Dette kan gi betre læring for alle elevar

1 day ago 4


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Innlandet - les mer.

Barn i grunnskulen lærer betre når dei får utforske, skape og samarbeide, viser ny forsking.

644 elevar frå ei rekkje skular i Noreg har delteke i studiet med meir kunst og kultur i undervisninga. Biletet er frå ei av øvingane. (Foto: Barbora Hollan)

I to år har det blitt forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen. 

Ei rekkje grunnskular i Noreg og Ungarn har delteke i prosjektet.

Dei samla funna frå forskingsprosjektet viser at kunst- og kulturintegrert undervisning kan styrke læringsmotivasjon, sjølvregulering og fellesskap.

Forskar Ulrika Håkonsson trur norsk skule kan nå fleire med ei slik kreativ læringsform som dei har testa ut i «Kunsten å lære». (Foto: Marianne Bjelle)

Naturleg å gjera feil

Studiet bygger på ei stor mengde intervju og observasjonar med lærarar, rektorar, elevar, kunstnarar og føresette. Totalt har 644 elevar delteke i prosjektet.

Det er forskarar frå Universitetet i Innlandet som har gjennomført undersøkingane i Noreg. Rapportane er no klare.

– Lærarar, elevar og foreldre fortel at barna gradvis har gått frå å søke etter det «riktige» svaret til å ta eigne val, prøve ut nye løysingar og sjå verdi i å gjere feil som ein naturlig del av læringa.

Det fortel Ulrika Håkansson som har leia forskinga.

– Denne endringa tyder på auka evne til sjølvregulering, betre fokus og ein større evne til å tilpasse seg nye situasjonar, fortset ho.

Prosjektet har vore leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Innlandet, og med samarbeidspartnarane T-Tudok i Ungarn og CCE i England.

Forskarane har i tillegg brukt ein spelbasert digital test, Yellow-Red-testen, som måler kontrollfunksjonar hos barn i alderen 6–11 år.

Testen viste lik utvikling hos dei som hadde kunst og kultur i undervisninga og dei som ikkje hadde det. Den kvalitative delen av analysen viste fleire positive endringar hos dei elevane som deltok i prosjektet.

Meir engasjerte, sjølvstendige og trygge elevar 

Undervisninga var prega av opne oppgåver. Elevane fekk ta eigne val og lære gjennom prøving og feiling. 

Ein av rektorane i studien påpeikte at elevane blei flinke til å kjenne att kvarandre sine styrkar og bruke desse i samarbeid. 

Ulrika Håkansson stadfester dette.

– Elevane vart meir sjølvstendige, trygge og betre til å samarbeide. Elevar som strevde i tradisjonell forstand, blomstra i det kreative miljøet.

Kreativitet, og sjølve prosessen med å tilegne seg kunnskap, har stått i fokus for forskingsprosjektet «Kunsten å lære». (Foto: Erik Brandsborg / Kulturtanken)

Særleg utbytte fekk elevar som ofte fell utanfor. Analysen viser at dette var barn frå låginntektsfamiliar, Rom-barn i Ungarn og elevar med ADHD. 

Desse har hatt særleg god nytte av den kunstbaserte undervisningsforma – forutsett at dei fekk støtte og struktur, ifølgje forskinga.

– Kunsten å lære bidreg til auka likskap og sosial inkludering i skulen, fortel Håkansson.

Han trur at dei barna som kanskje er litt urolege i kroppen og i hovudet, tener på noko av dette kreative som krev at du også bevegar kroppen. 

Å bevega kroppen kan gi meir ro i hovudet. Opplegget kan difor treffe dei som strevar med ordinær skule, ifølgje forskaren.

Skulane ønsker vidareføring

Resultata vart presenterte under Kulturytring i Drammen i slutten av juni.

Erfaringane frå prosjektet er så gode at alle skulane som har delteke ønsker å vidareføre undervisningsmetoden med kunst og kultur. Det fortel prosjektleiar for «Kunsten å lære» i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt.

– To skular har fått moglegheit så langt gjennom eit vidareføringsprosjekt. Forskinga dokumenterer at kunst og kultur ikkje er pynt på kaka, men gjev motiverte og glade elevar og betre resultat. Og er det ikkje akkurat det vi alle ønsker for barna våre? spør ho.

Elevane deltek aktivt med kroppen sin i læringa dei har vore igjennom i forskingsprosjektet «Kunsten å lære» som har vart i to år. (Foto: Barbora Hollan)

Foreldre i studien melder også om elevar som tek med seg interessa heim, delar kunnskap vidare og kjenner seg frie og trygge. 

Funn viser også behov for betre tilrettelegging. Elevar som treng meir føreseieleg struktur, må få tilpassa støtte for at eit slikt opplegg skal fungera.

– Kva kan norsk skule læra av det de har komme fram til her?

– Eg meiner ein gjerne kan nytta seg av meir kreative læringsformer for å læra vanlege fag i skulen. Læringa blir meir integrert i barna om ein gjer det. Eg trur ein kan nå fleire med ei slik kreativ læringsform, avsluttar Ulrika Håkansson.

Referanse:

Szilvia Németh, Ulrika Håkonsson mfl.: A LIFELINE THROUGH LEARNING Results of Qualitative Analyses of the Art of Learning Program. Oppdragsrapport, Universitetet i Innlandet, 2025.

Om «Kunsten å lære»

  • Kunsten å lære er eit internasjonalt prosjekt som har forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen.
  • Prosjektet er leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Innlandet og samarbeidspartnar T-Tudok i Ungarn og CCE i England.
  • Universitetet i Innlandet har gjennomført forskinga i samarbeid med T-Tudok i Ungarn og har utarbeidd rapportane.
  •  Prosjektet inneheld eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar har samarbeidd om å gi elevane kunst og skulefag i kombinasjon, som ein del av «livet i skulen» over to år.
  • 644 elevar har delteke i prosjektet frå desse skulane i Noreg (i tillegg til tre skular i Ungarn):

– Fåset skole (Tynset)

– Tylldalen skole (Tynset

– Alvdal barneskole (Alvdal)

– Jørstadmoen skole (Lillehammer)

– Søre Ål skole (Lillehammer)

– Aurvoll skole (Øyer)

Read Entire Article