Russisk gass har strøyma til EU-land via Ukraina heilt sidan krigen starta i 2022.
Dette er det no slutt på, stadfesta begge landa onsdag morgon.
Det russiske gasselskapet Gazprom skriv på Telegram at dei stengde av gassforsyninga til Europa via Ukraina rett over klokka 6 norsk tid.
Ukrainas energiminister, Herman Halushschenko, skriv at det var Ukraina som stengde av leidningane som går gjennom landet:
– Vi har stoppa passasjen for russisk gass. Dette er ei historisk hending, skriv han, og legg til at Europa allereie har bestemt seg for å kutte ut gass frå Russland.
Russland har forsynt Europa med gass via Ukraina sidan Sovjetunionen blei oppløyst 1991. Begge landa har tent på ordninga.
Det ukrainske selskapet Naftogaz og russiske Gazprom underteikna i 2019 ein femårig transittavtale, men etter at Russland invaderte Ukraina, har samarbeidet vore konfliktfylt.
I fjor gjorde Ukraina det klart at dei ikkje ville fornye avtalen. Idet 2024 blei til 2025, var det slutt på ordninga.
Med det går Ukraina glipp av inntekter på rundt 1 milliard euro i året, og Russland rundt 5 milliardar euro i året.
Mindre konsekvensar enn før
Dette markerer også slutten på billig russisk gass til Europa.
– Det blir mogleg å få gass frå andre kjelder, men det vil koste meir, seier seniorforskar Arild Moe ved Fridtjov Nansens institutt.
Grunnen til at Ukraina ikkje har brote avtalen tidlegare, trass Russlands krigføring, er at fleire europeiske land har vore avhengige av at dei overheldt sin del av avtalen.
Men sidan fullskalainvasjonen i 2022 har EU jobba for å gjere seg stadig mindre avhengig av russisk energi.
Då EU sanksjonerte Russland for invasjonen, var Russland raskt ute med å bruke «gassvåpenet» – dei stansa all eksport via Tyskland og Polen i september 2022.
Det resulterte i ein eksplosjon i gassprisar, og ein kald og dyr vinter for mange europearar.
Prisstiginga blir langt frå like dramatisk denne gongen, trur Moe.
– Russisk gass utgjer ein mindre del av marknaden no enn før. Dei fleste land har allereie bevegd seg vekk frå Russland som leverandør, seier han.
Ifølge Europakommisjonen, har russisk gass gått frå å utgjere 40 prosent av europeisk gassimport før krigen, til under 10 prosent i 2023.
– Europas gassystem er motstandsdyktig og fleksibelt, med kapasitet til å handtere stansen i forsyninga frå Russland, seier kommisjonen i ei utsegn.
Vil straffe Ukraina
Men ikkje alle europeiske land har førebudd seg på endringa.
Eitt av dei er Slovakia, som no vil tape inntekter på to frontar.
– Russisk gass utgjer ein veldig stor del av gasskonsumet deira. I tillegg har Slovakia tent pengar på å pumpe gass gjennom landet og vidare vestover, særleg til Austerrike, seier Moe.
Austerrike har god nok økonomi til å finne andre alternativ, men det kan Slovakia slite med.
Slovakias statsminister Robert Fico har gjentatte gongar åtvara om at slutten på avtalen mellom Ukraina og Russland kan koste Slovakia «hundrevis av millionar av euro».
– Stansen i gassforsyninga vil ha ein drastisk påverknad på alle oss i EU, men ikkje på Russland, skriv statsministeren, som saman med Ungarns Viktor Orban er blant Europas mest Putin-venlege statsleiarar.
No truar han med å stenge straumeksporten til Ukraina som straff.
– Eg trur ikkje dei kjem til å gjere det, seier Ukrainas energiminister i eit intervju med Politico, og legg til at det ville vore «stikk i strid med EU-reglementet».
Moldova vil slite enno meir, trur Moe.
– Dei har ikkje så mange andre forsyningsalternativ, og bruker russisk gass for å gi elektrisitet til heile landet.
Dei kan ta imot gass frå Russland via Balkan, men Russland har ikkje villa sende gass den vegen.
– Det er eit politisk spel for å presse Moldova meir mot Russland og lenger frå Vesten. Ei energiforsyningskrise midt på vinteren kan svekke tilliten til dei provestlege myndigheitene, seier Moe.
Publisert 01.01.2025, kl. 21.04