Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_5e66ebd456f092323d25d9e78604ecdd, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Er lågt hårfeste den nye gullstandarden? - NorwayToday

Er lågt hårfeste den nye gullstandarden?

3 hours ago 2


Openheita rundt hårtap har skote fart blant unge menn. Psykolog hyllar samtalen, men meiner openheita har ein pris.


– Eg har nettopp klipt meg. Ein kompis sa at eg ser ut som Shelby i Peaky Blinders, men eg veit ikkje om det er eit kompliment.

Bildet viser en person i dress med tilhørende slips, som ser ut til å være i en formell setting. Personen står alene mot en mørk bakgrunn, noe som kan indikere en presentasjon eller et intervju. Det er ingen synlige detaljer i omgivelsene som gir ytterligere kontekst til situasjonen. Bildekomposisjonen fokuserer på personen, og ansiktet er ikke synlig.

Det fortel Isak Skotheim som til dagleg spelar fotball for Hødd i Ulsteinvik, medan han dreg fingrane gjennom håret.

Tre ulike utklipp av en ung mann som drar hendene gjennom luggen mens han ser seg selv i speilet

Men for fotballspelaren var ikkje dette ei sjølvfølge. For nokre år sidan var ikkje det mykje hår igjen på toppen av hovudet.

– Eg hadde ein onkel som brukte å seie at det såg ut som om nokon hadde brukt ein limstift, limt litt og berre kasta på litt hår då han miste håret. Plutseleg kjente eg meg igjen i det.

Hadde alltid hatt langt hår

Som 20-åring var Isak den første i vennegjengen som begynte å miste håret.

– Eg skinna meg fordi eg hadde lyst, men så grodde det aldri tilbake slik det var. Då tenkte eg «shit, eg kjem faktisk til å miste håret».

Det lange, tjukke håret han hadde hatt heile livet, var i ferd med å forsvinne.

En person står foran en vegg med tre innrammede bilder av barn. Personen peker på ett av bildene og har på seg en hvit T-skjorte. Omgivelsene er innredet med nøytrale farger. Belysningen på bildet er klar og fremhever detaljene.

Isak Skotheim peikar på eit bilde av seg sjølv som liten. Han har alltid hatt tjukt hår, før det begynte å forsvinne i 20-åra.

Foto: Eline Østby Stener / NRK

– Eg fekk ikkje panikk, men det var jo litt irriterande. Eg hadde alltid hatt langt hår, og det var på ein måte identiteten min.

Kor mykje håret betydde, tenkte han ikkje over før det plutseleg forsvann. Så begynte han å tenke på det kvar dag.

– Eg følte at eg ikkje var heilt meg sjølv. Eg tok det med eit smil, men inst inne var det ein liten mental ting, fortel han.

VM, Arsenal og 2000 «grafts»

Løysinga blei ein hårtransplantasjon, inspirert av Arsenal-spelar Rob Holding, som hadde stått ope fram om sin eigen prosess.

  • To spillere i fotball i aksjon, med en spiller kledd i rødt fra Arsenal og en i blått fra Manchester City. Den røde spilleren forsøker å forsvare seg mot den blå spilleren, som er i ferd med å dra forbi. Bakgrunnen viser en del av stadion med tilskuere. Begge spillere er fokusert på ballen midt i bevegelsen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Arsenalspelar Rob Holding i duell med Haaland i 2023.

    Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters / NTB
  • undefined (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Holding sitt hår før hårtransplantasjonen.

    Foto: Nick Potts / AP / NTB
  • To spillere fra Arsenal og Manchester City er i en konkurrerende situasjon på banen. Spilleren fra Arsenal, iført rød og hvit drakt, prøver å stoppe ballen fra Manchester City-spilleren, som har på seg lyseblå drakt. Bakgrunnen viser en publikumsbølge og stadionlys som skaper en sportslig atmosfære. En fotball ligger på gresset nær spillerne.

    Slik såg håret til Holding ut etter hårtransplantasjonen.

    Foto: Reuters

– Eg visste ikkje at det var mogleg å få eit så bra resultat av hårtransplantasjon. Han såg ung ut igjen, seier Isak.

Saman med storebroren la Isak ein plan, men han trong eit siste «push».

– Eg sa til kompisane mine: «Om Argentina vinn VM, då gjer eg det».

