Brann på Stord - personar er evakuerte

3 hours ago 4


Naudetatane blei varsla klokka 02.15 om brannen.

– Det er ikkje mykje synlege flammar lenger, men mykje røyk, seier Yngve Møller, som er vaktleiar i 110 sørvest.

Brannen er i eit bustadfelt.

Han opplyser om at det var ein bil i garasjen som var overtent.

Kontroll på personar

Politiet opplyser rundt klokka 02.40 at huset som er knytt til garasja er evakuert.

Brannvesenet held fram med sløkkingsarbeidet.

– Vi oppfordrar folk i området til å lukke vindauge til røyken minkar, seier han.

Publisert 06.02.2025, kl. 02.42 Oppdatert 06.02.2025, kl. 02.59

Read Entire Article