Da gravide Tuva fekk brystkreft i 2023, stoppa alt opp. Nå fortel ho og ektemannen Ronny om sjukdomstida og korleis dei kom seg gjennom han.
Tuva Fellman (38) og Ronny Brede Aase (39) er ein kjent duo for dei fleste.
Sidan dei to profilane møtte kvarandre i NRK P3 har dei jobba saman på alt frå «P3aksjonen» til podkasten «I karantene».
Nå er det eit nytt prosjekt som står for tur: å drive eit hotell i Hellas.
Ekteparet er spent på kva som ventar dei, og dei gler seg til forhåpentlegvis å sjå draumen sin gå i oppfylling.
Men dei siste åra har vore alt anna enn ein draum.
– Mista all kraft og alle følelsar
I 2020 fekk dei sitt første barn, men året etter blei ikkje som dei hadde tenkt.
For på våren 2021 fekk Tuva påvist forstadium til brystkreft og måtte som følge av dette fjerne det eine brystet.
I 2023 fekk ho diagnosen brystkreft. Da var ho gravid med barn nummer to.
Tuva blei matt da ho fekk kreftbeskjeden.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKTuva såg alltid for seg at ho ville reagere instinktivt og med mykje adrenalin dersom ho skulle oppleve ei krise.
– Men det viser seg at det gjer eg ikkje. Eg berre mista all kraft og alle følelsar, fortel ho.
Livet endrar seg frå beskjed til beskjed, forklarer Ronny. Når det gjeld kreft er det ingen å bli sinte på.
– Du skal berre vidare i ein «loop» mellom operasjonar, prøver og svar på prøvene. Det er ei krise i sakte film, på ein måte, seier han.
Duoen brukte mykje energi på å skilje gleda med å vente nytt barn frå den vonde kreftbeskjeden.
– Eg fekk alle dei kjipe følelsane ein kan gjette seg til, men vi var også veldig opptatte av at vi skulle ha det fint med at vi skulle få eit barn til, fortel Tuva.
Eit enormt press på dei pårørande
Da Tuva fekk brystkreft, blei kvardagen endra, også for ektemannen Ronny.
Han hugsar ikkje så mykje av tida da Tuva var sjuk, men har minne frå fødselen og nokre glimt av livet med den eldste dotter deira.
Ronny hadde rett og slett ikkje overskot til å prosessere tankar eller minne undervegs.
For Ronny har det hjelpt å snakke med psykolog om korleis det er å vera pårørande.
Foto: Kjetil Solhøi / NRK– Å stå i ein situasjon der kona di har ein diagnose som i verste fall er dødeleg, samtidig som ein skal oppretthalde ein normal kvardag for dotter si, i tillegg til å førebu seg til eit nytt barn, var eit enormt press.
Kreft rammar heile familien
Tuva og Ronny har ikkje delt så mange detaljar rundt sjukdomsforløpet med omverda, men fann raskt ut at det lønte seg i alle fall å dele det viktigaste.
– Det er jo litt brutalt å treffe ei gammal venninne på Kiwi og måtte seie «eg har kreft og er gravid», seier Tuva.
Derfor valde dei å legge ut innlegg på sosiale medium, rett og slett for å få sagt det til alle på éin gong og sleppe å ha den same samtalen ti gonger om dagen.
Skjermbilde Instagram: 20.03.26.
Foto: NRK– Openheit handla for vår del om å sleppe å måtte bere ei maske. Det er veldig fint å ikkje måtte skjule korleis det eigentleg står til, bak ein vegg av noko anna, seier Tuva.
Generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen hylla openheita til ekteparet.
Duoen har blant anna halde temakveld ved Oslo universitetssjukehus om pårøranderolla.
– Tuva og Ronny er heilt eksemplariske som klarer å by på den openheita og seie noko om korleis kreft rammar alle rollene i ein familie.
Kreftforeningens generalsekretær, Ingrid Stenstadvold Ross, synest Tuva og Ronny gjer ein god jobb med å vere opne om sjukdommen.
Foto: Kreftforeningen– Når nokon får kreft, så rammar det heile familien, påpeikar Ross.
Det kan vere vanskeleg å vere pårørande både med tanke på praktiske utfordringar, men også dei mange emosjonelle aspekta. Folk har forskjellige måtar å handtere det på, forklarar Ross.
– Men for dei fleste er det viktig å prøve å bevare litt av det normale i det unormale.
Ronny i mammaperm
For Ronny var det fint å kunne jobbe, midt oppi det vonde.
– Om eg berre skulle gått rundt heime og grave meg ned i at Tuva var sjuk, trur eg det kunne blitt farlegare for meg. Normaliteten tok hovudet litt bort frå sjukdomskøyret.
Men det var ikkje berre jobbing som heldt Ronny opptatt. I Noreg får mor seks veker lovpålagt fødselspermisjon etter fødsel.
