Dette er kommunane som seier ja til kraftutbygging

15 hours ago 4


Trass politiske forsett om «meir av alt, raskare» har det såkalla kraftløftet støytt på massiv lokal motstand dei siste åra, symbolisert ved folkeavstemminga i Modalen sist veke.

Da stemmene var talt opp, viste dei at 70 prosent av innbyggarane sa nei til vindkraft-planane.

Eit ekko av det som skjedde nord for Sognefjorden, der Hydro trekte vindkraft-planane før dei kom opp til votering i Sunnfjord kommunestyre. Slik unngjekk selskapet det som ville vore eit sikkert nederlag.

Tilsvarande historier finst over heile landet.

Etter at norske kommunar fekk meir makt og «vetorett» over kraftspørsmål for to år sidan, har kraftutbygginga stoppa opp til lyden av eit taktfast «nei, nei og atter nei».

Det er i alle fall gjennomgangsmelodien. For den siste kartlegginga til NRK viser eit litt meir nyansert bilde. Sjå under.

Kraftløftet er i ferd med å gå seg til

Robert Kippe i Fornybar Noreg meiner det er teikn til at motvinden løyar.

Vi merkar ei langt større interesse for ny kraftproduksjon. Kommunane ser i aukande grad ser på fornybar energi som ein vekststrategi og ei inntektskjelde, seier han.

I Vestland har fylkeskommunen og Innovasjon Noreg gått saman om prosjektet «Grøn region Vestland» for å få fart på kraftproduksjonen.

Kraftløftet er i ferd med å gå seg til, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Han meiner nøkkelen til det grøne skiftet er å spele på lag med den lokale forstanden:

Mange kommunar har ikkje vore godt nok informerte om kor mange «stopp-punkt» dei har. Når den nye kunnskapen breier om seg, blir dei meir komfortable med å utforske det handlingsrommet dei faktisk har.

Storheia, Fosen, vindkraft

«Dogmet» om underskot har vore eit styrande prinsipp i den norske kraftdebatten, og har ført til politiske vedtak om meir vindkraft, meir solkraft og nye skattereglar for å stimulere til meir vasskraftutbygging.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

– Denne oversikta gir håp

Onsdag publiserte Verdens meteorologiske organisasjon (WMO) «State of the Global Climate 2024» som viser at 2024 er det første året der verda har registrert 1,5 grader temperaturauke.

NRKs oversikt gir eit lite håp, men det er framleis urovekkande få prosjekt, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Han legg til:

All ære til dei som tar initiativ, både politisk og frå næringslivet. Det er ikkje lett å stå i stormen når vi ser kor polarisert debatten har blitt.

Derfor er det viktigare enn nokosinne at politikarane står opp for energiløysingane som kuttar klimagassutsleppa, og ikkje skjuler seg bak oljeboring og atomkraft.

Sjå fleire reaksjoner på oversikta under.

  • Stig Schjølset

    Heiko Junge / NTB

    Stig Schjølset, leiar i Zero

    Det er positivt at fleire kommunar er opne for å bygge vindkraft, men vi veit jo ikkje kor mange av desse prosjekta som blir realiserte. Vi har foreslått at ein del av produksjonsavgifta bør utbetalast rett etter at konsesjon for utbygging blir gitt. Da vil kommunane få inntekter frå vindkraft mange år tidlegare enn dei gjer i dag, noko som kan gjere det meir attraktivt å bli vertskommune.

  • ein mann som står på ein balkong med utsikt over ein dal og fjell

    NRK

    Gaute Grøtta Grav, Motvind Noreg

    Motstanden blant folk er aukande, noko Modalen tydeleg viser. Interesse betyr ikkje aksept. Erfaringa vår er at jo meir ein veit om vindkraft, jo større blir motstanden. Betre nett-tilgang internt i Noreg er viktig, men må ikkje forvekslast med behov for meir produksjon. Noreg har kraftoverskot – vi må bruke det klokt, ikkje sløse bort verdifull kraft på bitcoins, sokkelen eller Melkøya.

  • ein mann med briller

    Håkon Benjaminsen / NRK

    Ole Erik Almlid, direktør i NHO

    Vi er bekymra over at det blir bygd ut altfor lite kraft. Dersom fleire kommunar ser at det er gunstig for lokalsamfunnet å bygge ut, at dei får store inntekter i kommunekassa og aktivitet i bygda, så er det veldig bra. Vi må sette alle klutar til for å vise samanhengen mellom kraft til bedriftene og arbeidsplassar for folk. Sånn skaper vi legitimitet og meir ro rundt kraftutbyggingar.

