Er dette slutten for bygda?

1 month ago 12


Skolenedleggelsene

Dette har skjedd

  • En rekke skoler i distriktene over hele landet er foreslått nedlagt. Det har skapt stor debatt.
  • Bø, Drammen, Bærum, Haugesund, Asker, Ullensvang, Kristiansand er blant stedene som kan miste lokale skoler.
  • Innlandet er særlig hardt rammet. I Lom, Flisa, Dokka og Skjåk har forslagene om nedleggelser av videregående skoler har ført til kraftfulle protester.
  • På NRKs «Debatten» deltok Tom Stræte Lagergren, kjent som Matoma. Han kjemper mot skolenedleggelser - blant annet i Flisa der han selv vokste opp. Han mener dette vil ha alvorlige konsekvenser for lokalsamfunnet.
  • Camilla Røste, elev ved nedleggingstruede Dokka videregående skole, skrev et leserinnlegg i VG med tittelen «Matoma har rett: elendig idé å legge ned skoler». «Hvis disse forslagene går gjennom, vil hverdagen vår bli helt forandret, på måter ingen av oss ønsker», skrev hun. Hun nevner ogs å redselen for å få en lang reisevei, mindre fritid og at unge må flytte fra hjemmet sitt i en alder av 15 år.
  • Da svarte Lukas Kampesveen i Unge Høyre: «Nei, Matoma har ikke rett. Noen ganger er det helt riktig å legge ned skoler». Han mener at skolene kan tilby elevene mer valgfrihet og bedre bredde i tilbudene burde gi minst like mye trivsel som kort reisevei gjør.
  • Vil du dele din mening? Send en mail til ungemeninger@vg.no
Bilde av Synne VorkinnSynne Vorkinn

Artist, kjent som «Synne Vo», fra Lesja i Innlandet

Dei siste vekene har eg forsøkt å forklare dei i min omgangskrets som har vakse opp i meir urbane strøk, kvifor denne skulestruktursaka vekkjer så mykje engasjement.

Forklaringa mi har vore rotete og til tider for emosjonell til at eg har greid å formidle det.

Men her kjem altså eit forsøk på å forklare kvifor dette burde vere viktig uansett kvar du kjem ifrå.

Eg vil innleie med Store norske leksikon sin definisjon på kva barndom er:

«Den første fasen i livet, fra barnet er født og avhengig av voksnes omsorg og beskyttelse, og til det er fysisk og mentalt i stand til å stå på egne ben og blir ungdom eller voksen».

 PrivatSynne hjemme på Lesja. Foto: Privat

Det kan sikkert variere fra person til person når ein meiner at sin eigen barndom var over. For min del, ville eg sagt at den ikkje var over før i starten av 20-åra.

Den var ihvertfall tilstades så lenge eg var i tenåra.

Faktisk var det kanskje i tenåra eg hadde aller mest behov for foreldra mine sin omsorg og rettleiing i alle utfordringane eg møtte i løpet av denne tida.

Om eg ikkje alltid følte tilhørigheit sosialt på skulen, hadde eg noko å kome heim til.

Eg knytta viktige bånd med familien min, fekk vere ein del av småsøskena mine sin oppvekst og tilbringe tid med besteforeldra mine. Eg kom heim til middag kvar dag, og kunne ikkje snike meg vekk fra viktige måltid.

Sjølv om eg rørte alkohol lenge før eg hadde lov til det, var det alltid i nærleiken av heime, i eit velkjent miljø, og foreldra mine var berre ein telefon unna om noko skulle skje.

Å kunne kome heim gjorde meg trygg, i ei ellers usikker fase av livet. Eg hadde tid og moglegheit til å vere ung. Det eg ikkje hadde tid til eller behov for, var å vere pendlar eller bu aleine i dei mest definarande åra av ungdomstida mi.

Unge-Høyre-politikar Lukas Kampesveen skreiv i ein kronikk denne veka:

«At skolene kan tilby elevene mer valgfrihet og bedre bredde i tilbudene burde gi minst like mye trivsel som kort reisevei gjør».

Dette utsagnet er eg heilt ueinig i.

Når ein er 15-16 år, trur eg det er ting som er viktigare enn valfriheit i skulen. Desse åra, er ei tid som i stor grad handlar om identitetsbygging og utforsking, der ein har behov for ei trygg hamn, voksne rundt seg og ikkje minst fritid til å dyrke andre sider ved seg sjølv.

Eg trur at dét er viktigare for ungdom sin robusthet og trivsel, enn å kunne velge om ein vil ha psykologi eller friluftsliv som valfag.

Eg skulle gjerne sagt med handa på hjartet at eg kjem til å vende tilbake til bygda på eit tidspunkt. Og på mange måtar, ønskjer eg det.

Fyrst og fremst fordi eg vil at det skal vere liv i bygde-Noreg.

Eg vil kunne køyre fra Oslo til Lesja og sjå lys i husa langs vegane, kyr på jordene, eg vil kunne stoppe i sentrum og kjøpe ein kaffe og noko og bitei og ikkje få følelsen av at det er forlatt.

Hva tenker du?Bør vi beholde distriktsskolene? aJa, det er viktigbNei. Vi kan ikke det.cUsikker

Eg vil kunne gå fjellturar i den norske fjellheimen, bu på DNT-hytter som driftast av småbarnsfamiliar og at om ulykka skulle skje - vil eg at det skal vere ei legevakt i nærleiken.

Eg vil kunne gå på butikken og kjøpe norske råvarer, mjølk, kjøtt og grønnsaker fra norske bønder. Men kven skal forvalte alle desse attraksjonane, ressursane og institusjonane dersom ingen vil bu att her?

Nedlegging av skular, betyr tap av arbeidsplassar og ikkje minst gjer det bygdene meir uattraktive å busetje seg i eller vende tilbake til. Om eg ein dag får barn, ville eg nødig flytte til ein plass der eg veit at ungane mine må flytte ut i ein alder av 15.

Eg håpar at det vil friste meg å flytte heim ein dag, men eg er likevel redd at dette er starten på slutten - eit dominobrikkespel som nærmast blir umogleg å vende.

Det har kanskje ein høg prislapp å oppretthalde skular i distriksnoreg, men det går ikkje an å setje ein pris på unge sin barndom og mentale helse, ei heller på den kulturen og historia vi kan kome til å miste den dagen bygdene blir borte.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
Read Entire Article