Frida Sulistiono (24) viser fram eitt av sine favorittplagg.
Innanfor moteverda er 24-åringen oppteken av dei store motehusa og det konseptuelle.
– Det er ofte der dei fleste hentar inspirasjonen sin frå. Alt er jo eigentleg henta frå runwayen, seier Sulistiono.
– Motevekene er jo nesten som ein spådom på kva klesstilen vil vere i framtida, legg ho til.
Det er ofte motemagasin som spreier bilete og informasjon frå dei mange motevekene i rundt om i verda – deriblant amerikanske Vogue.
– Eg trur veldig mange ser på Vogue som det største og sjukaste. Det er veldig mykje respekt over det magasinet, seier Sulistiono.
No har amerikanske Vogue fått ein ny sjef – Chloe Malle.
Sulistiono er spent på kva retning motemagasinet vil ta.
Sulistiono håpar Vogue vil våge å utfordre marknaden.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRK– Eg trur det er avgrensa kor mykje som kjem til å endre seg, men det blir interessant å sjå. Kanskje Malle får større kreativ fridom til å faktisk gjere ting og overraske.
Sjølv håpar 24-åringen på at Vogue vil våge å utfordre marknaden.
Det gjennom å satse på det konseptuelle og inspirasjon, framfor det salbare.
– Det er viktig å sleppe nye inn, og sjå potensialet i ein ny generasjon.
Klesdesignar og stylist Frida Sulistiono kler opp ein modell.
Foto: Rebekka OlsenEin ny æra i moteverda
Det blei nyleg kjent at Chloe Malle (39) blir Anna Wintour (75) sin arvtakar.
39-åringen kapra den prestisjefylte jobben som sjefredaktør etter at Wintour hadde styrt motemagasinet i heile 37 år sidan 1988.
Som sjefredaktør får Malle ansvaret for å leie den kreative og redaksjonelle retninga til magasinet.
Chloe Malle tar over som sjefredaktør for Anna Wintour.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB– Det er forventa at ho har styr på heile innhaldsuniverset frå print til nett og sosiale medium, men også det meir kommersielle.
Det opplyser moteredaktør i KK Ida Elise Eide Einarsdóttir til NRK.
– Ho skal altså både sørge for innhald på tvers av plattformer samt sikre nye inntektsstraumen i ein digitalisert og svært pressa mediebransje, forklarar Eide Einarsdóttir.
Ida Elise Eide Einarsdóttir er moteredaktør i KK.
Foto: Polina Vinogradova / Polina VinogradovaEide Einarsdóttir skildrar motemagasinet som «motebibelen», på bakgrunn av magasinet sin opparbeida posisjon.
– Vogue er ein av verda sine største og mest toneangivande merkevarer. Med det sagt har nok magasinet mista noko av sin relevans utan at det nødvendigvis gjer dei mindre viktige av den grunn.
– Men det gjeld altså å halde seg aktuelle, og det blir Malle si aller viktigaste oppgåve. Ho tar over ein tung arv, og det er store sko å fylle etter Anna Wintour, legg Eide Einarsdóttir til.
Ida Elise Eide Einarsdóttir meiner at Chloe Malle har «store sko å fylle».
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRKDette er den nye sjefredaktøren
Malle har vore tilsett i Vogue sidan 2011.
Den siste tida har ho jobba som redaktør for Vogue.com og vore medvert for podkasten «The Run-Through».
Wintour omtalar kollegaen som motemagasinet sitt «hemmelege våpen».
Det var under Malle si leiing at trafikken på magasinet sine nettsider dobla seg.
– Mote og media utviklar seg i eit forrykande tempo, og eg er så begeistra – og overvelda – over å få vere ein del av det, seier Malle til Vogue.
Første Vogue-magasinet med Anna Wintour som sjefredaktør i 1988. Den israelske modellen Michaela Bercu i ei Christian Lacroix jakke og Guess jeans. Biletet blei fotografert av Peter Lindbergh og stylisten var Carlyne Cerf de Dudzeele.
Foto: FaksimileWintour var nøye i arbeidet med å finne ein arvtakar. Ifølge Wintour hadde ho berre «éin sjanse til å gjere det riktig».
Den tidlegare Vogue-sjefen roser Malle sine ferdigheiter, og framhevar hennar «originale tenking og harde arbeid».
– Chloe har fleire gongar vist at ho klarer å finne balansen mellom den lange, særprega historia til American Vogue og magasinet si framtid i frontlina av det nye, seier Wintour til Vogue.
Sjølv om Wintour no trer av som sjefredaktør, vil ho framleis vere synleg i motemagasinet i ei leiarrolle og som mentor for Malle.
– Ho vil halde fram som Condé Nast-sjef og med det Malle sin overordnande. Det er med andre ord ho som vil ha det siste ordet – i alt, forklarar Eide Einarsdóttir.
– Men det vil skje endringar. Heilt klart. Både når det kjem til innhald og leiarstil, legg moteredaktøren til.
Ida Elise Eide Einarsdóttir har tru på at Malle vil fornye Vogue.
Foto: ANGELA WEISS / AFP / NTBIda Elise Eide Einarsdóttir peikar på endringar som færre trykte utgåver av magasinet, samt å gjere dei meir eksklusive og verdig å samle på.
Malle vil ha eit større fokus på digitalt innhald.
– Nisje det til, rett og slett.
Moteuviten nepo baby
Men ikkje alle er positive til den nye Vogue-sjefen.
– Mange var einige om at det var på tide med eit skifte no. Tilsettinga er derimot ikkje utan kontrovers, seier moteredaktøren.
Chloe Malle er nemleg dottera til regissør Louis Malle og skodespelar Candice Bergen.
Malle på den raude løparen saman med mor Candice Bergen.
Foto: Jon Kopaloff / AFP / NTB– Malle har fått nepo baby-kritikk. Andre har påpeikt at ho kanskje manglar den motefaglege tyngda som er forventa av ein Vogue-redaktør, seier Eide Einarsdóttir til NRK.
– Hennar tilnærming er meir journalistisk. Det trur eg for så vidt ikkje er så dumt for å ta Vogue vidare inn i framtida.
Også klesdesignar Frida Sulistiono er kjent med kritikken av Malle.
– Eg synest det er bra at ein som er utdanna og erfaren som redaktør får stillinga. Samtidig er eg kritisk til at ho ikkje er så interessert i mote, seier 24-åringen.
– Eg trur vi må vere litt tolmodig. Det må ikkje vere hennar personlege estetikk som skal fram. Ho må forstå biletet, legg ho til.
– Det er alltid bra med litt endring.
Foto: Regine Engelina Hatvik / NRKFrida Sulistiono er klar på at Malle ikkje har ei enkel oppgåve framfor seg.
– Eg trur mange respekterer Anna Wintour så høgt, at ein kan bli litt bestemt på at alt nytt er dårlegare.
– Det er alltid bra med litt endring og å få eit nytt blikk. Du kan vere oppdatert, men vil aldri forstå deg på den nye generasjonen.
Hei!
Takk for at du las saka!
Har du tankar om det du har lese, eller innspel til kva eg bør skrive om neste gong?
Send meg gjerne ein e-post – både om stort og smått!
Publisert 09.09.2025, kl. 15.51