Boikottar amerikanske varer og tenester: – Det er ikkje veldig lett

3 hours ago 2


Det er det språket dei skjønnar. Det at det går utover økonomien deira, seier Håkon Meidel Andersen.

Han er ein av fleire som ønsker å boikotte varer og tenester frå USA.

Han har starta ei av gruppene på Facebook for dei som ønsker å finne alternativ til amerikanske varer og tenester.

Den største av gruppene har fått over 3000 medlemar på under ei veke. I Danmark har over 55.000 meldt seg inn i tilsvarande grupper.

USA fører ein politikk som skader både menneske, miljø og internasjonal stabilitet, seier Andersen.

Så ved å boikotte amerikanske varer og tenester kan vi sende tydelege signal om at vi ikkje ønsker å støtte dette økonomisk.

HåkonMeidelAndersen

Håkon Meidel Andersen er ein av fleire som går inn for å finne andre alternativ til amerikanske varer og tenester.

Foto: Privat

– Det er ikkje veldig lett

I sosiale medium diskuterer dei som har lyst til å boikotte amerikanske produkt kva som kan vere gode alternativ.

Medan det er enkelt å ikkje gå på McDonalds eller Burger King er det ikkje like lett å finne alternativ i den digitale verda.

Det er ikkje veldig lett. Europa har vore veldig treige når det gjeld nettenester, seier Andersen.

Mange telefonar er laga av amerikanske Apple, og dei som ikkje er det køyrar gjerne på operativsystemet Android som er utvikla av amerikanske Google.

Slik er det også for e-post-tenester, datamaskiner, skylagring, søkemotorar, strøymetenester og mykje meir.

Men i dag er eg for eksempel i ferd med å opprette ein brukar på Mastodon som er eit motsvar til Facebook, fortel Andersen.

Boikottar du varer frå USA?

– Tenker ein skal vere veldig forsiktig

Professor i samfunnsøkonomi ved Universitet i Oslo, Karen Helene Ulltveit-Moe, meiner ein burde tenke seg nøye om før ein boikottar amerikanske varer og tenester.

Som eit lite land er vi veldig avhengig av eit regelbasert handelssystem for verdshandelen, seier professoren.

Så eg tenker ein skal vere veldig forsiktig med å eskalere, fortsett ho.

Tiltak som boikott som regel blir møtt med same mynt og gjer ofte at situasjonen eskalerer, seier Ulltveit-Moe.

Prisskilt fra Danmark med svart stjerne for Europeisk vare

I Danmark har butikkane i Salling Group begynt å markere europeiske varer med ein svart stjerne.

Foto: Salling Group

Ho peiker på at det uansett er vanskeleg å forme ein boikott på ein god måte fordi verdikjedene som leiar fram til ein vare eller teneste er globale.

Sjølv om USA er verdas største økonomi, fortel Ulltveit-Moe at Europa er ein langt viktigare handelspartnar for Noreg enn det USA er i dag.

– Av varene vi importerer kjem om lag berre 8 prosent av dei frå USA.

Talet for tenester vi kjøper frå USA er litt høgare, fortel Ulltveit-Moe.

– Trur ikkje det verkar

Også Karl Fredrik Tangen, samfunnsgeograf ved Høgskulen Kristiania, peiker på at verdikjedene er uoversiktlege og at dette gjer boikottar vanskelege.

Sjølv om ein kjøper ein bil frå for eksempel Kina, så har den gjerne delar frå USA.

Tangen fortel at han forstår godt at mange vil gjere noko med verdssituasjonen.

Eg synest det er forståeleg at folk prøver å gjere noko, men eg trur ikkje det verkar.

Iphone

Mange telefonar er full av amerikanske delar, operativsystem og appar.

Tangen peiker på at det skal mykje til før ein boikott har effekt.

Det eine er om dei kjem til å få gjennomslag? Kjem dei til å bli så mange at amerikansk eksport blir skaka?

Sjølv om ein boikott hadde blitt kraftig nok til at dei amerikanske selskapa hadde merka det på botnlinja, trur Tangen det er lite sannsynleg at det ville ha ført fram.

Han har meir tru på at det er politikk som former verda.

Det er ikkje forbrukarar som kvar for seg skal stå i butikken og gruble på kva ein skal kjøpe og ikkje. Det er avgjerder på heilt andre nivå.

Oppmodar til USA-boikott på amerikansk plattform

At det er på amerikanske Meta sitt nettsamfunn aktivistane har funnen saman har dessverre vore naudsynt, fortel Andersen.

Det er litt dobbeltmoralsk, men det er der ein når folk. Vi har i alle fall starta det der, så får vi sjå kor vi avsluttar det.

Han fortel at gruppa har vakse fort og at engasjementet er stort.

For å nå folk må man ut på dei sosiale medium der folk er. I dag er det Meta sine.

I gruppa er det fleire som diskuterer kva som burde bli boikotta.

Lista er lang over forskjellige produkt som blir foreslått. Men det som absolutt blir nemnt mest, det er Tesla, seier Andersen.

Måndag blei det klart at Tesla-salet fall kraftig i februar.

– Men vi oppmodar ikkje til å la det gå utover folk som har produkt frå USA og har kjøpt dei i god tru før ein galen mann tok over der borte.

Publisert 06.03.2025, kl. 18.55

Read Entire Article