– Det kjennest veldig stort og veldig spesielt

4 months ago 19


– Det kjennest veldig stort og veldig spesielt.

Det seier den bergensbaserte artisten Live Rabo Lund-Roland til NRK. Ho vil gjerne bli kalla Rabo.

For snart eit år sidan reiste Rabo og fleire andre unge artistar til ein låtskrivarcamp på Balestrand hotell ved Sognefjorden.

Ein musikkleir i regi av manageren hennar, Mats Austgulen.

Der var også representantar for til dømes Netflix og Disney. Og det var til slutt Disney som vann Rabo sin gunst.

– Veldig stas

– Det var veldig god match mellom meg og representantane deira, da. Vi blei gode venner, og dei likte arbeidet mitt, fortel artisten.

Ho blei invitert til Los Angeles eit par månader seinare der dei fekk jobba litt meir saman.

No er Rabo den første utanfor Nord-Amerika som skal skrive songar for underhaldningsgiganten.

– No sit eg her med ein avtale med Disney som er heilt fantastisk, seier Rabo.

No er ho i studio for å skrive låtar som Disney kan bruke i alt frå filmar, seriar og reklamar.

– Det er veldig stas fordi det er sjølvaste Disney, og eg har hatt eit forhold til Disney frå eg var veldig liten.

Låtskrivarcamp i Balestrand

Heile gjengen som var samla til låtskrivarcamp i Balestrand i mai i fjor.

Foto: Privat

Nordmenn langt framme

Norske låtskrivarar har markert seg meir og meir internasjonalt dei siste åra.

I ein ny rapport frå analyseselskapet Luminate kjem det fram at blant dei 1000 mest strøyma hitlåtane i verda, så er norske låtskrivarar på ein 7. plass.

Det er foran blant anna Danmark, Finland, men bak Sverige.

Willy Martinsen er kommunikasjonsdirektør i Tono. Han gler seg stort over at Rabo og andre norske no markerer seg ute i verda.

– Dette er verkeleg ein vekstbransje innan norsk musikknæring, seier han.

Låtskrivarcampar har blitt ganske stort i Noreg. Mange som er viktige også internasjonalt.

Låtskrivarcamp i Balestrand

Full konsentrasjon om arbeidet på låtskrivarcampen i Balestrand.

Foto: Privat

– Masse talent

Theodor «Teddy» Kvikne var vertskap for låtskrivarcampen i Balestrand.

– Eg trur det er veldig viktig. Noreg er eit lite land, men vi har masse talent her, seier Kvikne.

For Rabo er Disney-avtalen ein draum.

– Eg ser framleis på Disney-filmar og eg er veldig glad i musikalar, seier Rabo.

No ventar nye utfordringar for Rabo.

– Det er jo eit stort selskap og inneber store moglegheiter for meg, seier låtskrivaren.

Sjå serien om gjenen på Balestrand hotell.

Publisert 17.02.2025, kl. 19.27

Read Entire Article