Sølvmedaljen frå Paralympics 2024 i Paris blir Birgit Skarsteins siste i medaljesamlinga.
1. januar annonserte roaren at ho legg opp.
Planen var i utgangspunktet å legge opp etter VM i Shanghai til sommaren, men på grunn av usemje om prinsipp med Roforbundet har trønderen landa på å gi seg nå.
– Det har vore ein prosess, fordi eg har hatt veldig lyst til å fortsette og føler at eg har meir å gi. Det hadde vore så heftig å klare å prestere i VM og ta medalje der, seier Skarstein til NRK.
Ho held fram:
– Samtidig har det blitt gjort endringar i Roforbundet på korleis ein tenker og jobbar, og ei endring på den strategiske retninga. Vi har hatt ein prosess for å sjå korleis han skal vere vidare, også ser eg at vi ikkje er heilt einige om prinsippa som skal ligge til grunn.
– Rive av plasteret
Skarstein har tidlegare gått hardt ut mot forbundet, seinast etter Paralympics i Paris.
Skarsteins trenarar reiste alle til OL i Paris, noko som førte til at 35-åringen trena med Australia – få veker før årets desidert største høgdepunkt for parautøvaren.
– Idretten er eit bilete på samfunnet, og korleis vi vel å organisere oss betyr noko. Paralympisk og olympisk idrett må vere sidestilt, meiner Skarstein.
35-åringen fortel at ho hadde lyst å fortsette satsinga, men at avgjerda om å gi seg har blitt fremskynda.
– Når eg ser at det går mot å legge opp, trur eg det også blir fint. Det kjennest som ei kjærleikssorg fordi det er ein så stor del av livet, og eg er så glad i idretten, seier Skarstein.
– Eg kjem til å sakne det veldig. Samtidig må ein av og til berre rive av plasteret og gå vidare. Eg er sikker på at det blir veldig bra.
I løpet av ro- og skikarrieren har Skarstein deltatt i seks OL, tolv VM, tre EM og i fleire verdscuprenn. 35-åringen står med meritter som eitt gull og eitt sølv i Paralympics, seks VM-gull og fire EM-gull.
Tokyo-gull: – heilt rått
Ho trekker fram leikane i Tokyo, som blei arrangerte i 2021, som det største høgdepunktet. Der tok Skarstein gull.
– Vi jobba i ti år for å få has på den gullmedaljen. Det var veldig krevjande forhold, fordi det var høg luftfukt, varmt og med korona som eit stort bakteppe. Men alt var så gjennomarbeida, og det er heilt rått at vi fekk det til. Eg er så stolt over måten vi gjorde det på, seier Skarstein.
Skarstein blei lam frå livet og ned i 2009, men har delvis kjensle i beinet. Ho er naturlegvis stolt over idrettskarrieren ho har opparbeidd seg.
– Da eg bestemte meg for å satse så tenkte folk at eg var galen. Dei meinte at det ikkje var moglegheiter, ikkje interesse og ikkje pengar. Det var ganske rett.
35-åringen har i mange år jobba for utvikling av teknikk og utstyr, både i pararoing og paralangrenn.
– Så har det handla mykje om å skape dei moglegheitene, interesse og faktisk jobbe med sponsorar steg for steg, seier 35-åringen.
Skarstein fortel at ho har jobba mykje deltid og periodevis heiltid for å kunne satse.
– Det handlar om å finne løysingar og sjå kva ein kan få til. Eg er utruleg takksam for å ha vore ein del av eit så sterkt lag som det rolandslaget har vore. Vi har verkeleg hevda oss mot store nasjonar.
Framtidsplanar
Sjølv om tida nå skal brukast på andre ting enn trening og konkurransar, blir det ikkje akkurat mindre travelt for 35-åringen.
Skarstein blir NRKs nye ekspert på parasendingane under VM i Trondheim, som arrangerast frå 26. februar til 9. mars.
Ho skal også jobbe med Kunstig Intelligens for Reitan Retail, og delta på fleire kurs utover våren. Blant anna eit på Harvard.
Skarstein har tidlegare studert statsvitskap ved Universitetet i Oslo.
– Det kjennest som å avslutte på topp, og eg gjer det òg. Eg er veldig takksam for å sjå at alle desse trådane blir knytte i lag. Eg håpar å ha vore med på å vise kor kult det er, seier trønderen.
Skarstein er nominert til «Årets parautøvar» og «Årets namn» under Idrettsgallaen. Den blir send på NRK 1 laurdag 4. januar klokka 19.
Trønderen fortel at ho kjem til å fortsette å jobbe med å engasjere seg for ein inkluderande fellesskap.
– Draumen min er ein idrett og eit samfunn der ingen treng å bli inkluderte fordi alle i utgangspunktet er med, seier Skarstein.
Publisert 01.01.2025, kl. 12.47