«Bestefartørkle» er populært igjen: – Ungdomen tek over

2 hours ago 4


I 150 år har slipset vore ein viktig del av vestleg herremote.

Men «ein kvelast jo!», seier folk. Så vi har sett det mindre og mindre. Derfor er ofte halsen naken hos mange menn i fine anledningar.

Heilt til ein gamal røvar dukka opp:

Ascoten. Krabaten. Silketørkleet. Kjært barn har mange namn.

Butikkar melder om ein markant auke dei siste par åra.

Slik som duoen bak denne relativt nye bedrifta:

Skjermbilde, Strandscot sin TikTok

Dei siste åra har det dukka opp fleire som vil selje elegante tørkle i halsen. «Strandscot» er ein av dei.

Skjermbilde, Strandscot sin TikTok

– Vi har sjølv brukt det frå ung alder og alltid fått mange komplimentar. Men dei få som selde ascots, hadde ganske høg pris, rundt 1000 kroner eller meir. Derfor ville vi starte noko sjølv. Det som overraska oss mest, var kor stort markedet var.

portrettbilder av to unge menn

Det skriv dei framleis unge gründerane bak Strandscot til NRK, Herman Wessel-Berg og Axel Dvergsdal frå Oslofjorden.

Skjermfoto TikTok/Strandscot

– Ein viss klasse

Men Truls Hanssen (18) frå Bodø er ikkje typisk tørkle-brukar. Han jobbar i oppdrettet.

Han har heller ikkje tørkle.

Det har derimot fleire av gutane i gjengen. No vurderer Truls sterkt å skaffe seg eit.

– Ærleg sak, eg var på sosiale medium og fekk det opp ... Så tenkte eg at eg måtte dra for å teste det. Og det var over all forventning.

– Korleis då?

– Eg hatar slips og sløyfe! Men dette sit som silke.

Ascot (kravat/silketørkle) har blitt populært blant unge menn. Hos O. Johanson i Bodø.

LITE, MEN EFFEKTIVT: Truls Hanssen prøver eit silketørkle for første gong. Han likar det. Men dei kostar frå 4–500 kroner til godt over tusen.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Truls brukar berre slips ved spesielle anledningar. Helst ikkje.

– Men kjem du til å bruke dette, då?

– Ja, det trur eg.

– Kva kjenner du når du ser i spegelen?

– Eleganse. Det er ein viss klasse over det.

Det er ikkje Truls aleine om å tenkje:

– Gammal rikmannsmote

Tørkleet er ikkje populært blant alle unge menn. Langt ifrå.

Klede har, og vil alltid vere, ein måte for oss å kommunisere tilhøyrsle, sosial status, kultur og identitet.

– Det er jo eigentleg gammal rikmannsmote.

Det seier Synne Skjulstad som er professor i design og kommunikasjon ved Høgskulen i Kristiania.

– Det som trendar i eitt miljø, er ikkje nødvendigvis populært i eit anna, seier professor Skjulstad.

tegning av forskjellige typer kravat/ascot/slips

LANG HISTORIE: Halspynt på menn har ei over 2000 lang historie. Frå terrakottasoldatane i Kina til kroatiske ryttersoldatar. Derav ordet «kravat».

Foto: Wikipedia/Nouveau Larousse Ilustré

Christian Ringnes: – Stas

Ein som har gjort dette vesle tøystykket til eit varemerke, er forretningsmannen og kunstsamlaren Christian Ringnes.

Kva synest han om trenden?

– Du, eg synest jo dette er skikkeleg gøy, for eg har gått med dette skjerfet heile livet. Det var jo populært då eg var ung, men at det no skal vere populært igjen, det er jo ganske stas.

– Kvifor trur du det er blitt populært igjen, då?

– Det ser bra ut. Og det er meir komfortabelt. Det er jo derfor eg går med det! Det er deileg og lunt i halsen.

Christian Ringnes foran et portrettmaleri han har av seg selv på kontoret.

TØRKLEKONGEN: Sjølv sver Christian Ringnes til eit enkelt tørkle i bomull med dobbel knute. Ascoten er fin, men meir komplisert å knyte. Då er det bra at det no finst dei du ikkje treng å knyte sjølv.

Foto: Javier Auris

– Før var dei rike, eldre menn. No er dei tenåringar!

Sjølv om du kanskje tenker på dette som eit kakse-fenomen frå hovudstaden, er det langt frå Barcode til Bodø.

Butikken Riccardo har seld elegante herreklede sidan slutten av 80-talet, og har merka trenden. Det seier dagleg leiar Kristian Baustad.

– Før var det eldre, rike menn som brukte det. Men no kjem det tenåringar og tidleg vaksne for å kjøpe silketørkle. Det er nytt for oss, ja.

– Korleis er det?

– Kjempeartig!

– Brukar du det?

– Ikkje då eg vaks opp, då hadde alle kalla meg Christian Ringnes, ler namnebroren.

  • En butikk som selger pent herretøy, en selger som viser frem ascot/silketørkler

    Kristian Baustad

    • Daglig leiar og medeiar av Riccardo herrebutikk i Bodø sentrum

Auka sal dei siste to åra

NRK har vore i kontakt med fleire fysiske- og nettbaserte butikkar over heile landet. Mange fortel om auka sal av dette tilbehøyret.

