I Noreg har vi to skriftspråk: Nynorsk og bokmål. Og Språklova skal sikre at statlege organ brukar minst 25 prosent av begge.
Men det er tydelegvis ikkje så enkelt.
No har Språkrådet hatt tilsyn med bruken av bokmål og nynorsk i 2024. Og dei er ikkje veldig imponerte.
– Bokmål og nynorsk skal synest her i landet, også frå staten. Dette tyder på at departementa ikkje har ein plan for året for kva som skal skrivast på bokmål og nynorsk, seier seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet.
– Det som er gledeleg er at vi held fram med ein forsiktig oppgang for mange underliggande verksemder som har stor publikumskontakt, men det er likevel nedslåande at departementa ikkje klarer å få på plass rutinar, seier Margrethe Kvarenes som er seksjonssjef for språk i skole og offentleg forvaltning.
Foto: Moment StudioKulturdepartementet med svært lav nynorskdel
For departementa svingar nynorskproduksjonen frå år til år. Medan Energidepartementet held fram med ei god utvikling, er det andre som gjer det dårleg.
Klima- og miljødepartementet har gått frå 62 prosent til 10 prosent samla nynorskdel, og Kultur- og likestillingsdepartementet frå 22 prosent til 5 prosent.
Ironisk nok er Språkrådet underlagt Kulturdepartementet.
– Dette er ikkje godt nok. Vi skal vere språklege førebilete for forvaltninga og samfunnet elles, derfor er det slett ikkje bra når vi ikkje klarer å etterleve lova vi sjølve forvaltar, seier Trude Storheim, statssekretær ved kultur- og likestillingsdepartementet.
Statssekretær Trude Storheim seier nynorskdelen til departementet ikkje er god nok.
Foto: Ilja C. HendelHo vektlegg at resultata viser kor viktig det er å setje seg tydelege mål og å ha ein plan for å følge desse opp.
– Dette har vi ikkje lykkast med i Kultur- og likestillingsdepartementet denne gongen. Nynorsk og bokmål er likestilte språk i forvaltninga og gjennom bruken av nynorsk støttar vi opp om statusen, utviklinga og held språket levande.
Samtidig vil ho nytte høvet til å rose andre departement i som hadde ein god nynorskprosent i 2024.
Meiner det skuldast mangel på rutinar
– Det har vore ein liten, men jamn oppgang i fleire år, men for departementa samla sett så ser vi at dei skreiv mindre nynorsk i 2024 enn i 2023, seier seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet.
– Veit de kvifor det er ein nedgang?
– Det er litt interessant, for vi ser at det er ikkje dei same departementa frå år til år som ligg høgt eller lågt på lista. Det er nokre departement som har falle ganske betydeleg. Så dette svingar, og det tyder jo på mangel på rutinar.
Sjølv om det på enkelte område går oppover, så er likevel den samla nynorskdelen for alle departementa i gjennomsnitt 22 prosent. Den har gått ned frå 25 prosent i 2023.
Departementa samla klarte derfor ikkje lovkravet i 2024.
Kvarenes seier dei ser at det er personavhengig, og at der ein har ein statsråd eller ei leiing som bruker nynorsk, så bruker departementet også meir nynorsk.
Ho meiner departementa må ha ein publikasjonsplan for året for nynorsken på nett, og på sosiale medium må dei ha rutine for å publisere annankvar post på bokmål og nynorsk.
– Det handlar berre om vilje
– Det er jo ikkje bra i det heile tatt. Staten skal bruke både bokmål og nynorsk slik at innbyggjarane får møte begge språka i kvardagen sin. Så her må departementa skjerpe seg, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Han meiner det handlar om eit leiaransvar frå departementsråden.
– Å sørge for at krava i språklova er godt kjende i organisasjonen. At det er kompetanse i organet til å skrive både bokmål og nynorsk. Og til å motivere alle tilsette til å gjere ein innsats.
– Det er jo ikkje bra i det heile tatt. Så her må departementa skjerpe seg. Språkkrava er der for ein grunn, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Foto: Tuva Åserud / NRKNoregs Mållag har lenge meint at det bør vere sanksjonar for brot på mållova, og Hauge trur det hadde hjelpt.
– Det ville fått ei heilt anna tilnærming i språkarbeidet i departementa om dei mista løyvingar, og måtte betale ulike former for bøter for å ikkje nå krava.
– Mi oppfordring er at lova ligg heilt klokkeklar. Då må dei følge lova. Det er ikkje vanskeleg å følge ho. Det handlar berre om vilje.
Margrethe Kvarenes i Språkrådet har ei klar oppfordring.
– Det må jo bli å ta seg kraftig i nakken da. Få på plass gode rutinar, og ikkje la det vere personavhengig om ein oppfyller lovkrava eller ikkje.
Og om du er ein av dei som ikkje er så begeistra for nynorsk, bør du lese denne saka:
Publisert 16.05.2025, kl. 11.01