78 år gamle Karen Rafteseth Dokken fatta aldri mistanke om den utrulege forbytinga som skjedde på fødestova på Sunnmøre 1965.
Det forklarte ho i Oslo tingrett tysdag føremiddag.
Med lågmælt, klar stemme fortalde ho korleis ho blei lagt inn på fødestova der ho fødde ei dotter. Sju dagar seinare reiste ho heim med ein baby.
Men det skulle seinare vise seg å vere heilt feil baby.
– Det var aldri min tanke at Mona ikkje var mi dotter. Ho fekk namnet Mona, og skulle heite opp att etter mi mor, sa Dokken i retten.
Den 78 år gamle kvinna tok fleire gonger til tårene då ho fortalde i retten om korleis ho reagerte då ho fekk beskjed om at babyane var forbytte.
Reagerte ikkje på at babyen var ulik dei andre
Babyen ho fekk med heim frå fødestova likna ikkje på resten av familien. Men då barnet etter kvart fekk mørke krøllar, tenkte Karen Rafteseth Dokken at ho hadde arva krøllane frå svigermora.
Ho reagerte aldri på at denne babyen såg annleis ut enn dei andre.
– Eg hadde ikkje peiling på noko, sa ho i retten.
I rettssalen sit no både kvinna som vaks opp som dottera hennar, og den biologiske dottera, som ho først blei kjend med etter nesten 60 år.
Det blei tårevått i rettssal 828 tysdag formiddag.
Avslørt av DNA-test
Alt blei oppdaga då Mona, som vaks opp hos Karen Rafteseth Dokken, hadde tatt ein DNA-test og søkt etter slektningar på nettstaden My Heritage.
Ho hadde i lang tid kjent seg annleis.
Nyheita slo ned som ei bombe i dei to familiane.
– Det var eit sjokk. Eg hadde ikkje peiling på at ikkje at Mona var vår, sa Dokken i retten.
Begge dei to kvinnene som blei forveksla som babyar skal forklare seg i retten seinare tysdag.
Ingen av dei bur i sunnmørskommunen Herøy i dag. Karen Rafteseth Dokken og dottera som vaks opp heime hos henne bur i Vestland, den andre babyen bur på Sørlandet.
– Kunne ikkje tru mine eigne øyre
Dei tre kvinnene har no gått til sak mot staten og kommunen og kravd inntil 20 millionar i erstatning.
Staten og kommunen blei klar over forbytinga på 80-talet og gjorde fleire hemmelege undersøkingar utan å informere familiane. Dette kan ikkje Dokken tilgje dei.
– Eg ville ikkje tru mine eigne øyre, eg kunne ikkje tru det var sant det eg las, eg har aldri blitt kontakta, sa ho tysdag formiddag og la til:
– Eg kjenner meg veldig liten og ubetydeleg. Eg skulle liksom vere ein av hovudpersonane, og så har eg ikkje høyrt eit pip.
Ho har tidlegare fortalt til NRK at ho opplever at alderdommen er øydelagt.
Verken kommunen eller staten vil ta ansvar i saka. Advokatane meiner det ikkje er mogleg å bevise kven som forveksla babyane, at sakene uansett er forelda, og at ingen har krav på erstatning.
Publisert 12.11.2024, kl. 13.43 Oppdatert 12.11.2024, kl. 13.49