Den islandske kunststudenten Oddur Eysteinn Friðriksson i Bergen er dømd i The High Court of Justice i London, skriv BT.
Etter at det islandske fiskeriselskapet Samherji vart skulda for å bestikke tenestemenn i Namibia for å få lukrative fiskekvoter, laga Friðriksson kunstprosjektet «We're sorry».
Dette var ei falsk nettside og ei falsk pressemelding til 100 medier i 20 land, der det framstod som om selskapet sa unnskyld.
Samherji – eitt av Europas største fiskeri- og fiskeforedlingsselskap – saksøkte studenten med kunstnarnamnet Odee Fridriksson.
Retten konkluderte i føremiddag med at «bruken av domenenavnet har vore eit instrument for svindel, brot på opphavsrett og ondsinna usanningar».
Friðriksson er likevel ikkje dømd til økonomisk straff. Dommaren har førebels ikkje tatt stilling til om kunstmaterialet må slettast.
Publisert 14.11.2024, kl. 12.28 Oppdatert 14.11.2024, kl. 12.32