Else Kåss Furuseth: – Emojiar er ikkje nok

2 hours ago 3


– Det er nesten freistande å seie gratulerer med dagen!

Det seier Else Kåss Furuseth på verdsdagen for psykisk helse.

Årets kampanje oppmodar til å setje av åtte minutt og ringe nokon du bryr deg om.

Ifølgje SSB opplever kvar tredje person under 44 år lite meining med livet. Korte telefonsamtalar kan utgjere ein skilnad, viser forsking.

– Det er enklare enn du trur og betyr meir enn du aner, seier dei.

Nedst i saka får du folk sine beste tips til å ta vare på psykisk helse.

– Snuten ned i mobilen

Korte samtalar har betydeleg effekt på både relasjonen og den psykiske helsa. Kåss Furuseth slår eit slag for å ringe.

– På bussen og trikken sit folk med snuten ned i mobilen. Det å ringe nokon, utan ei spesiell hensikt, må vi bli flinkare på. Rett og slett sjekke inn. Emojiar er ikkje nok.

Særleg dei unge snakkar lite i telefonen, og vil heller tekste.

– Det er ein treningssak, og, seier Vebjørn Leite Olsen, nestleiar i Mental Helse Ungdom.

Han trekk fram at å snakke på telefon er meir personleg:

– Og ein kan kanskje høyre korleis det faktisk går.

Datatilsynet er skeptisk til ny Snapchat-funksjon

RING: Dropp Snapchat, Instagram, Facebook og tekstmelding i dag. Ta heller opp telefonen og ring nokon du bryr deg om.

Foto: Beate Oma Dahle

«Flink jente»-syndromet

Vi er oftare vekke frå jobb fordi vi strevar psykisk, ifølgje Nav. Sandra Lindholm var lenge vekke på grunn av depresjon.

– Eg sat på toget på veg på jobb. Klumpen i magen vart tyngre og tyngre, og tårene trilla.

Det var starten på ein langvarig depresjon. I ein alder av 42 vart ho så dårleg at ho flytta heim til mor si i Sverige.

– Mamma ringde meg kvar dag for å sjekke at alt var bra, og kanskje til og med at eg var i live, seier ho.

Sandra Lindholm

FULL JOBB: Sandra Lindholm er tilbake i hundre prosent jobb, etter å ha vore deprimert lenge.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Depresjonen kom som følgje av krava til seg sjølv.

– Eg har «flink jente»-syndromet.

Sjefen hennar på Mester Grønn i Kolbotn vart viktig for å stable seg på beina igjen.

– Ho spurte meg korleis eg ville ha det på jobb, prata med meg når eg kom på jobb og før eg gjekk. Det har gjort at eg har kome tilbake i hundre prosent stilling.

Beskjeden er tydeleg:

– Når ting du vanlegvis meistrar enkelt begynner å bli vanskeleg, då har du eit problem. Du må ta tak i det så fort som mogleg, det er ekstremt viktig.

Ringer du folk du er glad i?

Kan gjere ein skilnad

Også Kåss Furuseth har vore open om psykiske utfordringar. Ho har mista både mor og bror til sjølvmord.

Ho heiar på dei korte samtalane.

– Ein treng ikkje alltid å gå til det vanskelege, men ein må tore å stille spørsmål. Korleis har du det eigentleg? Då må ein også orke å høyre svaret.

Ein må tore å bety noko for andre. Og ein har ikkje ansvar for andre si helse, men ein kan gjere ein skilnad.

Komikaren har også forslag til dei som ikkje er så glade i å prate.

– Det kan vere fint å hjelpe andre med praktiske og konkrete oppgåver i kvardagen. For det er jo ganske mange der ute som har usynlege utfordringar.

– Kor god er du til å vere ærleg?

– Eg er betre på TV enn på privaten, seier ho.

– Kven var den siste du snakka med då?

– Den siste eg snakka med var mannen min, Tommy, som ringde for å vekke meg. Eg trur kanskje han sovna undervegs, ler ho.

Publisert 10.10.2024, kl. 10.08

Read Entire Article