Eitt ord blei misforstått. No trur forskarane heilt nytt om statusen til norske kvinner i mellomalderen

3 hours ago 3


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

I teksten står det at kongen er Guds ombodsmann. Ombodsmann er ein term nytta over 40 gonger i Landslova, og både kvinner og menn kan ha rolla som ombodsmann. (Bilde: Faksimile av Landslova)

Ordet maðr blei tidlegare tolka som mann. No meiner dei at det også blei brukt om kvinner.

Ein viktig nøkkel til å forstå statusen til kvinnene låg gøymt i eitt ord: ordet maðr (uttale: mathr) med fleirtalsforma mannæ (menn).

Ordet blir brukt mange gonger i kong Magnus 6. Lagabøters landslov av 1274.

Landslova var ei stor, politisk driven samfunnsreform som prega norsk politikk, rettsliv og daglegliv i 400 år. På 1200-talet var det éi av tre riksdekkande lovbøker i Europa og den einaste som faktisk vart brukt.

Då Landslova vart omsett frå norrønt til riksmål i 1915, valde omsetjaren å omsetje maðr hovudsakleg med mann. Det same gjorde både tidlegare og seinare omsetjarar av enkeltlover og lovutdrag heilt fram til 1997.

– Når vi les desse versjonane av Landslova, får vi inntrykk av at mellomaldersamfunnet var dominert av menn. Det er menn som har eigedom, som har offisielle verv, som opptrer på tinget, seier Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo (UiO).

Mellomalderen

Mellomalderen er den vanlege nemninga på den tusen år lange perioden i Europas historie som ligg mellom antikken og moderne tid. Det er vanleg å regne tida frå omkring 500 til omkring 1500 til mellomalderen.

Kjelde: Store norske leksikon

Skulle samanlikne 1800- og 1300-talsversjon

Han har leia markeringa av 750-årsjubileumet for Landslova. Det har innebore mange år med forsking. 

Det var her det gjekk opp for forskarane at maðr betydde noko anna enn dei hadde tenkt. 

Sunde og Else Mundal skriv om oppdaginga i ein vitskapeleg artikkel som blir publisert i tidsskriftet Collegium Medievale over nyttår. Mundal er professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen.

– Vi hadde allereie ei oppfatning av at rettane til kvinner i mellomalderen var sterkare enn vi før har trudd, fortel Sunde.

Så ein dag våren 2023, då Sunde sat på Nasjonalbiblioteket i Oslo og jobba, oppdaga han noko. Han samanlikna eit samandrag av eit mellomalderbrev publisert i 1864 med det originale brevet frå 1333.

Portrett forsker

Jørn Øyrehagen Sunde meiner at fordommane våre kan hindre oss i å forstå historia. (Foto: Hans Jørgen Brun / UiO)

Eit mellomalderbrev er eit dokument skrive på kalveskinn. Ofte er det eit rettsleg dokument med opplysningar ein ønskjer å ta vare på for framtida. Det kan til dømes vere ein avtale om eigarskap til ein gard.

Fem hadde kvinnenamn

I samandraget frå 1864 stod det at tolv menn hadde avlagt vitnemål i ei eigedomssak. Men i originalteksten frå 1333 stod namna på dei tolv mennene – og der såg han at fem av dei var kvinner.

«Dette går ikkje i hop,» tenkte han. «Maðr må bety menneske.»

Else Mundal hadde skrive om ordet tidlegare, men då gjaldt det den meir allmenne bruken av det norrøne språket. Ingen hadde tatt inn over seg at dette også gjaldt i formelle tekstar om lov og rett, og at slike tekstar retta seg nesten like mykje mot kvinner som menn.

– Folk har lese maðr i lovtekstane i 200 år, men det var Else og eg som oppdaga kva det betydde. Eg gjekk berre rundt og gliste, seier Sunde.

Forskarane bestemte seg for å sjå nærmare på bruken av ordet i Landslova av 1274. 