– Den fekk jo eg! Så eg surra rundt heime med baby og rett nok sjuk kone, seier Ronny.
Ronny er glad han fekk permisjon og tid til å vere med den nyfødde sonen sin.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKSjølv om permisjonsendringa skjedde på grunn av noko kjipt, kom det noko godt ut av det.
– Om noko skal vere litt hyggeleg oppi det her, så er det at eg fekk mykje tid til å vere saman med han.
Og sjølv om Tuva er frisk i dag, går ikkje kvardagen tilbake til normalt med éin gong.
– Livet kjennest litt meir fargelaust, og det er litt lenger mellom oppturane. Eg kjenner meg meir sårbar som menneske, seier Ronny.
Paret på sin første ferietur i Hellas i 2013.
Foto: Marit Eide / NRK / privatHan har snakka med psykolog om bekymringane sine, og han bekrefta at dette er heilt normalt. Psykologen sa også at det kan ta mange år å komme seg etter å ha stått på sida av alvorleg sjukdom.
– Å høyre det var ei stor lette. Det gav meg ei anerkjenning og ei forklaring på kvifor hovudet mitt kjentest som ein treg motor som mangla olje.
«It takes a village»
Utanom den medisinske behandlinga er det openbert for ekteparet kva som har hjelpt dei mest i den tunge perioden. Dei svarer i kor:
– Gjengen rundt.
Krafta av bra naboskap, vennskap og familie kan aldri undervurderast, synest Ronny. Verken i sjukdom eller elles.
– «It takes a village.» Om du sørger for å pleie relasjonane dine, ikkje berre gjennom mobilen, så får ein igjen for det. Vi treng menneske rundt oss.
Tuva fortel om ein dag ho fekk besøk av nokre venninner og gjekk for å legge babyen. Da ho kom tilbake, hadde venninnene rydda og vaska heile leilegheita.
– Eg hadde aldri bede om det, men dei berre gjorde det heilt sånn automatisk. Det er ekstremt rørande.
Paret blir rørt når dei snakkar om menneska som har hjelpt dei gjennom den verste tida.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKMen det er ikkje alltid lett å la folk hjelpe til.
– Det kjennest så unaturleg å seie ja til at nokon skal vaske badet ditt eller lage middagen din, men så er det så utruleg fint å berre seie «ja, gjerne. Kjempegjerne».
Med dette kjem hennar viktigaste råd til både alvorleg sjuke og pårørande:
– Vi kan alle bli flinkare til å takke ja til hjelp. Det er det viktigaste eg skal ta med meg vidare.
Klar for eit lite hotell i Hellas
Generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross seier at familiar som blir ramma av kreft, ofte kan ha glede av å gjere ting saman – å ha nokre felles prosjekt.
Det har Tuva og Ronny no gjort.
I mange år har dei to hatt ein draum om å kjøpe og drive eit hotell i Hellas, men det er først nå dei har tatt steget.
– Vi har fått smaken på det verste med kreften, og da blir alt det andre så mykje mindre skummelt. Det gjeld også Hellas-prosjektet, seier Tuva.
Ronny er einig.
– Eg tenker at om vi har klart å komme oss gjennom kreftsjukdommen, så klarer vi kva som helst.
Serien «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas» dokumenterer parets hotellprosjekt.
Foto: Fahil Mubarak Anweri / Fenomen/NRKEkteparet har dokumentert prosessen i serien «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas», som nå kan sjåast i NRK TV.
Dei avslører at det ikkje berre har vore lett å skulle kjøpe og komme i gang med hotell i Hellas.
– Vi er to naive sjeler som av ein eller annan grunn tenker at for oss skal det bli lettare enn for alle andre, seier Ronny lattermildt.
Eit privilegium å kunne ha det travelt
Dei fleste kan nok vere einige i at å ha det travelt kan vere slitsamt, men for Tuva har travelheita blitt noko positivt.
Ho blir rett og slett glad av å ha dårleg tid.
Å vere travel har blitt lystprega for Tuva og Ronny.
Foto: Kjetil Solhøi / NRK– Under sjukdomsforløpet sat eg mykje stille og var sliten, men nå nyt eg kvardagsstresset med bilkøyring, barnehagelevering og møte.
Og så gleder ho seg til det blir travelt med hotellet i Hellas.
– Eg ser for meg åtte sommarveker der vi jobbar knallhardt, er heilt utslitne, men kan ta eit glas vin saman på kvelden før vi må tidleg opp neste morgon. Eg elskar tanken!
– Ho meiner det! Bryt Ronny lattermildt inn.
– Det er rett og slett eit privilegium å kunne ha det travelt igjen, seier dei to samstemte.
Publisert 20.04.2026, kl. 21.12


















English (US)