Det blir lagt merke til internasjonalt at han som inntil nyleg var Nato-sjef, no er blitt finansminister i Noreg.
– Jens Stoltenberg gjer ein overraskande retur til frontlinja i norsk politikk, skriv Financial Times.
Nyheitsbyrå som Reuters, AFP, Ritzau, Associated Press og TT bruker mykje spalteplass på den nye finansministeren.
Reuters skriv at regjeringa, med Stoltenberg på plass, får ein erfaren diplomat i ei tid med global handelsuro.
Pressekonferanse med Stoltenberg og Trump etter det første møtet mellom dei to 12. apr. 2017. Begge understreka at mange Nato-land må auke forsvarsbudsjetta sine.
Foto: Evan Vucci / APGodt forhold til Trump
Fleire trekkjer fram den gode relasjonen Stoltenberg, som Nato-sjef, hadde til Donald Trump i den første presidentperioden. Dei to møttest for første gong i Det kvite hus 12. april 2017. No er Trump tilbake.
– Stoltenberg har eit stort internasjonalt nettverk både i USA, EU og andre land. Det kjem sjølvsagt godt med, særleg i dei tidene vi er i no, seier rådgjevar i tankesmia Civita, Eirik Løkke.
– Kor nyttig vil det kunne bli for regjeringa?
– Det betyr at Noreg, i dei tilfella vi treng det, lettare kan få kontakt. Spesielt dersom det blir handelskrig, vil vi lettare kunne få tilgang, slik at regjeringa kan leggje fram si sak. Vi vil truleg få komme tettare på folk i sentrale posisjonar rundt Trump, seier Løkke.
Til venstre: Statssekretær Sissel Kruse Larsen og finansminister Jens Stoltenberg 4. februar 2025. Til høgre: Statsminister Thorbjørn Jagland og finansminister Jens Stoltenberg 29. september 1997.
NTB– Er «tollminister»
Forholdet til Trump var også tema då NRK stilte spørsmål til Stoltenberg under nøkkeloverleveringa i Finansdepartementet tysdag ettermiddag.
– Under di tid i Nato har du vore tydeleg på at du har hatt eit godt forhold til president Donald Trump. I ei tid med stigande tollbarrierar i verda, korleis vil du bruke den relasjonen for å gagne Noreg?
– Eg er finansminister, og mitt hovudansvar er budsjett og mange innanrikspolitiske spørsmål. Men det er klart, det er ei grenseflate mellom økonomisk politikk i Noreg og internasjonal økonomi. Finansdepartementet er eit tolldepartement som handlar om internasjonale spørsmål.
Stoltenberg understreka at det er eit tett samarbeid i regjeringa i spørsmålet om handelskrig.
– Vi skal gjere alt vi kan for å unngå at det blir handelsbarrierar mot Noreg. Og då skal eg som tollminister, som ansvarleg for tollsatsane her i landet, sjølvsagt jobbe tett opp mot statsministeren, utanriksministeren og næringsministeren om dette, sa Stoltenberg.
Stoltenberg møtte Trump i Det kvite hus 12. april 2017.
Statsminister Jonas Gahr Støre meiner det er verdifullt at Stoltenberg tek med seg internasjonale kontaktar og erfaringar som han har opparbeidd seg gjennom åra i Nato.
– Vi får no ein stødig finansminister med god kunnskap til å kunne operere både i Noreg og ute. Det er ein styrke for Noreg sin profil at vi er fleire, i tillegg til Espen Barth Eide, næringsministeren, forsvarsministeren og meg sjølv, som har eit internasjonalt kontaktnett. Vi vil ha bruk for det i tida som kjem, seier Støre.
Dåverande statsminister Jens Stoltenberg (t.h.) og Kenyas statsminister Raila Amollo Odinga (t.v.) i samtale med dåverande generalsekretær Ban Ki-moon på ein konferanse i 2011.
Foto: Johansen, Erik / ScanpixSnakke med Trump-administrasjonen
Stoltenberg kjem til finansministerposten etter ti år som sjef for Nato. Tidlegare har han hatt internasjonale oppdrag på vegner av FN.
– Eg vil dele mine erfaringar, også frå Nato, frå internasjonalt arbeid og frå den tida eg også samarbeidde med president Trump i hans første periode. Og mitt hovudråd er at ein må bruke tid, engasjere, reise over, snakke med administrasjonen, slik vi gjorde i Nato sist.
Og han legg til:
– Det er eg sikker på at utanriksministeren, næringsministeren og ikkje minst statsministeren kjem til å gjere. Og eg også, på dei plattformene og ved dei høva der det er naturleg for meg.
Publisert 04.02.2025, kl. 20.51