Bjørn Arild Gram kan bli einaste Sp-mandat nord for Dovre

3 hours ago 3


– Me arbeider knallhardt for at dette ikkje blir valresultatet.

Det seier Bjørn Arild Gram (Sp). Han er den einaste representanten nord for Dovre med plass på Stortinget frå Senterpartiet, i ei supermåling NRK no presenterer.

Det er et mål for oss å ha sterk representasjon frå heile landet, sjølvsagt. Vi har meir å gå på.

Meningsmåling mai 2025 Hvordan ville Norge stemt?

Vis i tillegg

Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

29,4 %

+1,0

20,6 %

+0,3

18,4 %

−0,7

6,5 %

−0,6

5,5 %

+0,2

5,4 %

−0,1

4,0 %

0,0

3,5 %

+1,2

3,1 %

0,0

0,2 %

0,0

Partimåling fra Norstat for mai 2025 med 15 200 spurte. Viser endring fra tidligere måling i mai.

Mister veljarar i begge retningar

Sjølv om Sp mister veljarar til andre parti viser målinga eit klart raudgrønt fleirtal med 88 (Ap, SV, Sp og Raudt) mot 81 mandat (H, Frp, KrF, V, MDG).

Målinga viser også at Sp mister flest veljarar til Arbeidarpartiet og Høgre.

Medan Ap er det klart største partiet, tapar Høgre terreng i dei fleste valdistrikt.

Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere

Antall politikere per partiPartiAntall politikereEndringVenstresiden: 88Høyresiden: 81Andre partier: 0
102
12-1
546
10-18
2-1
2-1
7-1
32-4
4019
0-1

Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling mai 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2021.

I tillegg mister Sp også veljarar til Framstegspartiet og Raudt.

– Me hentar nok litt veljarar her og der, seier Sylvi Listhaug om at Frp er det største partiet på borgarleg side.

– Eg trur mange oppfattar at Frp er det beste alternativet til den sittande regjering, legg ho til.

Raudt leiar Marie Sneve Martinussen seier det raudgrøne fleirtalet er avhengig av eit sterkt Raudt.

– Vårt mål er å bli så stor og sterk at me ikkje er til å kome utanom. Då kan me bruke det til å få faktisk forandring, seier Martinussen.

Berre eitt mandat nord for Dovre

Om dagens måling blir valresultatet er Senterpartiet berre representert frå seks valdistrikt på Stortinget.

Senterpartiet får eit mandat frå følgande valdistrikt: Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal, Rogaland, Oppland, Hedmark og Østfold.

Frå resten av valdistrikta får ikkje Sp mandat på Stortinget ifølge meiningsmålinga.

Partiet mister 18 mandat og fleire profilerte Sp-politikarar mister plassen sin på Stortinget.

Blant dei er Emilie Enger Mehl frå Hedmark, Sandra Borch frå Troms og Erling Sande frå Sogn og Fjordane.

Senterpartiet er i dag representert i alle valdistrikt utanom Oslo. I den ferske supermålinga er partiet berre representert i seks valdistrikt.

Eg har ikkje mista motet. Eg er klar til kamp, eg er klar til å kjempe for Troms og eg er klar for å kjempe for Nord-Noreg.

Det seier Borch om at ho kan miste plassen sin på Stortinget og at dei nordlegaste fylka kan stå heilt utan representantar frå Sp på Stortinget.

Sandra Borch (Sp), i Vamdrehallen på
Stortinget.

Sandra Borch (Sp) seier ho og andre folkevalde har ein jobb å gjere for å fronte nordnorske saker.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Kven ønsker ein at skal representere sin landsdel i nord? Eg meiner at Sp er ei viktig stemme i dette valet og kjem til å utføre mykje distriktspolitikk framover, legg ho til.

I valdistriktet partileiar Trygve Slagsvold Vedum representerer, Hedmark, viser målinga at han mister over 14 prosentpoeng av veljarane frå sist val.

– Det er eit tungt utgangspunkt for valkampen.

Skuldar på mindre engasjement for distriktspolitikk

Vedum trekker fram uto rundt sentralisering både for å forklare eit godt val i 2021 òg dårleg oppslutnad på dagens meiningsmåling.

– Det har me stoppa og det er mykje meir ro rundt dei sakene no, seier Vedum.

Det same trekk tidlegare landbruks- og matminister Geir Pollestad fram som ei årsak til tilbakegangen.

For fire år sidan var det masse merksemd rundt distriktspolitikken. No har me gjort mange distriktspolitiske tiltak som gjer at engasjementet rundt dette er mindre no.

Både Vedum og Pollestad trekk mellom anna fram gratis ferje, nedskriving av studielån og billegare barnehage.

– Sånn sett kan ein seie at Senterpartiet er eit offer for sine eigne politiske gjennomslag, seier Pollestad

– Må brette opp ermane, reise kjerringa og vise kva me står for

Men trass i gjennomslag, meiner partileiaren det er mykje som står på spel og gjer seg klar for valkamp.

– Det er viktig at Sp får representantar frå heile landet viss ein ikkje skal få ei ny bølgje med sentralisering, seier Vedum.

Trygve Slagsvold Vedum står utenfor

Trygve Slagsvold Vedum seier Senterpartiet har ein jobb å gjere fram mot valet.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Han påpeiker at det berre er ei meiningsmåling og at ingen parti har fått ei faktisk stemme enno.

Eg har god tru på at me som lag skal gjere eit solid val til hausten, seier Vedum.

Og laget til Vedum seier at dei er klare til kamp, men at degt er ein jobb å gjere.

Og med 109 dagar igjen til valet, begynner det å haste for partiet.

– No må me brette opp ermane, reise kjerringa og vise kva me står for, seier Sandra Borch.

– Det blir ikkje noko ferie i år for å seie det sånn. Det blir valkamp døgnet rundt, legg ho til.

Publisert 22.05.2025, kl. 06.30

Read Entire Article