– Eg blir rett og slett drit hakke forbanna, seier Lars Egil Sæter i Sunndal Jeger- og Fiskeforening.
Han er ein av mange som har lagt ned mange dugnadstimar i elva, og ser lengtande utover elvebreidda. Draumen er ein dag å kunne stå her med fiskestonga igjen i friskmeldt elv.
Dei er i sluttspurten i ein mange år lang prosess for å bli kvitt parasittane som drep fisken. Derfor blei elva heilt stengd for fiske etter at 2024-sesongen var over.
Likevel er åtte personar tatt for tjuvfiske så langt i år. Det er ein aktivitet som kan få enorme konsekvensar for arbeidet som er gjort.
– Alle dei millionane som er lagt i dette her, at det kanskje skal gå til helvete, det er gjer meg fortvila. Viss det kjem nokon med utstyr som er infisert, då må vi kanskje starte på nytt igjen. Det er jo heilt forkasteleg, seier ein tydeleg engasjert Sæter.
Skilt om fiskeforbodet er hengt opp mange plassar langs elva.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKEin kamp mot parasitten
Sidan tidleg 1800-talet har folk kome frå heile verda for å fiske i Driva. Men dei siste 50 åra har lakseparasitten kjend som gyro, vore eit problem.
For ti år sidan vart det bygd ei fiskesperre til 60 millionar kroner i Driva. Eit omfattande arbeid har vore gjort for å bevare dei unike fiskestammane, men likevel måtte elva nyleg klorbehandlast for å bli kvitt den frykta parasitten.
Til saman er 200 millionar kroner brukt på prosjektet berre i Driva-regionen. Det er berre Driva og Drammenselva som framleis har gyro i Noreg.
– Laksen og sjøauren i elva er sårbar, og bestandane er på eit kritisk lågt nivå, opplyser lokal koordinator for gyroprosjektet, Inger Helene Hagen Sira.
Driva er ei populær lakseelv som renn gjennom kommunane Sunndal og Oppdal.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKOle Petter Løvsletten er nestleiar i Driva Elveeierlag. Han ser veldig alvorleg på tjuvfisket.
– Det har dei siste åra blitt brukt store ressursar, mykje pengar og vore lagt ned eit vanvitig arbeid i å få bukt med gyroparasitten. No er elva inne i ein reetableringsfase der laksestammen skal byggast opp igjen, seier Løvsletten.
Ole Petter Løvsletten og Erik Forbregd Henriksen i Driva Elveeierlag.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKÅtte tatt på fersken
Elveeigarlaget og jeger- og fiskeforeininga samarbeider om å gjere oppsyn langs Driva. Så langt har dei tatt åtte tjuvfiskarar, og det før det rutinemessige oppsynet starta 1. juni.
Det er ingen enkel jobb å passe på, og ressursane strekk ikkje alltid til. Driva er 130 kilometer lang, og har ein krevjande topografi.
– Det er vanskeleg for oss i fiskeoppsynet å vere til stades til ei kvar tid. Det føregår heilt sikkert masse fiske som vi ikkje får tips om, og som vi ikkje oppdagar, seier Erik Forbregd Henriksen i Driva Elveeierlag.
Erik Forbregd Henriksen i elveeigarlaget synest det er utfordrande å vakte den lange elva.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKHenriksen har sjølv vore med på å ta tjuvfiskarar på fersk gjerning. Han fortel at dei fleste er utlendingar, blant anna transportsjåførar som stoppar langs vegen.
– Det er blant anna trailersjåførar som er på tur gjennom Sunndalen og ønsker å skaffe seg ein middag. Og så har du i tillegg tilfelle med lokale som bryt fiskeforbodet med vitande og vilje, seier han.
Det er ulikt korleis dei reagerer når dei blir oppdaga.
– De fleste reagerer med forståing og at de ikkje veit om fiskeforbodet. Men så har du òg situasjonar kor folk blir provoserte.
1. juni skal dei ulike aktørane ha eit møte om korleis dei handterer utfordringa gjennom sommaren.
Risikerer bot på 18.000
Dei som bryt fiskeforbodet risikerer ei bot på 18.000 kroner.
Olav Bråten er politistasjonssjef i Sunndal.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKPolitistasjonssjef i Sunndal, Olav Bråten, ber folk om å vere snare med å tipse politiet om dei ser mistenkeleg aktivitet langs elva. Men han legg til at politiet er avhengige av gode opplysningar for å kunne gjere noko.
– Vi er avhengige av at dei blir kjende igjen, og at vi har namn på dei før dei kan bli eventuelt straffa for forholdet, seier Bråten.
For Lars Egil Sæter og resten av dei som kjempar for elva, handlar det om å berge framtida til Driva.
– Eg går og ventar på at vi skal få ei god elv igjen, og får dra ut og fiske, avsluttar Sæter.
Lars Egil Sæther saknar å kunne fiske i elva.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKPublisert 01.06.2026, kl. 15.07 Oppdatert 01.06.2026, kl. 15.09





















English (US)