Som 43-åring er Cecilia Brækhus i ferd med å skrive det siste kapittelet som markerer slutten på ein fantastisk boksekarriere.
Det skjer under oppgjeret mot slovenske Ema Kozin 4. oktober i Lillestrøm.
«The First Lady» har vore ein pioner og føregangsfigur for å få proffboksing på norsk jord. Mange reiser og treningsopphald i USA har gitt henne eit mildt sagt oppsiktsvekkande nettverk.
Det inkluderer fleire såkalla a-kjendisar frå Hollywood.
Uheldig Berry-besøk
Den norske boksestjerna har tidlegare valt seg Santa Monica i California som base under oppkøyringa til viktige kampar. Her har ho blitt venner med blant anna Halle Berry.
– Eg svømte intervall i svømmebassenget til Halle Berry før den siste kampen min (siger mot Maricela Cornejo i august, 2024). Vi har blitt gode venner. Så køyrde vi så hardt da, at eg måtte opp og spy i rosebuskane hennar. Det er jo ei litt morosam historie at eg har gjort det, seier ho og ler.
RINGSIDE: Ved fleire høve har Halle Berry sete ringside når Cecilia Brækhus har gått kampar i Las Vegas. Kan ho bli freista til å ta turen til Nova Spektrum i Lillestrøm?
Foto: John Locher, AP / Cornelius Poppe, NTBHollywood-stjerna har fleire gonger vore til stades når Brækhus har vore i aksjon i Las Vegas. Duoen har begge hatt Peter Lee Thomas som trenar, og har blitt nære venner.
– Får du Halle Berry til Nova Spektrum i Lillestrøm?
– Ja, du skal ikkje sjå bort frå det. Vi har fleire namn på gjestelista, så det kan dukke opp nokre verdsstjerner der, freistar ho.
Skil seg ut frå Johaug og Bjørgen
NRKs bokseekspert Anders Werner Øfsti blir ikkje overraska når han høyrer historiene frå Hollywood.
– Noko av kontaktnettet hennar har ho nok bygd opp frå tida ho var i stallen til tyske Sauerland. Der var ho i same stall som Vladimir og Vitalij Klitsjko. Det har nok også bidratt til å opne nokre dører, seier Øfsti og snakkar om dei to tidlegare tungvektmeistrane frå Ukraina.
Det han likevel meiner er mest imponerande når det gjeld Brækhus og karrieren hennar, er at ho i langt større grad enn andre idrettsutøvarar, har vore nøydd til å gjere mykje av grovarbeidet i karrieren på eiga hand.
– Det var ho aleine som fekk opna opp for proffboksing i Noreg, så der har ho vore heilt avgjerande. Ho er ei føregangskvinne i boksing og ein stor idrettsutøvar. Om du samanliknar med for eksempel Therese Johaug eller Marit Bjørgen, så har dei hatt eit gigantisk apparat rundt seg.
– Cecilia Brækhus har gjort dette sjølv. Ho har styrt karrieren sin heilt på eiga hand, og har vore veldig opptatt av å ha full kontroll. Det er mykje folk som skal loppe deg for pengar i denne bransjen, men Cecilia har vore klar på at det ho som går i ringen, og som tar risikoen, og skal få betalt deretter, påpeikar han.
Munnhoggeri på scena
Framfor hennar siste dans i ringen er det 26 år gamle Kozin som står i vegen for hanskane hennar.
Ho sit på belta i WBC og WBO super weltervekt. Halvparten av kampane hennar er vunne på knockout.
– Det blir tøft, men det er akkurat slik eg vil ha det. Det var derfor eg valde denne kampen. Det viktigaste for meg er å ha æra i behald. Da må eg ha ein motivert, svolten ungløve som står på den andre sida i ringhjørnet, og som har to belte, seier Brækhus om den slovenske utfordraren sin.
KRUT FRÅ PODIET: Ertan Sein, manageren til Ema Kozin, fyrte laus i retning av Team Brækhus, og fekk svar trenaren til den norske boksestjerna.
Foto: Cornelius Poppe / NTBDa dei to duellantane blei presenterte i Oslo denne veka, var det tydelege gnissingar.
– Eg er litt irritert for eigentleg skulle vi bokse i Las Vegas. Kampen skulle visast på The Zone, så det var stort. Det hadde vore eit internasjonalt publikum og mykje prestisje. Det hadde vore fantastisk å vinne dei to belta i Vegas, seier Brækhus.
I staden meiner ho Kozin har unngått å forsvare belta sine:
– Da eg var verdsmeister, gjorde eg det 30 gonger med suksess. Det er ikkje berre eg som er irritert på henne. Det er mange boksarar som har prøvd å få henne opp av sofaen og ut i ringen, fortel ho.
Skrudde opp temperaturen
Kozin fortel til NRK at ho eigentleg var innstilt på å møte den 43 år gamle Brækhus med respekt. Det endra seg undervegs i seansen.
– Ho skrudde opp temperaturen, og eg gav ho svar på tiltale. Eg hadde planlagt å vere meir respektfull mot ho, men om ho ikkje viser meg respekt, kan ikkje eg vise det tilbake heller, sa Kozin.
LAR SEG IKKJE SKREMME: Teamet rundt Ema Kozin er fast bestemt på at Cecilia Brækhus skal kapitulere på heimebane den 4. oktober. Til venstre for Ema står manager Ertan Sein.
Foto: Jørgen Oskar Figenschou / NRKHo hadde likevel ingen problem med å seie nokre gode ord om utfordraren til dei to titlane.
– Ho har hatt ein fantastisk karriere. Ho er ei legende i kvinneleg boksing. Det er ei ære å vere hennar siste kamp. Ho var ein av rollemodellane mine da eg begynte, fortel Kozin.
Mykje å vere stolt av
Brækhus har gått 41 profesjonelle kampar i ringen, og står med 38 sigrar, 2 tap og éin uavgjord. Ni er avgjorde på knockout.
Øfsti seier følgande om styrkeforholdet:
– Det er ikkje den sterkaste motstandaren, men det spørst jo og tida er i ferd med å ta igjen Cecilia eller ikkje.
– Cecilia legg ned jobben heile tida. Noko av det som har gjort henne så god, er at ho er 100 prosent førebudd kvar gong, seier han.
Brækhus seier at det ikkje var aktuelt å avslutte med nokon showkamp. I staden har ho ein lang og innhaldsrik karriere å sjå tilbake på:
– Det var ein veldig stor augeblink å vere den første kvinna som boksa på HBO. Å sjå meg sjølv på billboards utover heile Los Angeles, var ei kjempemorosam oppleving. Vi har sparka ned mange dører.
– Men det kan eg reflektere rundt etterpå, etter at eg er ferdig med Kozin, varslar ho.
Publisert 19.08.2025, kl. 21.11