år.
– Skolevaltorg og skoledebatt er for ungdom og av ungdom, seier han.
– Sjølvsagt er det litt dumt at ikkje leiaren i eit ungdomsparti kan delta, men Jonas, Sylvi eller Erna har ingenting å gjere på eit skolevaltorg.
Gruppeleiar for Raudt i Vestland, Jeanette Onarheim Syversen, meiner den nye aldersgrensa er «ein føresetnad for at dei unge skal ta eigarskap til demokratiet og finne plass til si eiga stemme»:
– Det er ingen tvil om at Erna Solberg eller vår eigen Terje Kollbotn (73) kunne ha sanka stemmer på dette.
– Men dei har mange andre arenaer kor dei kan drive valkamp.
Alexander Pápas (SV), 2.-kandidat til Stortinget frå Hordaland og fylkespolitikar i Vestland
I debatten må aldersgrensa handhevast strengt. På valtorget og blant tilskodarane bør det likevel vera rom for at partia kan supplera med folk over 30 år, sidan ikkje alle ungdomsparti har mange nok aktive medlemmar eller stor nok organisering til å dekkja alle skular åleine. Det kan dessutan ha ein verdi at til dømes godt vaksne lokalpolitikarar får møta dei unge!
Jakob Sande Haugset, fylkesleiar i Grønn ungdom Vestland
Det er meir engasjerande for unge å snakke med folk på sin eigen alder, og få sjå at politikken ikkje berre er for folk over 30. I tillegg er skuledebattar ein god arena for unge debattantar. Eg fryktar at terskelen for å stille opp i slike debattar vert enda høgare om ein må sitte mot ein vaksen person som er dobbelt så gammal som, eller kanskje på alder med foreldra til dei som sit i salen.
Jeanette Onarheim Syversen, gruppeleiar Raudt Vestland
Vi støtta å sette ei aldersgrense på 30 år, rett og slett fordi ungdommane i ungdomspartia i Vestland sjølv har ønskt dette! Det er in føresetnad for at dei unge skal ta eigarskap til demokratiet og finne plass til si eiga stemme, at dei blir høyrt av oss som er vaksne.
Pernille Sommer
Suzanne Rødseth, Vestland MDG
Det er viktig å ta omsyn til både skoledebattar som ein arena for ungdomspolitikarar og moglegheita elevane har til å få informasjon om dei ulike partia som stiller til val. Kanskje kan desse rammene fungere som ein motivasjon for parti til å støtte ungdomspolitikarar enda meir, men da bør det også vere mogleg for vaksne å følge dei som debuterer i debatt om dei ønsker det.
Sondre Dalaker
Trude Brosvik, gruppeleiar KrF Vestland
Eg tenkjer at ein bør følge fastsette reglar og ikkje endre midt i ein valkamp. Men at dette bør vere eit tema i evalueringa. Aldersgrensa er delvis sett for å gje relativt like vilkår med at eit parti ikkje skal møte med drivne «sluggerar» og gjere det skremmande for ungdom å stille i debatt.
Simon Skjelvik Brandseth
Silja Ekeland Bjørkly, gruppeleiar Vestland Høgre
Opphavet til regelen var nok at ein ønskte at dette skulle vere for ungdommane og ikkje ein arena for vaksne politikarar. Samtidig ser vi at dette har fått nokre uheldige konsekvensar som vi meiner vi må sjå nærare på til neste val.
Publisert 25.08.2025, kl. 13.43