  • Robert Kippe, kommunikasjonssjef i Norwea

    Leif Martin Kirknes

    Robert Kippe, Fornybar Norge

    Vi ser at bevisstheita og sjølvsikkerheita aukar i kommunane om å bruke dei nye reglane og gå i dialog med utbyggar om utforminga av eit vindkraftprosjekt, som for eksempel omsyn til viktige område, talet på turbinar og avstand til busetnad. Neste steg må vere nye tiltak som støttar opp om det gode arbeidet som blir gjort.

  • Jon Askeland

    Leif Rune Løland / NRK Hordaland

    Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland

    Eg har tru på kunnskap og kunnskapsdeling. Her har både kommunestyra og energiselskapa ei gjensidig plikt til å søkja og dela kunnskap hjå kvarandre. Dette gjeld også kommunen sitt handlingsrom som planmynde i energisaker. Eg vil likevel gje kommunestyra råd om å gå aktivt inn i sakene, og ikkje skubba på dei.

  • Bellona-leder Frederic Hauge står saman med varaordførar i Vågan, Marit Olsen. De står ute framfor mykje tang.

    Trude Furuly / NRK

    Frederic Hauge, leiar i Bellona

    Skal vi nå klimamåla, må vi kutte utslepp og gjennomføre ei omstilling som krev at næringslivet kan byte ut fossil energi med elektrisk energi. For å få til det, må vi auke utbygginga av fornybar energi. I overgangen fram til vi har nok straum til direkte elektrifisering av industrien jobbar Bellona for at CO2-fangst og- lagring skal vere ein del av løysinga.

  • Mona Adolfsen

    NRK

    Mona Adolfsen, påtroppande direktør i Samfunnsbedriftene Energi og IKT.

    Lokal forankring og eit kompetansesenter for kommunane kan vere ein nøkkel for å få til meir kraftutbygging. Eit slikt senter kan sette kommunane i stand til å hevde interessene sine i møte med utbyggarar. Om vi hadde brukt ein brøkdel av dei ressursane vi bruker på havvind for å stimulere til meir kraftutbygging på land, hadde dette gått mykje fortare.

  • Knut Lockert, dagleg leder Distriktsenergi

    Fredrik Kveen

    Knut Lockert, dagleg leder i Distriktsenergi

    Det er verdt å merke seg at dei fleste vindkraftprosjekt i Noreg er gjennomførte i eit godt samarbeid med kommunen og at innbyggarar er godt fornøgd med resultatet. Det gjeld med andre ord å lære av dei gode prosjekta, noko også kommunane tar med seg inn i diskusjonen lokalt for å ende opp med eitt vellykka prosjekt.

  • Are Tomasgard

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Are Tomasgard, LO-sekretær

    Det er viktig at dei som har myndigheit til å avgjere om ein skal bygge ut ny kraftproduksjon får eit solid kunnskapsgrunnlag der både ulempe og fordelar blir synleggjorde. Eit slikt kunnskapsgrunnlag føreset at konsesjonssøknader blir greidde ut på ein god måte, slik at vi kan få kunnskapsbaserte avgjerder.

  • Bjørn K. Haugland

    Ukjent

    Bjørn K. Haugland, direktør i Skift – Næringslivets klimaledere

    Løysinga ligg i betre planlegging, tidleg dialog med lokalsamfunna og ein heilskapleg politikk som gjer det attraktivt for kommunar å seie ja til både kraftproduksjon og nettutbygging. I tillegg må vi alltid i størst mogleg grad bygge ut på «grå» areal, så langt det er mogleg.

  • Bildet er tatt utanfor DNV GLs hovudkontor på Høvik.

    NRK

    Sverre Alvik, forskingsdirektør i DNV Group Research and Development

    Lovjusteringa var ein føresetnad for å få til ei god ordning, men lokalt er det framleis stor motstand og vi manglar ei heilskapleg tenking som er forankra i det nasjonale behovet for stor auke i kraftproduksjonen.

– Svært små mengder ny kraft vi snakkar om

Tabellen under viser at det er gitt løyve til om lag 38 terawattimar årleg kraftproduksjon sidan 2004, og at utviklinga har gått mot null.

Ifølge ein ny analyse frå Det Norske Veritas (DNV) vil den norske kraftproduksjonen berre auke med 5 terawattimar innan 2030. Det er ein åttedel av det «offisielle» målet på 40 TWh.

Forskingsdirektør i DNV, Sverre Alvik, seier til NRK at kraftutbygginga i Noreg «har stoppa heilt opp», men at det er teikn til «ei langsam oppvakning».

I alle fall i delar av landet.

Vi ser at enkelte kommunar og fylke ser samanhengen mellom vekst, arbeidsplassar, auka straumbehov og ansvaret for å skaffe denne straumen. Men dei fleste gjer det ikkje.

Med unntak av Finnmark er det svært små mengder ny kraft vi snakkar om.

Publisert 22.03.2025, kl. 09.39

Read Entire Article