Det har, som gutane bak Strandscot sjølv påpeiker, vore ganske kostbart. Gjerne ein tusenlapp.

– Det kunne fort føre til at dette haldt fram som eit plagg for øvre middelklasse. Men vi vil at fleire skal bruke det, skriv Herman Wessel-Berg.

Ingen av seljarane vil dele salstal av omsyn til konkurranse, men skriv dette:

  • Ascot, silketørkle i halsen. Rød farge, tett på.

    Ascot.no

    Ascot.no

    Nettbutikk og ENK frå 2024:

    – Salet har gått veldig bra sidan starten. Mange av kundane er unge menn. Tidlegare var det nok mest eldre herremenn som brukte dette.

    – Vi så at silkeskjerf for menn, men også for kvinne, hadde blitt veldig populært, men den enda meir eksklusive ascoten var ikkje særlig kjent eller enkel å få tak i.

    Mikkel Killingmoe Christensen, ascot.no

  • Ferner Jacobsen

    Over 100 år gamal norsk, eksklusiv klesbutikk for begge kjønn:

    – Det har absolutt blitt meir populært. Spesielt blant dei unge, helt frå konfirmasjonsalder.

    Dei merka størst auking frå 2023 til 2024. Men:

    – Salet av slips aukar også etter fleire år med nedgang.

    Chris Nikolaisen, innkjøpar Ferner Jacobsen

  • Care of Carl

    Ein av Nordens største nettbutikkar for tidlaus og elegant herrestil:

    Dette er framleis ein relativt liten kategori hos dei, men:

    – Vi ser ein aukande etterspørsel dei siste åra, spesielt i anledningar kor ein skal pynte seg.

    Det same gjeld anna tilbehør som slips og klokker.

    Rasmus Motten Wernerby, merkevaresjef Care of Carl

  • Ascot (kravat/silketørkle) har blitt populært blant unge menn. Hos O. Johanson i Bodø.

    Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

    O. Johanson

    Noregs eldste klesbutikk frå 1871, sel kun herreklede:

    – Interessen har eksplodert. Kanskje spesielt etter serien Exit. Og fordi det no er fleire unge, norske gründerne som har starta forretningar.

    – Vi sel framleis mest slips, men ascoten har definitivt auka i popularitet.

    Johan Schjeldrup, O. Johanson i Bodø

  • to unge herrer

    Privat

    Strandscot

    Oppretta i 2024 av Herman Wessel-Berg og Axel Dvergsdal (20):

    – Vi byrja med små kolleksjonar, men det har vokst ganske raskt. Vi ønsker å bryte ned fordomane mange har mot ascots, at det kun er for øvre middelklasse.

    Dei brukar sosiale medier aktivt i si promotering.

Må ha vore ut for at det skal kome tilbake

– Det går gjerne 20 år mellom trendane.

Det seier professor Synne Skjulstad.

– For at noko skal bli in igjen, må det ha vore veldig ut.

  • Ei kvinne står i det som ser ut som et lyst bibliotek og ser nøytralt inn i kamera. Mørk blå genser, blondt hår, hånda på rekkverket.

    Synne Skjulstad

    • Professor i kommunikasjon og design
    • Høgskolen i Kristiania

Vi nemner i fleng: lågt liv, høgt liv, slengbukse, skinny jeans, tynne bryn, tjukke bryn, boblejakker, lange frakkar ...

Men det er ei god stund sidan ascoten, eller krabaten, var populær.

Skjulstad trur silketørkleet har blitt så populært også fordi det er enkelt å bruke.

– Lite innsats som gir stor effekt.

Kva synast du? 👔🎀

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Truls (18): – Ungdommen tek over

Tilbake på butikken i Bodø er Truls Hanssen i full gang med å teste forskjellige tørkle.

– Du seier mange i gjengen har begynt å bruke det. Kvifor det, trur du?

– Det er mote! Folk følger trendane. Mange ryk på.

– Skal du gå med det berre fordi det er trendy?

– Begge delar. Både mote og fordi det ser bra ut.

Ascot (kravat/silketørkle) har blitt populært blant unge menn. Hos O. Johanson i Bodø.

GANSKE FORNØGD: Truls Hanssen (18) får prøve ascots hos O. Johanson i Bodø. Dei, som alle andre butikkar NRK har vore i kontakt med, mekar ein auke før 17. mai, konfirmasjon, bryllaup og julebord.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

– Blir det ascot i halsen på 17. mai no?

– Ja, det blir fort det!

– Men det er ganske dyrt?

– Det er verdt det. Når noko er mote, blir det plutseleg ikkje så nøye.

– Er du moteslave?

– Nei ... Eigentleg ikkje.

– Men du går i pen skjorte no?

– Ja, det gjer eg fort.

– Har du tenkt på at du no kan gå rundt og sjå ut som ein rik bestefar? Alla Chistian Ringnes?

– Nei, ungdommen tek over. Til slutt har ikkje bestefedrane noko klede igjen dei kan gå med, hehe. Ringnes er jo framleis ung!

– Blir det ascot på deg i dag, då?

– Må kome tilbake når eg har fått lønning! Nei då. Må tenke litt. Men eg har funne nokre eg likar.

Publisert 01.05.2026, kl. 08.12

Read Entire Article