Elisabeth Karete Bjørkavåg Ravnå (45) vart funnen drepen i husværet til tiltalte i april i fjor.
Ifølgje tiltalen hogg tiltalte kvinna fire gonger i hovudet med eit sverd slik at ho døydde.
Tiltalte i 20-åra sa seg skuldig i drapet. Dei to budde i same blokka på Byåsen i Trondheim.
Tilrekneleg eller ikkje?
Tingretten meinte tiltalte var klar over at han drap kvinna, noko som også kom fram i forklaringa hans i tingretten.
Spørsmålet var om han var tilrekneleg og hadde skuldevne.
Tiltalte har ein IQ på rundt 65, viser undersøkingar.
Tingretten meinte tiltalte ikkje fungerte godt nok og at han oppfylte vilkåra for høggradig psykisk utviklingshemming.
Derfor vart han dømd til tvungen omsorg i staden for tidsbestemt forvaring, som påtalemakta ville ha.
Forsvarer fekk dermed tingretten med seg i synet på at tiltalte fungerer for dårleg til at han kan vere i fengsel.
Tiltalte budde i ei kommunal leilegheit, men fekk lite oppfølging frå kommunen kom det fram under saka i tingretten.
Fem år før drapet vart den unge mannen oppført i eit prosjekt hos politiet som omfattar personar som har særleg høg risiko for å utføre vald.
Eit par år seinare var konklusjonen at mannen kunne kome til å drepe.
Dissens i lagmannsretten
Domen vart anka av påtalemakta til lagmannsretten som er usamd med tingretten:
Tiltalte oppfyller ikkje grunnvilkåret i straffelova om utviklingshemming.
Fleirtalet, minus ein meddomar, meiner tiltalte derfor var tilrekneleg.
Alternativet til forvaring er vanleg fengselsstraff.
Framferda og evnene til tiltalte gjer at lagmannsretten meiner han må dømast til forvaring for å hindre nye alvorlege lovbrot.
Forvaringa har ei tidsramme på sju år, og minstetid på fire år og seks månader.
Han må også betale oppreisningserstatning på dryge 1,1 millionar kroner til foreldra og son til avdøde.
Uklar lov og tolking
Det er paragraf 20 i straffelova som omhandlar når ein person kan reknast som tilrekneleg.
Før lovendringa i 2020 var grensa ein IQ på 55 for å bli dømt som ikkje tilrekneleg.
I den nye lova heva departementet grensa til 60 for slik utviklingshemming.
Frostating lagmannsrett meiner det er uklart korleis dette skal tolkast når rettsvesenet skal døme.
Det er kome fleire domar med ulike oppfatningar om korleis ein skal forstå grensa for høggradig utviklingshemming og tilreknelegheit.
Ingen av domane er anka til Høgsterett for å få deira syn på lovtolkinga av IQ-grenser i strafferetten.
Publisert 22.11.2024, kl. 13.27