Målet er at 97,7 prosent av toga som ikkje er planlagt innstilte, skal gå.
I 2023 var det snaue 94 prosent.
– Det er sjølvsagt for dårleg, og eit stykke unna målet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
NRK har fått ei oversikt frå Bane Nor med tal på
- innstillingar frå 2019 til og med november 2024 for fire togstrekningar.
- avsporingar sidan 2014 på alle norske jernbanestrekningar.
Dei siste seks åra har det vore til saman 10 246 innstillingar på Dovrebanen, Sørlandsbanen, Nordlandsbanen og Bergensbanen.
Dette gjeld både planlagde og ikkje planlagde innstillingar.
Dei siste elleve åra har det vore 48 togavsporingar i Noreg. 22 av dei skjedde dei siste seks åra.
Verst på Dovrebanen
Ein stor del av innstillingane skuldast planlagt vedlikehaldsarbeid eller arbeid med å fornye eller bygge ut jernbanen.
Elles skuldast innstillingar til dømes feil på køyretøy, uønskte hendingar, ekstreme vêrforhold, mangel på personell, og «planføresetnadar ikkje oppfylt».
Sørlandsbanen er jernbanestrekninga som hadde flest innstillingar totalt i perioden, medan Dovrebanen hadde flest ikkje-planlagde innstillingar:
- Dovrebanen: 2733 innstillingar, der 2098 ikkje var planlagde.
- Sørlandsbanen: 4818 innstillingar, der 919 ikkje var planlagde.
- Nordlandsbanen: 1442 innstillingar, der 785 ikkje var planlagde.
- Bergensbanen: 1253 innstillingar, der 492 ikkje var planlagde.
Vêret er problem
Hovudårsaka til at Dovrebanen har flest innstillingar er at Randklev bru i Ringebu kollapsa under ekstremvêret «Hans» i august 2023.
Dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen førte til at eit av brufundamenta velta, og dermed hamna to av bruelementa i elva.
Ei rekke tog var difor innstilte mellom august 2023 og mai 2024. Brua blei opna igjen i mai 2024.
Ser ein berre på 2024, er det framleis Dovrebanen som kjem verst ut når det gjeld innstillingar:
- Dovrebanen: 976 innstillingar, der 904 ikkje var planlagde.
- Nordlandsbanen: 529 innstillingar, der 332 ikkje var planlagde.
- Sørlandsbanen: 785 innstillingar, der 237 ikkje var planlagde.
- Bergensbanen: 224 innstillingar, der 105 ikkje var planlagde.
Klimaendringar
– Me ser at klimaet endrar seg, med meir regn og snø, skriv presseansvarleg Anne Kirkhusmo i Bane Nor til NRK.
– Før årets vintersesong har me difor førebudd oss ekstra godt på ekstreme vinterdagar. Me har blant anna kjøpt inn fleire nye kraftige brøytemaskiner, i tillegg til dei me har frå før. Me dimensjonerer også mykje større når det gjeld drenering, og lagar større grøfter og stikkrenner som kan ta unna store mengder regn.
På alle dei fire strekningane er det mange innstillingar som skuldast ytre forhold, som ekstreme vêrforhold:
Bergensbanen hadde også problem med vêret i 2024, der 28 av 224 innstillingar skuldast ekstreme vêrforhold.
– Januar og februar 2024 hadde fleire dagar med meir snø enn normalt og sterk vind på heile Austlandet og deler av Sør-Vestlandet. Dette påverka diverre driftsstabiliteten, seier Kirkhusmo.
Stolar du på at toget går?
Avsporing er problem
I 2024 har strekninga Hønefoss-Bergen grovt rekna vore stengd cirka 13 gonger på til saman 23 døgn grunna akutte hendingar.
– Det har også vore uvanleg mange akutte stengingar, der to av dei største var avsporingar med godstog på Arna stasjon i påska som gav store konsekvensar for trafikken i fleire dagar etterpå, seier Kirkhusmo.
Planlagt arbeid har ført til cirka 8 brot over 21 døgn.
– Nokre av desse har vore daglege tidsperiodar over ei tid, eller strekninga det har vore arbeida på har endra seg gjennom anleggsperioden, seier Kirkhusmo.
Deler av stengingane på Bergensbanen skuldast planlagt arbeid i samband med det nye dobbeltsporet Bergen-Arna.
Men det er ikkje einaste grunnen.
– Det har også vore uvanleg mange akutte stengingar, der to av dei største var avsporingar med godstog som gav store konsekvensar for trafikken i fleire dagar etterpå, seier Kirkhusmo.
Blant dei totalt 48 avsporingane i 2014-2024 var det 34 godstog, 12 persontog og 2 som gjaldt skift.
Bane Nor opplyser at Statens havarikommisjon undersøker avsporinga ved Arna stasjon, og Bane Nor si interne undersøking- og analyseeining undersøker avsporinga på Urdland på Voss.
På Sørlandsbanen har planlagt oppgradering av straumforsyning og kontaktleidningsanlegg medført daglege stengingar med innstillingar på to til fire tog.
– I tillegg har også Sørlandsbanen hatt ei avsporing med store trafikale konsekvensar over ein lang periode, seier Kirkhusmo.
Ministeren: – For dårleg
Regjeringa ønskjer å få opp driftsstabiliteten og løyve meir pengar til å ta vare på og fornye jernbaneinfrastrukturen.
– Det er fleire ting som påverkar her, men summa summarum er vi ikkje nøgde, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
– Er problemet vedlikehaldsetterslep og forfall, eller at jernbanen ikkje er bygd for notidas ekstremvêr?
– Begge delar, for så vidt. Jernbaneinfrastrukturen vår er ganske nedsliten, særleg på Austlandet der trafikken er størst. Og den gamle jernbaneinfrastrukturen er ikkje spesielt godt tilrettelagd for å handtere meir flaum, skred og ras.
– Er ein føreseieleg jernbane ein del av den kritiske infrastrukturen i dette ulendte landet?
– Det er heilt rett. Nettopp derfor har vi ambisiøse mål for å redusere forseinkingar og innstillingar. Planlagde avbrot er eit godt teikn på fornying og utbetring som gir større driftsstabilitet etterpå, seier Nygård.
Veit du noko meir om denne saka? Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg veldig gjerne ein e-post. Har du tips?
Publisert 18.12.2024, kl. 10.58