Diskuterer sanksjonar medan naudhjelp til Gaza står på vent

6 hours ago 4


Utanriksministrane i 17 av dei 27 EU-landa har stilt seg bak eit forslag frå den nederlandske utanriksministeren Caspar Veldkamp om å revurdere EU sine band til Israel.

Dei meiner Israel bryt med eit grunnleggande prinsipp i samarbeidsavtalen mellom Israel og EU.

I avtalen står det at samarbeidet skal «bygge på respekt for menneskerettar og demokratiske prinsipp» og at dette skal styre deira innan- og utanrikspolitikk.

Israels naudhjelpsblokade mot Gaza varte frå 2. mars til 19. mai og trugar befolkninga med hungersnaud.

Dette har vakt fleire internasjonale reaksjonar.

Palestinere i matkø i Jabalia nord på Gazastripa

Palestinarar i matkø i Jabalia nord i Gaza. Framleis har ikkje naudhjelpa som blei sloppe inn måndag og tysdag, blitt delt ut til palestinarar.

Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB

Samstundes blir stadig større delar av Gaza erklærte som militære soner som sivile palestinarar ikkje får opphalde seg i.

IDF har trappa opp luft- og bakkeangrepa med mål om å «ta full kontroll over heile området», slik Benjamin Netanyahu har formulert det.

Hjelpesendingar på vent

For to dagar sidan gav Israels statsminister Benjamin Netanyahu ordrar om å sleppe naudhjelp inn til Gaza igjen.

Før krigen køyrde 500 lastebilar med hjelp inn i Gaza dagleg, ifølge OCHA.

Cogat, ei eining i det israelske forsvarsdepartementet som koordinerer Israels aktivitet i dei palestinske områda, sa tysdag at 93 lastebilar hadde sloppe inn i Gaza.

Om bord var varer som mjøl, barnemat, medisinsk utstyr og medisinar, skriv dei på X.

sekkar med naudhjelp på eit lager

Cogat har delt dette biletet av naudhjelp på israelsk side av grenseovergangen Rafah/Kerem Shalom.

Foto: COGAT / Reuters / NTB

Talsperson for FNs generalsekretær, Stéphane Dujarric, seier til BBC at teamet deira venta i fleire timar på grønt lys frå Israel til å få sleppe fram til distribusjonslageret sitt.

Han seier at Israel krev at FN lastar av alle varene idet dei kjem på palestinsk side av grenseovergangen i Rafah, der dei har oppretta ein israelsk-kontrollert buffersone. Så må FN-teamet vente på grønt lys frå det israelske teamet på Gazastripa, før dei kan laste bilane med naudhjelpa igjen og ta dei med til distribusjonslagera sine.

– Vi var diverre ikkje i stand til å få hjelpa fram til lageret vårt, seier han.

Cogat skriv på sosiale medium at IDF vil legge til rette for humanitær hjelp til Gaza, samstundes som dei gjer alt dei kan for at naudhjelpa ikkje hamnar i hendene på Hamas.

En stor gruppe mennesker i en by

Ein teltleir i Gaza by onsdag 21. mai.

Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB

Tysdag sa OCHA at 14.000 spedbarn står i fare for å døy innan torsdag dersom ikkje tilstrekkeleg naudhjelp slepp inn. I dag modererer kontoret talet til at 14.100 barn på opp til fem år står i fare for å bli underernærte fram til mars neste år.

X avviser Israels utanriksdepartement EUs kritikk, og seier dei undervurderer kor kompleks situasjonen Israel står i er.

Vil ha norske sanksjonar

USAs utanriksminister, Marco Rubio, sa natt til onsdag at han vil sjå meir naudhjelp sleppe inn til Gaza. Pave Leo ber også om at humanitære hjelpeorganisasjonar får tilgang til Gazastripa.

Storbritannia, Frankrike og Canada trugar også med eigne sanksjonar mot Israel, noko statsminister Jonas Gahr Støre seier Noreg kan stille seg bak.

Storbritannias utanriksminister David Lammy sa tysdag at dei frys forhandlingar om ein frihandelsavtale med Israel og sanksjonerer busettarar på Vestbreidda.

Støre vil ikkje gå inn på kva konkrete sanksjonar det kan vere snakk om frå norsk side.

Han har tidlegare avvist ein norsk boikott av Israel, og sagt at eventuelle sanksjonar må vere koordinerte mellom fleire land.

Leiar i Palestinakomiteen, Line Khateeb, ber statsminister Jonas Gahr Støre om å fryse frihandelsavtalen Noreg har med Israel gjennom EFTA.

Line Khateeb, leder i Palestinakomiteen

Line Khateeb, leiar i Palestinakomiteen.

Foto: Terje Haugnes

Utanriksminister Espen Barth Eide er i Brussel for eit EØS-møte, og skal også møte EUs utanriksminister Kaja Kallas for å diskutere moglege sanksjonar mot Israel.

Han vil ikkje svare på om det er aktuelt å fryse frihandelsavtalen.

– Vi har sagt at einsidige norske sanksjonar har omtrent inga betydning. Om vi gjer det saman med andre, kan det vere viktig, og sidan vi er så nært knytte til EU gjennom EØS, er det naturleg å følge med på kva dei gjer, seier Eide.

Eide skal også i eit møte mellom land som har anerkjent staten Palestina.

Espen Barth Eide står på podiet

Utanriksminister Espen Barth Eide og satsminister Jonas Gahr Støre er opne for å sanksjonere Israel, men vil ikkje seie konkret korleis ennå. Bildet er frå då regjeringa kunngjorde at Noreg anerkjenner staten Palestina, 28. mai 2024.

Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB

– Israel har hatt straffefritak

Dosent i Midtaustenstudium ved Universitetet i Oslo, Dag Tuastad, meiner vi ser eit klart temposkilje i diskusjonen om sanksjonering no.

– Ein har heile tida sagt at Israel har rett til å forsvare seg, men no har det byrja å falle inn at ein kan vere medskuldig i noko som er eit mogleg folkemord, seier han.

Israelske myndigheiter har tidlegare respondert slik på skuldingar om folkemord:

Tuastad trur det er frigjerande for den norske regjeringa å kunne diskutere straffetiltak med EU, og peikar på det han meiner er ein «Gaza-skam» i den norske befolkninga som har sett på det som skjer utan å kunne gjere noko.

Men framleis står att det å sjå om dei europeiske landa kjem til å gi meir konkrete sanksjonar enn å sette handelsavtalar på vent, påpeiker han.

Dag Henrik Tuastad på Marienlyst.

Dosent Dag Tuastad ved UiO meiner Israel har hatt straffefritak.

Foto: n22592

Når ein stat ikkje følger opp FN-resolusjonane, blir svaret ofte økonomiske sanksjonar og i ytste konsekvens militær intervensjon.

– Men Israel har hatt straffefritak og vore unntatt alt dette. No signaliserer ein at heller ikkje Israel kan bryte folkeretten, seier Tuastad.

Publisert 21.05.2025, kl. 14.21

Read Entire Article