– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie om slik oppførsel. Men det er jo både tullete og respektlaust å gå over bre utan tau. Og ikkje minst livsfarleg.
Det seier Kjetil Rygge som i helga var på tur til Galdhøpiggen i Jotunheimen saman med sine to eldste soner.
Dei gjekk den mest vanlege ruta på sommaren som er frå turisthytta Juvasshytta, over Styggebreen og opp mot Galdhøpiggen.
På ein finvêrsdag så kan opp mot 1000 personar gå til Noregs høgste topp.
– Da vi skal gå ned igjen over Styggebreen ser vi to personar framfor oss som går utan tau. Vi tenker at det verste kan skje, og så dett den eine igjennom snøbrua og ned i ein sprekk.
Det kan vere opp mot 1000 personar kvar dag som går over Styggebreen mot Galdhøpiggen.
Foto: Rune Haug / Privat– Sett andre i fare
Vedkommande datt ikkje lenger ned enn til hofta, ifølgje Rygge.
– Den andre personen som skal hjelpe til går også utan tau. Han sett seg sjølv i fare og det er berre flaks at ikkje han også dett ned i sprekken. Dette kunne gått skikkeleg ille.
Familiefaren sørga for å dokumentere hendinga. Dei bilda han tok er også dei som er brukt i denne artikkelen.
Han såg fleire enn dei to på bilda som gjekk utan tau denne dagen.
NRK kjenner ikkje til identiteten til dei på bilda, og har derfor ikkje hatt moglegheit til å snakke med dei og få deira sin versjon.
Galdhøpiggen ligg i Lom kommune og er 2469 meter over havet.
– Berre flaks det ikkje skjer noko
NRK har også snakka med Tor-Gunnar Skibakk som gjekk på Galdhøpiggen denne veka over Styggebreen.
– Eg telte ti personar som gjekk utan tau på breen. Det var skremmande å sjå kor ansvarslause folk er. Det er berre flaks at det ikkje skjedde alvorlege ulykker.
Skibakk har også vist NRK to videoar som viser at folk går usikra over breen der den eine plumpar delvis igjennom snøen.
– Snøbruene er pill rotne og avsmeltinga er enorm, seier Skibakk.
– Ei skummel utvikling
Rune Haug er dagleg leiar i Jotunheimen Arrangement.
Heile året arrangerer han guida turar i fjellet, inkludert turar over Styggebreen til Galdhøpiggen.
– Tendensen er dessverre at stadig fleire går over bre utan tau. Eg har arrangert tre guida turar til Galdhøpiggen denne sommaren. Alle gongene har eg sett folk utan tau på breen. Det er ei skummel utvikling.
Snøen smelter raskt
Spesielt skummelt meiner han det er på Styggebreen som har særs djupe sprekker.
- Sjå kor djupe sprekkar det er her:
Denne sommaren har varmen ført til at snøen på breane smelter fort, inkludert på Styggebreen.
– Snøen dekker bresprekkane store deler av året, men det har vore veldig varmt dei to siste vekene. Snøen har smelta veldig raskt og snøbruene, som skjuler bresprekkane, har vorte svake, seier Haug.
På grunn av den høge varmen smelter det kraftig på Styggebreen om dagen. NRK kjenner ikkje til identiteten til dei som gjekk på breen utan tau og har derfor ikkje snakka med dei.
Foto: Kjetil Rygge / PrivatFryktar liv går tapt
Han fryktar at liv kan gå tapt om folk held fram å gå utan tau på breane.
– Dersom denne utviklinga fotsett er eg redd det kjem til å skje alvorlege ulykker.
– Kvifor trur du folk går utan tau på breane?
– Eg har eigentleg same spørsmål. Eg er forundra over at folk gjer det og eg har ikkje nokon teori om kvifor. Før Styggebreen står det også ein ganske stor plakat som er illustrert med teikningar om at det er farleg å gå på bre utan tau.
Denne står på fire forskjellige språk, ifølgje Haug.
– Kan det hende det er for dyrt å vere med på guida turar?
– Folk har råd til å betale nokre hundrelappar per person for å gå i taulag. Dersom du ikkje har råd til det bør du kanskje gå ein anna tur.
GD har også omtalt saka.
– Utsett andre for fare
Både Haug og Rygge har i ettertid tenkt mykje på episodane dei har opplevd.
– Det er eit heilt fritt val å gå utan tau på bre. Men her kan ein utsette andre for fare dersom det skjer noko i ein eventuell redningsaksjon. Eg trur mykje baserer seg på for lite kunnskap om bre, seier Rygge.
– Å gå utan tau aukar jo risikoen for ulykker med mange hakk. Eg har sjølv møtt på folk over breen utan tau og dei forventar å bli redda av taulaget eller andre om noko skjer. Eg tenker innstillinga til fleire er ganske respektlaus, seier Haug.
Kjetil Rygge og sonene Aldin og Ferdinand kom seg til toppen av Galdhøpiggen, men vart skremt over kor mange som gjekk utan tau.
Foto: Kjetil Rygge / Privat– Ikkje vore problem før
Anne Elisabeth Wangen frå Juvasshytta har i mange år sendt turistar av garde frå hytta mot Galdhøpiggen.
Med finvêret har det strøyma på med turistar denne sommaren som vil opp på Noregs høgste tak.
– Frå oss er det 15 førarar som går kvar dag over breen som har med seg folk i taulag. Det er fyrst denne sommaren vi har sett at mange går utan tau over Styggebreen. Det er livsfarleg.
Kva meiner du?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Djupe sprekker på breen
Det har vore dødsulykker på breane i området før.
– I 2006 var det ein mann som datt 18 meter ned i ein sprekk.
Han overlevde på mirakuløst vis.
– Det var ein guide som gjekk over breen som høyrde eit rop nede frå isen. Dei fekk heisa han opp og overlevde.
Meiner det bør få konsekvensar
Denne sommaren har fleire førarar frå Juvasshytta møtt på folk som går utan tau på breen.
– Dei gje klar beskjed om det er livsfarleg. Dei får ofte til svar at det ikkje er så farleg når det er så fint vêr. Og så forventar dei å bli redda om noko skjer.
Wangen meiner at noko bør skje før det skjer alvorlege ulykker.
– Folk skal opp til topps uansett. Eg tenker at dei burde få ein åtvaring og det bør vere strengare reglar for ferdsel i fjellet på utsette område.
Hei!
Takk for at du leste artikkelen. Vi prøver heile tida å skrive relevante nyheitssaker. Om du har eit tips vi bør sjekke opp eller ein sak du meiner vi må omtale er det berre å ta kontakt.
Publisert 22.07.2025, kl. 16.11 Oppdatert 22.07.2025, kl. 16.19