– Når norske husstandar tek i mot, i gjennomsnitt, eitt brev i veka seier det noko om eit veldig fallande volum i å ta imot posten på den tradisjonelle måten, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Arbeidarpartiet var med på forslaget om å kutte all postlevering til postkasser, men har etter fleire høyringsinnspel endra forslaget.
– Arbeidarpartiregjeringa ønsker å oppretthalde postombering ein dag i veka til postkasser, slik at det framleis er mogleg å ta imot brev på den måten ein har mottatt post på til no, seier Nygård.
Jon-Ivar Nygård seier at omsyn til folks mobilitet er ein av grunnane til at dei no vil at posten skal leverast ein dag i veka i staden for ingen som først var foreslått.
Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRKPostboks er ikkje løysinga
I tillegg foreslår Nygård at det kan hentast brev og pakkar ved postboksar i butikkar.
– Med dette grepet oppnår vi ei betydeleg innsparing der vi vil spare om lag ein milliard kroner i året, seier Nygård.
– I utgangspunktet er dette for Distrikt-Noreg ein fiendtleg sak som heile Noreg vil lide under, seier Stein Aam som er tidlegare ordførar og senterparti politikar.
Foto: Arne Flatin / NRKPensjonist Stein Aam er veldig kritisk til å måtte køyre for å hente posten.
– Om nokon år framover har eg ikkje sertifikat og kjem meg ikkje til sentrum for å hente posten. Det er jo ei mil til sentrum. I Noreg er det sikkert mange plassar der det er ti mil til sentrum!
Viktig beredskap
I dag vert posten levert to til tre dagar i veka. Leiar i pensjonistforbundet Møre og Romsdal, Anne Lise Hessen Følsvik, meiner at tilbodet allereie er lite og ikkje bør kuttast meir.
– Tenk på det i ein beredskapssamanheng. Dersom straumen skulle forsvinne og det vert problem å kome i kontakt med omverda utan mobiltelefon eller PC. Då er det posten som er det sikre, seier ho.
– Vi må sjå at posten og postverket har ei samfunnsoppgåve det ikkje går an for ei ekspertgruppe å seie skal leggast ned, Seier Anne Lise Hessen Følsvik.
Foto: HANS-OLAV LANDSVERK / NRKFølsvik tenker at forslaget om å kutte postlevering kjem på grunn av auka elektronisk informasjonsflyt.
– Men det er i dag 600.000 personar i Noreg som ikkje er på digitale flater og det gjeld ikkje berre dei eldre. Dei er avhengig av å få post. Det går ikkje an å diskriminere ei heil gruppe, seier ho.
– Kjenner på avmakt
Sjølv om utvalet har endra på forslaget sitt, meiner Anne Lise Hessen Følsvik at det ikkje er nok.
– Det er ikkje slik at alle er pensjonistar heller. Der er til dømes uføre som bur litt bortgøymd som verken har sertifikat eller gode bussamband slik ein kan hente posten sin, seier ho.
Følsvik meiner at politikarane ikkje høyrer på tilbakemeldingane dei får.
– Eg kjenner på litt avmakt over at organisasjonane ikkje vert lytta til. Det blir diskriminering her, seier Følsvik.
Stein Aam kan framleis hente posten i postkassa, men er redd tilbode t skal forsvinne.
Foto: Arne Flatin / NRKStein Aam synest det er for tidleg med ei slik innføring.
– Eg trur forslaget vil fungere om nokre år. Men den generasjonen som har bygd landet bør absolutt få post i postkassa, seier han.
Publisert 26.04.2025, kl. 19.27