Dei fire tiltalte i den mykje omtalte trefellingssaka, blir dømt til fengsel.
- Mann dømd til 1 år og ein månad i fengsel og tap av førarkort i to år.
- Mann dømd til 1 år og ein månad i fengsel og tap av førarkort i to år.
- Mann dømd til åtte månader i fengsel og tap av førarkort i to år.
- Mann dømd til 90 dagar i fengsel.
I tillegg må dei tre som har fått den lengste straffa og var knytt til trefellinga i mars betale 315 000 kr i erstatning.
– Vi må ha ein grundig gjennomgang av dommen før vi kan seie om vi godtek den eller vil anke, seier Ivar Eivind Hauge som er advokat for ein av dei som har fått strengast straff.
Paul-Inge Angelshaug som er advokat for den andre som har fått over eit år i fengsel, seier det er naturleg å overprøve dommen, sidan den svarar til det aktor bad om.
– Ein anke er i høgste grad sannsynleg, seier Angelshaug.
Dei fire kutta ned fleire tre over fleire ulike vegstrekningar i januar og mars i år.
På riksveg 5 mellom Førde og Florø seint på kvelden 23 mars, gjekk det gale.
Blir dømt til fengsel
I stummande mørke i 80- sona krasja to bilar i eitt av trea, og ein tredje bil hamna i grøfta.
Ingen av dei elleve involverte blei skadde, men fleire av dei fortalde i retten at dei var i sjokk.
Aktor Erling Melvær bad i retten om fengsel utan vilkår i 1 år og 1 månad for to av dei tiltalte.
Dette fekk han medhald i.
DRAMATISK: To bilar køyrde inn i tre som hadde blitt felt på riksveg 5 mellom Førde og Florø.
Han meiner dei var hovudmennene i «ein meiningslaus leik med andre sine liv og helse»
Dei to andre bad han om høvesvis 9 månader og 90 dagar i fengsel for, også det utan vilkår.
Også her fekk aktor medhald i stor grad.
Forsvararane og aktor seier saka er svært uvanleg og spesiell, og det finst få andre liknande saker i Noreg. Det nærmaste ein kjem er ei sak frå 1966 der to menn felte ned ein stolpe over ein veg.
Forsvarar Paul-Inge Angelshaug sa i prosedyren sin at dei tiltalte gjorde ein gutestrek», og at ingen av dei meinte å skade nokon.
Trefellingssaka i Sunnfjord var svært krevjande og nærmast unik. Det gjorde den til ei ekstra nøtt for både aktor, forsvararane og dommar. Her ser vi forsvararane: Til venstre: Paul- Inge Angelshaug, Bente Hermansen, Ivar Hauge og Ivar Blikra
Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK– Vi får kalle ein spade for ein spade: Det var reinspikka idioti.
Vill sjå om folk blei irriterte
– Vi kjeda oss og ville finne på noko, var svaret dei tiltalte kom med som forklaring på kvifor dei gjorde som dei gjorde.
Dei fortalde at dei ville sjå korleis folk reagerte når det plutseleg låg eit tre i vegbana.
Å irritere folk og hindre dei i kome seg på arbeid.
Eit av trea plasserte dei i ein sving, og eit anna tre drog dei lenger ut i vegbana slik at det skulle hindre bilane betre.
Køyretøya som krasja i trea, fekk store skader og måtte vrakast. Dei tiltalte måtte betale erstatning for skadane.
Foto: PolitietEit par gonger gøymde dei seg også for å sjå korleis folk reagerte, kom det fram i retten.
Mellom anna flirte og lo dei då ein entreprenør måtte rykke ut og fjerne eit av trea,
Men då saka gjekk i Sogn og Fjordane tingrett i slutten av november, var latter bytta ut med alvor.
Dumpa motorsaga
Dei fire sunnfjordingane i 20- åra sa det aldri var meininga å skade nokon.
Det var først då to bilar krasja inn i trea, at dei forstod alvoret, og dei høyrde skrik og gråt. Likevel stakk dei av frå staden utan å hjelpe, noko dei også stod tiltalte for i retten.
I retten forklarte dei tiltalte at dei fekk panikk.
Dei kvitta seg med motorsaga og arbeidskleda dei hadde brukt, og melde seg ikkje til politiet.
Politiet fekk inn tips etter trefellingssaka 23. mars. Det førte dei på sporet av nokre av dei tiltalte. Overvakingsbilete synte at dei kjøpte motorsagbensin same kveld på ein bensinstasjon. Også trafikkamera synte at dei var på staden der trea blei felte.
Foto: Astrid Iren Solheim / NRKI retten kom det fram at dei bytta på å halde vakt, lyse med lommelykt, samt hogge ned trea.
To av dei var med både i januar og i mars, medan dei to andre var med éin kveld kvar.
Publisert 11.12.2024, kl. 13.45 Oppdatert 11.12.2024, kl. 13.54