– Det gjeld å forstå djupna i trauma

1 month ago 12


Det er i dag eitt år sidan Hamas angreip Israel og drap 1100 menneske i løpet av eitt døgn.

Det blei starten på den dødelegaste krigen på Gazastripa nokosinne. Over 41.000 palestinarar har blitt drepne, og den humanitære situasjonen er heilt prekær. Dei sivile lidingane er enorme.

I Israel kjempar folk for å få heim gislane som framleis er på Gazastripa, som i dag har vore i fangenskap i 365 dagar.

Samstundes sit det tusenvis av palestinske fangar i israelske fengsel utan dom, som Hamas ønsker å bytte gislane mot. Men Israel har enno ikkje gått med på ein avtale.

i bakgrunnen er bilete og bamser. i forgrunnen er det to personer som held hender.

I Tel Aviv er folk ute i gatene for å minnest dei døde i dag.

Foto: Jack Guez / AFP

Offentlege bygg i Israel flaggar i dag på halv stong. På minuttet klokka 6.29 i dag tidleg blei flagga heiste og ei sirene gjekk av. Dette er tidspunktet Hamas iverksette angrepet 7. oktober i fjor.

Uavhengig av kva ein meiner om krigen som har utspelt seg i ettertid, meiner utanriksminister Espen Barth Eide at det er viktig å ta innover seg det traumet som israelarar ber på.

– Det gjeld å forstå djupna i traumet som blei skapt.

– Angrepet heldt på i timevis i eit av verdas mest sikkerheit­sorienterte land, seier han.

Utenriksminister Espen Barth Eide på ettårsdagen for terrorangrepet i Israel 7. oktober

Utanriksminister Espen Barth Eide meiner det er viktig å ta innover seg det traumet som israelarane ber på.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Israel skulle vere ei trygg hamn

På grunn av jødeforfølginga i Europa og ideen om at alle bør ha ein nasjonalstat, blei det bestemt at verdas jødar skulle få sitt eige land.

Israel blei oppretta i 1948. Målet var å vere ei trygg hamn for det jødiske folket.

Det israelske forsvaret (IDF) blei oppretta kort tid etter, og blir sett på som avgjerande for landets sikkerheit, men også som ein nasjonsbyggande institusjon.

Det historiske Palestina blei peika på som eit passande område på grunn av religiøse band til området. Palestinarane og nabolanda gjorde opprør, og ein krig braut ut mellom den nyoppretta staten og dei arabiske naboane.

Oversiktebilete av Tempelhøyden.

Tempelhøgda i Jerusalem er ein heilag stad både for muslimar og jødar.

Foto: Ammar Awad / Reuters

Palestinarane kallar krigen for al-Nakba, katastrofen. Israel kallar dei han for frigjeringskrigen.

Krigen sikra Israels eksistens, men 750.000 palestinarar mista heimane sine.

Raskt kom hundretusenvis av jødar til den nyoppretta staten gjennom såkalla aaliyah, altså jødisk innvandring til Israel. Her skulle dei bli beskytta mot alle moglege eksterne truslar.

– Og så får ein dette samanbrotet der sikkerheitstenesta verken plukkar opp angrepet, eller greidde å respondere på timevis, seier Eide.

Israel klarte ikkje reagere raskt nok

Angrepet 7. oktober er det dødelegaste angrepet mot jødar sidan Holocaust. Dei fleste israelarar kjenner nokon som blei ramma av angrepet.

251 blei tatt med som gissel til Gazastripa. 101 av dei skal framleis vere der, og israelske styresmakter trur at om lag 60 av dei framleis kan vere i live.

I eit publisert dokument kalla «Vårt narrativ» gir Hamas fleire grunnar til kvifor dei gjekk til angrep.

Ein mann framfor ei stridsvogn. Bak han er gjerdet opna.

Minst tusen sivile og militære palestinarar braut seg ut av Israel og Egypts gjerde rundt Gazastripa 7. oktober.

Foto: Hatem Ali / AP

Dei grunngir mellom anna angrepet med at «Israel har knust vår evne til å lage ein palestinsk stat», undertrykkinga av palestinarar og den israelske okkupasjonen av palestinske område, som er ulovleg etter folkeretten.

I same dokument hevda dei at dei ikkje ville ramme sivile. Likevel gjekk dei til angrep på ein musikkfestival og minst 20 israelske landsbyar.

Det var ikkje først dagen etter at Det israelske forsvaret kunne melde at dei hadde fått tilbake kontrollen over dei israelske landsbyane.

Det israelske forsvaret (IDF) har sjølv innrømt at dei ikkje klarte å reagere raskt nok og godt nok på angrepet, i første del av ein rapport som dei arbeider med.

Eide meiner at den manglande responsen er ein viktig del av traumet som israelarar ber på i dag, i tillegg til sjølve angrepet. Han viser til formålet med å opprette Israel som stat, nettopp at jødar skal kjenne seg trygge.

kvinner held hender i ein ring rundt ei fontene med bilete av døde folk.

Kvinner held hender rundt ein minnestad for israelarar som blei drepne under terrorangrepet 7. oktober.

Foto: Jack Guez / AFP

– Tilbake til steinalderen

Hamas skal ha planlagd angrepet i månadsvis, og greidde å omgå Israels etterretning mellom anna ved å ikkje kommunisere digitalt.

– Kommunikasjonsmessig gjekk dei tilbake til steinalderen, seier Midtausten-forskar og Hamas-ekspert Eirik Skare ved Universitetet i Oslo.

Skare kallar det for ei av dei verste etterretningssviktane i moderne historie, nettopp fordi planlegginga skjedde på Gazastripa, i «Israels eigen bakgard».

demonstrasjoner

Kvar veke demonstrerer titusenvis i gatene i Israel mot si eiga regjering, og deira manglande evne til å redde gislane ut frå Gazastripa.

Foto: Jack Guez / AFP

Han trur at Israel ikkje fanga opp planlegginga av to grunner.

– Det kom delvis som følge av ein arroganse, og at ein feilvurderte Hamas sine ambisjonar, seier Skare.

IDF-talsperson Daniel Hagari seier at rapporten, der Israel undersøker sin eigen respons på angrepet, er starten på ein lang prosess der dei skal prøve å bygge opp att tilliten i landet.

Publisert 07.10.2024, kl. 11.41 Oppdatert 07.10.2024, kl. 11.47

Read Entire Article