Då Lionel Messi kunne løfte trofeet i Qatar, blei valet tatt for dei. Isak og broren sette seg på eit fly til London, og drog til den same klinikken Rob Holding brukte, for å få håret tilbake.

Bildet viser en hode- og skulderprofil av en person, med fokus på skader eller merker på hodet. Det er synlig en rødaktig eller blålig misfarging på hodebunnen. Bakgrunnen er enkel og svart, noe som trekker oppmerksomheten mot personen. Ingen andre visuelle elementer eller omgivelser er til stede i bildet.

2000 såkalla «grafts» blei flytta frå bakhovudet til vikane for ein nesten sekssifra sum. Prosessen var ikkje berre smertefri:

– Du må gjennom eit par månader som er ubehagelege. Det kjem død hud, og du kan ikkje bøye hovudet ned, for då kan ting «poppe ut». Men etter fire månader begynte eg å få sveis igjen, forklarer han.

Ein veksande trend

Isak har i ettertid valt å vere fullstendig open om inngrepet, også på fotballbana i Ulsteinvik.

– Då vi hadde treningar, var det ikkje på med noko lue for å skjule det. Det var berre å få det fram i lyset, fortel han.

Denne ærlegdommen er han ikkje åleine om. Isak er ein del av ein veksande trend om openheit rundt hårtap blant menn.

Psykolog Benjamin Silseth merkar ei endring og meiner tabuet rundt menn og utsjåande blir mindre.

– Det har vore ei velkjend utfordring for mange menn, som før har vore litt skambelagd og vondt å forhalde seg til. Mitt inntrykk er at det no har blitt lettare å snakke om hårtap, og at temaet har fått større plass enn tidlegare.

Bildet viser en person i en mørk genser som står foran en rosa bakgrunn. Personen ser rett mot kameraet, noe som gir en direkte komposisjon. Omgivelsene er enkle og uavhengige av personen, uten distraksjoner. Det er ingen grafiske elementer eller redigering synlig i bildet.

Psykolog Benjamin Silseth meiner menn har blitt meir forfengelege enn før. – Det meiner eg med positivt forteikn. Det skal jo vere rom for at menn også skal kunne snakke om utsjånaden.

Foto: Kjetil Solhøi

Klinikkane NRK har vore i kontakt med, bekreftar at det har blitt større openheit rundt hårtap blant menn.

Masterklinikken merkar ein auke i førespurnadar særleg frå unge menn. 25 prosent av hårtransplantasjonane hos klinikken i 2025 var på pasientar under 30 år.

– Då eg begynte i bransjen, var det sjeldan vi hadde gutar under 25, så den andelen har auka ein del. Det losna etter pandemien, seier Sten Thure Eriksen, dagleg leiar ved Masterklinikken.

Men det er trykket rundt konsultasjonar som har auka mest, men Eriksen seier nei til fleire av dei unge som møter opp.

Kundane har blitt yngre og stigmaet mindre.

– Før stakk folk på hytta og gøymde seg i ein månad, men det hemmeleghaldet er borte no. Eg tippar at om fem til ti år er dette heilt normalt, hevdar Eriksen.

Sten Thure Eriksen og Fredrik

Ifølge frisør og dagleg leiar i Masterklinikken Sten Thure Eriksen tar stadig fleire unge menn kontakt med klinikken med ønske om lågare hårlinje. – Det har losna skikkeleg etter pandemien, fortel han.

Foto: Mathilde Kaupang

Ei permanent endring – med atterhald

Det har no gått eitt år sidan det kirurgiske inngrepet til Isak. Han fortel at sjølv frisøren hans blei imponert over resultatet.

Sjølv om dei transplanterte håra er permanente, går biologien sin gang med håret som ikkje er flytta på.

Derfor går han på medisinen Finasterid for å stoppe hårtapet.

– Eg ser at det allereie har begynt å bli litt tynnare bak det området eg transplanterte. Så kva eg gjer vidare, får eg sjå. Kanskje eg må ta meg ein tur for å fylle på, fortel han.

Salet av medisinar mot hårtap har skote i vêret dei siste åra. Bruken av Finasterid dobla seg frå 2024 til 2025, ifølge Eriksen.

Medisinen må skrivast ut av fastlege og lista med moglege biverknadar er lang.

Verken Isak eller broren har merka biverknadar enno, men Isak er tydeleg på kvar grensa går:

– Om eg merkar noko betydeleg, sluttar eg med éin gong. Det er ikkje så viktig at det skal gå ut over livskvaliteten, seier han.

