HADDE REIST I MORGON: Yesse San Miguel (36) sparar pengar til å flytte til Colombia. – Eg trur eg finn ein betre heim der, for meg og sonen min, seier ho til NRK.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKMange amerikanarar undersøker korleis dei kan flytte til utlandet. Helst før Donald Trump rekk å bli president.
– Når folk fantaserer om USA, får dei USA til å verke som ein fri stad. New York, moglegheitenes land. California, moglegheitenes land.
– Nei, det er dei ikkje.
NRK er på besøk i ei lita studioleilegheit, hos åleinemora Yesse San Miguel.
På fanget har ho sonen Wyatt på åtte månader. Han kastar seg att og fram som på ein gyngehest.
San Miguel og sonen et og søv i same rom. I tillegg har ho heimekontor frå stolen dei sit i.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK– Då eg hadde han i magen, sat eg mykje i den gyngestolen der. Eg trur rørsla gjer at han føler seg trygg, fortel mora.
Det er kort veg heim til foreldra hennar i landsbyen Betlehem, den som ligg i Pennsylvania. Men San Miguel har fått nok av heile USA.
Ho vil til landet der mora er statsborgar: Colombia, og byen Medellín.
– Eg seier ikkje at andre land er betre, for det veit eg ikkje. Eg har ikkje vore i mange, seier ho.
Men ho har vore i mora sin heimby.
Ho likar at vêret er tropisk, at folka er kreative og «edgy». Ho meiner å vite kvar det er trygt, og kvar det er farleg.
– Dersom eg akkurat no fekk 50.000 dollar i handa, hadde eg reist kvar som helst i morgon.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK
Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK
Mange undersøker utreise
Eit solid fleirtal amerikanarar som stemte ved valet, meiner at Donald Trump vil gjere liva deira betre.
Hos dei som stemte på utfordraren Kamala Harris, er saka ei anna.
Klokka 20 på valdagen, då eit Trump-comeback såg sannsynleg ut, seier Google Trends at det skjedde ei firedobling av folk som søkte: «Korleis kan ein flytte til Canada?»
På Facebookgrupper til støtte for demokratane var det mange som søkte støtte morgonen etter valet. «Korleis kunne dette skje,» spør ei kvinne i Harris for Pennsylvania. Ei anna: «Korleis snakkar eg med barnet mitt om dette?»
Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFPDå sigeren var eit faktum, fekk ei nettside som hjelper amerikanarar med å flytte ut av landet over 30.000 nye besøkande på berre nokre timar.
Framleis er trafikken på nettsida, Expatsi, fem gongar det som er vanleg, skriv talsperson Brett Andrews i ein e-post til NRK.
– Mange folk i USA er livredde for ein ny presidentperiode med Trump, seier han.
– Eit aukande tal amerikanarar vil forlate landet, men har lite aning om kvar dei kan reise hen.
Ein femårsplan
Tilbake i «småbygd-Pennsylvania» har vesle Wyatt byrja å knirke.
Mora tek han med inn på kjøkenet for å varme ei flaske mjølkeerstatning.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK
Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK
Vatnet i springen er så hardt at det lagar kalkringar i kjøkenvasken.
Sidan Wyatt blei fødd har San Miguel vaska opp og laga mat med flaskevatn.
– Har du eit tidspunkt der du vil ha forlate USA, spør vi.
– Før han startar på skulen. Då er han fem år gammal, og no er han åtte månader.
– Det er potensielt ein heil presidentperiode, det. Fire år.
– Det Trump kjem til å gjere med dette landet, blir ikkje fiksa i presidentperioden etter han. Det skal eit par fleire til.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK
Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK
San Miguel seier ho blir skremd av korleis Trump sine tilhengarar snakkar. «Som om dei er i ein kult», seier ho.
– Eg føler at Trump kjem til å sende dette landet inn i ein ny borgarkrig. Det er slik det kjenst allereie.
– For meg representerer Trump alle dei negative tinga med USA. Det grådige, det maktsjuke, det elitistiske, det kvite privilegiet.
Avhengig av matsentralen
Planen om utreise har ho eigentleg hatt sidan første gongen han blei president. Då gjekk det ikkje. Ho hadde ikkje råd.
Når rekningane er betalte, må ho i dag til matsentralen for at ho og Wyatt skal få nok å ete. Høgare prisar har gjort alt verre, seier ho.
I år har ho likevel meir håp enn sist. Jobben har lova ein vesentleg bonus snart, seier ho. Mesteparten går til eit utreisefond.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK
Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK
– Eg tenker på det heile tida. Eg vil ikkje at sonen min skal vekse opp i eit samfunn der kvinner ikkje har rettar, og ikkje er likestilte.
Ho løftar opp Wyatt. Det vesle mennesket dinglar med armane og smiler. Så bit han henne i armen, og augneblikket er over.
– Han kjem til å bli ein god mann. Det kjem til å ta tid, og han må lære korleis.
– Men han kjem til å vekse inn i det.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK
Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK
– Fryktar for tryggleiken og livsstilen min
Det er ikkje berre ute i dei amerikanske distrikta at minoritetssamfunn kjenner på frykt.
I Washington DC møter vi John Gann, som også er demokrat. Han bur i ei eittromsleilegheit saman med ektemannen og hunden, i sentrum av byen.
– Som ein homofil mann, som ein jødisk mann, liberal, fryktar eg for tryggleiken og livsstilen min, seier Gann.
Gann seier at han hadde venta at ein figur som Trump ville bli president ein gong. Men han trudde ikkje det ville skje i hans levetid.
Foto: Håvard Blekastad Almås / NRKI dagane etter presidentvalet har han laga 3D-modellar for å distrahere seg frå det som skjer.
– Det republikanske partiet vil avskaffe homofile sine rettar. Ekteskapet mitt blir annullert. Dei andre verna som gjer at eg kan leve fritt vil bli tekne bort.
– Trur du at han faktisk kjem til å gjere det?
– Ja, eg trur det.
Han er fødd og oppvaksen i DC. Dei har jobbar her, eldre foreldre, ting dei har plikta seg til. Men no vurderer dei å flytte.
Dersom dei flyttar, blir det for å starte eit nytt liv på lang sikt, fortel Gann. Noreg står ikkje på ønskelista. Det blir for kaldt og mørkt.
Foto: Håvard Blekastad Almås / NRK– Vi har tulla om det før, og kika på moglegheiter. Men no vurderer eg alvorleg å finne ein stad å kome meg til, anten permanent enn som ei midlertidig flukt.
Kvar har dei ikkje bestemt seg for enno.
– Israel var førstevalet vårt, men konflikten der er det sikkert ikkje ein god idé. Portugal er høgt på lista, sidan det er ganske lett å få visum.
Men aller først skal Trump få ein sjanse.
– Eg gir han seks månader.
Publisert 11.11.2024, kl. 22.28