Taylor (26) sov i senga si saman med kjærasten då politiet gjekk til aksjon mot bustaden deira 13. mars 2020.
Kjærasten har forklart i retten at han trudde det var eit innbrot, og at han difor skaut mot inntrengarane.
Politiet svarte med å fyre av 32 skot, og Taylor blei drepen, melder BBC.
Brett Hankison skaut ti av skota inn i leilegheita. Han er ikkje kjent skuldig i drap, men for å ha «krenka rettane» til Taylor ved å bruke for mykje makt.
Brett Hankison gav si forklaring av hendingsforløpet i mars. Han fyrte av skot i leilegheita, ifølge rettsdokumenta.
Foto: Timothy D. Easley / AP / NTBDommar Rebecca Jennings følgde ikkje anbefalinga frå Trump-administrasjonen, som var at Hankison skulle få sleppe fengselsstraff.
Det er sjeldan at justisdepartementet grip inn i saker som dette.
Likevel føreslo det at dommen skulle svarar til den tida Hankison allereie hadde sete inne, som var éin dag i samband med at han blei arrestert.
Den lengste dommen ein kan få for denne tiltalen er livstid.
Takksame for fengselsstraff
Familien til Taylor møtte pressen etter at rettssaka var konkludert.
Bistandsadvokat Ben Crump sa at dei hadde håpa på ein lengre straff, men takka både det tidlegare og noverande justisdepartementet.
– Eg er takksam for den vesle biten av rettferd vi fekk. Det var definitivt ikkje det eg hadde venta, sa Kenneth Walker, kjærasten til Taylor.
Kenneth Walker (h) og familien til Taylor møtte pressa utan for rettsbygget.
Foto: Jon Cherry / Reuters / NTB– Brett Hankison sa til meg at eg skulle i fengsel resten av livet. Så det får meg definitivt til å kjenne på noko å sjå at han skal dit, sjølv om det berre er i ei lita stund.
Også mora til Taylor, Tamika Palmer, kommenterte dommen.
– Eg meiner at dommaren gjorde det beste ho kunne med det ho hadde å jobbe med, sa Palmer.
Ingen tiltalte for drap
Til saman har fire politifolk blitt kopla til hendinga, ifølge New York Times.
4. august blei dei alle føderalt tiltalte for brot på sivile rettar, som å forfalske dokument for å få lov til å raide leilegheita. Ein dommar oppheva nokre av tiltalene i august 2024.
– Vi blei sjokkerte av det vi såg i rettssalen, der påtalemakta verka å argumentere meir for den tiltalte, Brett Hankison, enn den argumenterte for offera, sa bistandsadvokat Ben Crump.
Foto: Jon Cherry / Reuters / NTBEin av politifolka, Kelly Goodlette, erkjente straffskuld i samband med dokumentforfalskinga etter å ha pensjonert seg frå tenesta.
Ein annan, Kyle Meany, fekk sparken.
Hankison er den einaste som er dømd for sjølve skyteepisoden. Ingen av dei fire politifolka har blitt tiltalte for å drepe Taylor.
Publisert 22.07.2025, kl. 08.20 Oppdatert 22.07.2025, kl. 08.58