I over 400 setningane der maðr var nytta, såg dei at termen i tre av fire tilfelle refererte til både menn og kvinner. I 5 prosent av tilfella refererte han berre til kvinner.

– Det som ved første augekast ser ut som ei lov mynta på eit mannsdominert samfunn, vert dermed ei lov for eit samfunn der både menn og kvinner er tydelege aktørar i rettslivet.

Forskarane har ikkje gjort ei nærlesing av andre mellomalderlover, men systematiske undersøkingar av mellomalderbrev har vist same mønster.

Blenda av samtidsbriller

– Korleis kunne det ha seg at ingen hadde skjønt dette før?

– Eg trur ikkje at det dreier seg om rein logikk. Dette er enkelt nok, og til og med på moderne engelsk tyder «man» både mann og menneske framleis, seier Sunde.

Han utdjupar:

– Når dette har blitt oversett i norsk forsking i over 200 år, fortel det oss om faren ved å ta eige samfunnssyn inn i tolkinga av historisk materiale. For 1800-talsforskaren var det vanskeleg å sjå den sterke stillinga som kvinnene hadde i lovene fordi ho var sterkare enn den stillinga kvinnene hadde på 1800-talet.

Sunde meiner at også andre fordommar kan ha lege i vegen for tolkinga av Landslova.

– Når vi førestiller oss mellomaldersamfunnet, førestiller vi oss enkle menneske som lever enkle liv, går i grå vadmål og dyrkar jorda si. At alt som skjer, er at dei blir fødde, giftar seg og døyr. I realiteten levde dei i ein fargerik kvardag full av lukt og kjensler, seier han.

Kvinnene kunne kalle inn til ting

Else Mundal har tidlegare systematisk undersøkt kva rettsleg rolle kvinner vart sagt å ha etter norsk mellomalderrett.

Med fornya forståing av ordet maðr har Sunde og kollegaene sett at kvinnene i mellomalderen også var inkluderte i dei rettane som dei trudde berre gjaldt menn.

Til dømes har det tidlegare vore vanleg å seie at det var frie menn som møtte på tinget. Tinget var eit politisk organ som hadde det vi i dag omtalar som ein lovgjevande, dømande og utøvande funksjon.

– No veit vi at det også møtte mange kvinner på tinget. Etter Landslova fekk kvinnene arverett etter foreldra sine, og dei vart myndige når dei fylte tjue år. Dei måtte møte på tinget for å forsvare og forvalte eigedomen sin, seier Sunde.

For gifte kvinner var det ektemannen som rådde over eigedomen, men rådveldet gjaldt dagleg drift. Mennene kunne ikkje forvalte garden slik at det fekk konsekvensar for eigarskapen.

Eit meir mangfaldig rettsliv

Kvinner kunne også ha offentlege oppgåver. For eksempel kunne dei føre eigne saker på tinget, dei kunne føre saker for eigne barn og også for yngre søsken.

Dei kunne dessutan vere vitne, ekspertvitne og medsverjarar. Dei kunne også ha segl. Det gjorde at dei kunne gje ut offisielle rettsdokument.

I ei rettssak frå Lærdal i 1411 kan det i tillegg sjå ut som at ei kvinne var meddomsmann, ifølgje Sunde.

– Alt dette har i stor grad blitt oversett i 200 år med forsking fordi ein har misforstått ordet maðr. Med den nye forståinga vert rettslivet i mellomalderen langt meir mangfaldig og samansett, meiner han.

Referansar:

Jørn Øyrehagen Sunde og Else Mundal skriv om oppdaginga i ein vitskapeleg artikkel som blir publisert i tidsskriftet Collegium Medievale i 2025.

Miriam Tveit mfl.: «En kvinne skal straffes for alle forbrytelser som en mann». Kjønnsspesifikke straffer i nordisk middelalderlovgivning ca. 1100–ca. 1300. Historisk tidsskrift, 2022. Doi.org/10.18261/ht.101.4.4

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article