Kampen om den perfekte hårlinja

Men den auka openheita har også ei bakside. Fleire klinikkar er bekymra for at unge gutar kan ta dårlege val.

  • Portrett Emil George ved Scandinavisk hårinstitutt

    Emil George

    🥼Hårtransplantasjonslege i Skandinavisk Hårinstitutt

Emil George, lege ved Skandinavisk Hårinstitutt, opererer i all hovudsak ikkje menn under 25 år. Han er bekymra for at unge si jakt på den perfekte låge hårlinja, kan slå hardt tilbake.

– Når ein er yngre, kan ein ha litt urealistiske forventningar. Fleire vil ha den låge hårlinja ein hadde då ein var 20 eller 18 år, utan å tenke gjennom konsekvensane av at det vil sjå veldig «faked» ut når ein blir eldre.

Han er bekymra for at manglande kunnskap blant yngre kan lokke dei til billege og useriøse aktørar.

– Seriøse klinikkar takkar kanskje nei, og useriøse klinikkar takkar ja. Plutseleg sit du med berre lugg og resten av hovudet skalla når du er 70.

  • portretter

    Tom Viken

    👨‍⚕️Hårtransplantasjonslege

    🏢 Medisink gründer av Medicura

Klinikken Medicura bruker mykje tid på å realitetsorientere unge gutar.

– Dei er ofte veldig fortvila når dei begynner å miste håret og fokusert på kva dei kan gjere med det. Vi pratar veldig mykje med dei og anbefaler ofte andre typar behandlingar før transplantasjon. Det er ikkje alltid kirurgi er det riktige første steget, spesielt når hårtapet framleis er uføreseieleg, seier lege i Medicura, Tom Viken.

  • portretter

    Ståle Buhagen

    🥼Overlege og spesialist i plastikkirurgi og generell kirurgi ved Klinikk A

    🩺Medlem av Norsk forenining for estetisk plastikkirurgi

Etter fleire bekymringsmeldingar har NFEP nyleg sendt ut eit brev til fleire norske klinikkar for å rydde opp i tvilsam marknadsføring som kan villeie pasientar.

Ståle Buhagen peikar på følgjande reglar for marknadsføring av kosmetiske inngrep:

Overdrive fokus på gullstandarden

Psykolog Benjamin Silseth hyllar i utgangspunktet den aukande openheita blant menn, men peikar på eit paradoks:

Til meir vi snakkar om problemet, til fleire kan bli bevisste på eigne små «feil».

– Det skal vere rom for at menn snakkar om utsjåande, men vi må passe på at det ikkje blir ein «gullstandard» alle må nå. Om fleire føler at ein må bry seg, blir det eit usunt press ingen er tente med, seier Silseth.

En person står foran et speil i et bad, iført en hvit t-skjorte. Hen holder en krukke mens flere skjønnhetsprodukter er synlige på hyllen bak. Omgivelsene inkluderer en servant med ulike produkter og et moderne badedesign. Lyset i rommet er klart, noe som gir en lys atmosfære.

Isaks førebur seg til fotballtrening.

Foto: Eline Østby Stener / NRK

Han meiner det er viktig å vere kloke i samtalen om hårtap og utsjånad.

– Openheit har ein pris. Om det blir eit stort fokus på kor positivt det er å behalde håret, kan det bli ei byrde for dei som mistar det. Derfor der det viktig å vinkle samtalen meir personleg at «dette var riktig for meg», framfor å skape ein standard om at «det er best for alle å ha hår».

Isak fortel at hårtransplantasjonen var eit riktig val for han, og at han aldri følte seg pressa til å gjere det. Men kor mykje betyr eigentleg hår?

– Det er så rart for det betyr ikkje så mykje, men det er så dumt å seie når eg har brukt både pengar og tid på dette håret. For meg handla det berre om å føle seg i den alderen eg er.

Han står godt i valet sitt, men reflekterer rundt at valet kunne ha sett annleis ut:

– Om nokon før meg hadde sagt: «Eg køyrer berre skalla, eg gidd ikkje bry meg», er det godt mogleg eg hadde tenkt: «Ok, køyr. Eg blir med». Det handlar mykje om menneska rundt deg – ein blir jo påverka, særleg når ein er ung, avsluttar han.

Publisert 30.01.2026, kl. 19.24

Read Entire Article