Blei lam etter fast food-besøk: - Slo meg som ein tsunami

1 month ago 11


– Etter at kjenslene mine og adrenalinet stilna, slo det meg som ein tsunami at eg aldri kan gå igjen, fortel Justin Phongsavanh (27) til NRK.

Amerikanaren hadde framtidsplanen klar. Han skulle utdanne seg for å bli elektrikar, få to barn, kone og hus. Han skulle leve den amerikanske draumen.

Men slik blei aldri livet til 27-åringen.

Skjønte alvoret umiddelbart

Ein sein oktober kveld i 2015 i staten Iowa i USA skulle Justin Phongsavanh, som då var 18 år gamal, og venen hans ein tur på McDonalds etter jobb.

På parkeringsplassen etter at dei to hadde kjøpt maten sin dukka det ein framand mann opp utanfor bilen hans. Phongsavanh fortel at personen var tydeleg forbanna og retta plutseleg ein pistol mot hovudet hans.

Han prøvde å roe ned mannen, men blei etter ein kort konfrontasjon skoten i armen.

Kula sette seg fast i ryggrada hans og han skjønte etter kort tid kva som hadde skjedd.

– Etter at eg blei skoten, visste eg umiddelbart at eg var lam. Den første reaksjonen som gjekk gjennom kroppen min var frykt.

Justin javelin wheelchare

TØFT: Vegen tilbake var lang og hard, ifølge Justin Phongsavanh.

Foto: Privat

– Eg kjende meg farleg

Livet til Phongsavanh blei snudd på hovudet. 18-åringen var plutseleg lam frå livet og ned.

Kvar livet skulle ta veg vidare var usikkert, og Phongsavanh hadde det tøft med den nye livsstilen.

Men fem månader seinare, kjende han trongen til å gjere noko. Med ein bakgrunn frå friidrettsverda ville Phongsavanh prøve å konkurrere igjen.

Eg kjeda meg når eg sat heime og bestemte meg for å kontakte den lokale adaptive sportsklubben min. Dei var kunnskapsrike og i stand til å få meg i gong på den paralympiske reisa mi.

Han hadde prøvd alt innanfor friidrett før hendinga utanom ei øving. Det skulle vise seg å bli noko han meistra svært godt.

I 2018 ønskte eg å bli spydspesialist. Det var den einaste sporten eg aldri visste korleis eg skulle gjere, og det var den største utfordringa for meg. Eg bestemte meg då for å spesialisere meg i spydkast.

Justin Phongsavanh

STROPPA FAST: Justin Phongsavanh konkurrerer i klassen F54 i spydkast, som er for sittande utøvarar.

Foto: privat

Og det tok ikkje lang tid før 27-åringen fekk sansen for greina.

Etter å ha sett spydet bli kasta, synst eg det såg sexy og farleg ut. Så etter at eg kasta, kjende eg meg farleg. Sidan har det vore meg og spydet.

Med verdsrekorden i lomma er han klar for å sette lista høgt igjen – og toppe tredjeplassen frå leikane i Tokyo i 2021.

Du kan følge dei paralympiske leikane frå onsdag 28. august til søndag 8. september på NRK1 og NRK Radio.

Målet er gull

Parautøvaren fortel at hendinga har gitt han eit større perspektiv for ting han tidlegare kanskje tok for gitt i livet.

Justin -insta

UTVKLING: Korleis det starta og kvar vi er no, skreiv Justin Phongsavanh på dette innlegget frå Instagram i 2020.

Foto: privat

– Det har gitt meg innsikt, større ansvarskjensle og evna til å konkurrere på dei paralympiske leikane og representere landet mitt på ei av dei største idrettsscenene i verda.

No er han klar for å gi alt for å ha gullmedaljen rundt halsen etter leikane i Paris.

Målet for Paris er ein gullmedalje og forhåpentleg rekord i dei paralympiske leikane, fordi eg er ein konkurrent og ikkje ein deltakar.

Phongsavanh deltar fredag 6. september i Paralympics på NRK1 og NRK Radio.

Full jubel da Ødegaard kommenterte babynyheten 00:50

Publisert 05.09.2024, kl. 20.13

Read Entire Article