Måndag vel bedriftsforsamlinga i Equinor ny styreleiar i selskapet.
Alt tyder på at Jarle Roth, som er innstilt til toppleiarvervet, blir valt.
Dermed er det han som etter all sannsyn får eit av Noregs viktigaste styreleiarverv i tida framover.
Men med vervet følger det også klare forventingar, mellom anna frå miljørørsla.
– Me ventar at Roth og styret sørger for at Equinor faktisk gjennomfører den fossilfrie omstillinga dei har hatt i strategiane i årevis, men som administrasjonen tydelegvis har trenert av omsyn til oljeprofitt, seier leiar av Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.
– Me treng ein snuoperasjon i Equinor, seier Gulowsen.
Foto: Vegar ErstadHan kallar Equinor sine noverande investeringar og retning eit «veddemål mot Parisavtalen», og at det ikkje held mål.
– Me treng ein snuoperasjon i Equinor, og det er styret sitt ansvar å gjennomføra det, meiner Gulowsen.
Equinor viser til at dei ved utgangen av 2025 hadde redusert eigenopererte utslepp med 34 prosent samanlikna med 2015.
– Og me er godt på veg til å redusera eigenopererte utslepp med 50 prosent innan 2030. Samstundes investerte me meir enn 29 milliardar kroner i fornybart og lågkarbonløysingar i 2025, seier pressetalsperson for Equinor, Nora Callander.
Krevjande energiomstilling
Roth vil ta over for Jon Erik Reinhardsen, som har vore styreleiar sidan 2017, men som nå ønsker å tre ut av styret.
NRK har snakka med folk med god kjennskap til Roth. Dei peikar på ein leiar med grønt engasjement og erfaring med omstilling.
Han er i dag uavhengig rådgivar, og har tidlegare hatt direktørroller i fleire norske selskap, blant dei Umoe Gruppen.
Selskapet blei grunnlagt av investor Jens Ulltveit-Moe, og har hatt eit sterkt fokus på grøn teknologi, fornybar energi og berekraft.
Nils Morten Huseby er leiar av valkomiteen i Equinor.
Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK– Roth treff veldig godt på det valkomiteen har vore ute etter. Han er ei stø hand, som har både erfaringa og tyngda me treng, og kjenner selskap, bransjen og styret. Det gir både kontinuitet og ein god start i rolla, seier Nils Morten Huseby, som er leiar av valkomiteen i Equinor.
Som styreleiar er oppgåva å sørga for at styret og administrasjonen gjer jobben sin. Ein sentral del av rolla er også å følge opp strategiar.
– Det betyr i praksis å sikra at Equinor har eit styre som fungerer godt og tar gode, balanserte avgjerder også i ein krevjande energiomstilling, seier Huseby.
Usikker på fornybar reise
Sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 Sør-Norge har god kjennskap til oljenæringa.
Han trur den viktigaste rolla for den nye styreleiaren blir å balansera det store energibehovet i Europa mot fornying og ei tid med lågare oljeaktivitet og meir fornybar energi.
– Det ligg nok i korta at Equinor skal vera med på ei reise i retning av meir fornybart. Men kor raskt det vil gå, og kva form det vil komma i, er nok litt meir usikkert. Det kjem også an på rammene frå politikarane og styresmaktene, sidan det er eit selskap med stort offentleg eigarskap, seier Knudsen.
– Nå kjem det etter kvart ei oljemelding som vil legga føringar for korleis planen til Equinor vil meislast ut, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen.
Foto: Øystein Otterdal / NRKSjeføkonomen seier ei grøn omstilling for Equinor er krevjande av minst to grunnar.
– Det eine er at omstillinga og dei grøne prosjekta har blitt mindre lønsame. Kostnadane har auka og inntektene har blitt meir usikre og skyve ut i tid, seier Knudsen.
– Det andre er at det politiske landskapet er ganske delt. Nå kjem det etter kvart ei oljemelding som vil legga føringar for korleis planen til Equinor vil meislast ut, held han fram.
– Lenger unna målet
Equinor har dei seinare åra gått frå å kalla seg eit oljeselskap til eit energiselskap.
Naturvernforbundet meiner dei likevel har ein lang veg til å faktisk innfri merkelappen.
– Eg opplever at Equinor er lenger unna målet om å bli eit energiselskap enn dei kanskje nokon gong har vore. Den fossile armen er blitt sterkare og sterkare, sjølv om me veit at kvar einaste krone i oljeinvesteringar er eit veddemål mot ei ansvarleg framtid, seier Gulowsen.
– Fokuset vårt er å levera stabil energi frå både olje og gass og fornybart på ein lønnsam måte. Samstundes held me fram med å redusera utsleppa frå produksjonen vår, seier Nora Callander i Equinor.
Det er venta at Jarle Roth tar over vervet som styreleiar i Equinor frå 1. juli.
Først etter det vil han bli intervjua om det nye vervet.
Publisert 08.06.2026, kl. 05.27
















English (US)