– Den første natta laga dei ikkje ein god nok leir, så då fraus dei heilt ekstremt. Då måtte dei tenke og samarbeide om kva dei kunne gjere neste natt for ikkje å fryse like mykje.
Det seier Bjarne Slot Christiansen, mentaltrenar for FC Midtjylland, til NRK.
Christiansen har vore tilsett i klubben i 15 år. Før det var han mentaltrenar for det tidlegare storlaget, Team Saxo-Bank, i sykkel.
– Må ha ein felles kultur
Tidlegare denne veka var den danske klubben på lagbyggingstur i den norske villmarka, på Hovden i Agder.
Christiansen har hatt god suksess med liknande prosjekt tidlegare. På 2000-talet vann Team Saxo-Bank Tour de France. Same år tok Christiansen med storlaget til Hovden.
I 2015 tok Christiansen med seg FC Midtjylland ut i norsk natur for første gong. Seinare det året enda klubben opp med å vinne sitt første danske meisterskap.
KONTRASTAR: Det er stor forskjell på fleire døgn i den norske villmarka, og toppoppgjer ute i Europa. Spelarane og trenarane til FC Midtjylland får oppleve begge delar innanfor berre nokre veker.
Foto: BS Christiansen / FC MidtjyllandMålet med turen er at ei gruppe med mange ulike nasjonalitetar og kulturar skal kome tettare saman og skape ein felles kultur.
– Det er noko vi gjer fordi vi veit at om vi skal få 19 ulike nasjonar til å samarbeide i vår stab og tropp, så må vi ha ein felles kultur.
– Det er rett og slett noko vi veit at vi må gjere for å få skapt relasjonane før vi skal ut og spele viktige kampar, seier Christiansen.
Torsdag neste veke møter danskane det spanske laget Real Sociedad i omspelet i Europaligaen.
Hjelp frå oberst Lauritzen
For å få tak i utstyr og personell som kunne bidra på turen tok Christiansen kontakt med ein gammal kjenning. Frå tida i sykkelmiljøet blei dansken kjent med Dag Otto Lauritzen.
GAMMAL KJENNING: Dag Otto Lauritzen er tidlegare fallskjermjeger og proffsyklist. Han lånte gledeleg bort litt tur-utstyr til ein gammal venn.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Vi har kjent kvarandre lenge. I mange år. «BS» er jo mentaltrenar, og har vore det i mange år. Vi blei kjente da han var mentaltrenar for det danske laget til Bjarne Riis, Saxo-Bank, seier Lauritzen.
Dei to knytte kontakt med kvarandre fordi begge har bakgrunn som fallskjermjegerar.
Lauritzen bidrog med mykje av utstyret danskane nytta seg av.
– Eg hjelpte til med litt utstyr som vi bruker til innspelinga av Kompani Lauritzen. Dei fekk låne kamuflasjedrakter, pulkar og ski. Vi skal i gang med innspeling av ny sesong no snart, så då passa det fint at «BS» og gjengen kunne få låne det, no som vi ikkje brukar det.
– Ikkje den dårlegaste på ski
Jonas Lössl, Midtjyllands danske målvakt, fortel at han synest turar som dette fungerer bra.
– Eg elskar teambygging. Eg kjenner meg privilegert som får slike opplevingar. Eg er veldig glad for at vi har ein person som «BS» som tar oss med på ting som dette her, seier burvaktaren til NRK.
36-åringen er ein erfaren spelar, og kan vise til blant anna 71 kampar i Premier League for Huddersfield og Everton.
FORNØGD: Lössl fortel at det var givande å sjå lagkameratane i ein annan samanheng enn han er vand med. Han trur den felles referansen ein får til noko ein har gjort saman er veldig god.
Foto: BS Christiansen / FC MidtjyllandSkiferdigehetene har derimot ikkje blitt halde like godt ved like undervegs i den innhaldsrike fotballkarrieren.
– Eg var på ein skitur med skolen ein gong for 21 år sidan. Men det eg kan seie er at eg i alle fall ikkje var den dårlegaste på ski av vi som var med på turen no. Det var med mange som ikkje ein gong har sett snø før, seier han.
– Kva syntest du om den norske naturen?
– Den er heilt magisk. De har definitivt noko som vi ikkje kan skryte av her nede i Danmark. Etter at eg kom heim, har eg snakka om kor fint de har det der oppe til kona mi.
Tre døgn i villmarka
Det var med totalt 40 personar på den vesle ekspedisjonen på Hovden i Noreg. Det var då inkludert alt frå hovudtrenarar og fysiske trenarar, til spelarar.
Christiansen meiner det er viktig at alle deltar når dei først tar slike grep for å styrke kulturen i gruppa.
UFORSTÅELEG: BS Christiansen slit med å forstå kvifor ikkje fleire gjer liknande ting for å styrke samhaldet i ei gruppe som skal prestere saman.
Foto: BS Christiansen / FC Midtjylland– Når ein ung spelar frå Chile, som kostar oss fleire hundre millionar, ser hovudtrenaren gå på trynet på ski, får han ein langt større respekt for han når han fortel han kva han skal gjere i ein kamp. Så alle var med der ute.
Klubben var tre døgn ute i norsk natur.
– Det var tre harde døgn. Formålet mitt var sjølvsagt å utvikle dei. Men det er også viktig for meg at dei ikkje kjem til skade. Vi har viktige kampar framfor oss.
– Skjønte fort at det ikke hadde så mye med toppidrett å gjøre 01:02
Publisert 07.02.2025, kl. 06.36 Oppdatert 07.02.2025, kl. 06.37